NewsTarget rapporterer at ny forsking har avdekt at ein betydeleg prosentdel av sokalla millennials og Generasjon Z, dei som er fødde frå og med 1980-talet til 2000-talet, ikkje har nokon som helst planar om å stifte familie. Grunnen til dette er alt frå karriereambisjonar til økonomi og miljøet. Dette kjem ikkje akkurat som ei bombe, med tanke på at eliten sitt mektige propagandaapparat, det medieindustrielle komplekset, i fleire tiår har åtvara mot overbefolkning og knappheit på ressursar. Ei heller har det gjort saka betre at det herskar stor uvisse rundt verdsøkonomien, politikk og ikkje minst trugslar om ei éiverdsregjering som vil ha monopol på når ein elles harmlaus sjukdom blir ein «pandemi». Eit tredje moment som kjem inn i reknestykket, er at fruktbarheita har vore i fritt fall i fleire tiår – det blir stadig vanskelegare for vestlege å i det heile teke få eigne barn. Dette har då skapt den perfekte stormen som er fullstendig i tråd med elitens agenda om å avfolke verda, primært den vestlege.
OnePoll utførde nyleg ei spørjeundersøking som involverte tusen britar mellom 18 og 34 år. Berre 55% av informantane i denne aldersgruppa har planar om å stifte familie. Ein fjerdedel av aldersgruppa har ingen som helst planar om å få barn, og ein femtedel sa at dei er usikre på om dei ønskjer å få barn i framtida. Meir enn halvparten av informantane sa at dei ikkje følte at det å få barn var naudsynt for å føle seg tilfredse med livet.
Når det gjeld dei spesifikke grunnane bak denne manglande interessa av å stifte familie, sa 49% at dei vil ha meir tid til å fokusere på seg sjølve. 47% sa at der låg finansielle vurderingar bak, medan 38% sa at frykta deira for verdas tilstand heldt dei tilbake, og 35% var bekymra for kva effekt det ville få på miljøet å få barn. Berre 28% sa at karriereambisjonar var grunnen til at dei ikkje ønskte å stifte familie.
Trass dette sa nesten tre fjerdedelar av informantane at dei følte seg pressa av samfunnet til å få barn, der 40% sa at presset kom frå familiemedlemmer, spesielt mødrene sine. Som ein representant frå OnePoll sa til media:
«I fleire generasjonar har det å få barn vore hovudtingen å gjere, men det verkar som om yngre menneske no vel å ikkje gjere dette meir og meir. Ikkje berre er økonomien meir pressa enn nokosinne, men unge vaksne blir meir merksame på effekten på samfunnet og miljøet. Men forventninga frå samfunnet er framleis der, og for folk flest, so fort dei hamnar i eit forhold, kan dei forvente at folk driv og spør dei om barn.»
Dei som faktisk har tenkt å få barn seier at dei ikkje ønskjer å få meir enn to, der økonomiske vurderingar er grunnen til at dei vel å ikkje få fleire. 43% bekymra seg for at dei ikkje var i stand til å gje merksemd til fleire barn, medan 27% sa at bekymringar over klimaeffekt og ressursforbruk heldt dei tilbake frå å få fleire barn.
Når dei vart spurde om kva som kunne motivere dei til å få barn, svarte 28% av unge vaksne at 30 timar i veka med statleg, gratis omsorg for yngre barn ville gjere det «noko» eller «mykje meir» sannsynleg at dei ville stifte familie.
Ei spørjeundersøking frå Deloitte som kom ut i vår avslørte at meir enn halvparten av menneske i denne aldersgruppa lever frå lønning til lønning, og 47% trur at det å stifte familie vil bli vanskelegare eller umogleg som eit resultat av dette.
OnePoll si spørjeundersøking avdekkjer etter mitt syn urovekkjande haldningar blant unge vaksne. Ikkje berre har fleire tiår med propaganda overtyda dei om at det ikkje er økonomisk og miljømessig berekraftig å få barn, eller at det å få barn fører til at dei må forsake sine «karriereambisjonar» (før den giftige feminismen kom på 1960-talet ville ei ung dame som sa at ho ikkje ville få barn, men heller jobbe, blitt sendt til evaluering på eit psykiatrisk sjukehus, om ikkje blitt beint fram ledd ut!) – men dei forventar at Staten skal ta seg av ungane.
Medan vestlege kvite no vegrar seg å få barn, har visse andre kulturar, til dømes frå Afrika og Midtausten (sokalla MENA-land), ingen slike sperrer mot å få enorme barnekull. Og interessant nok nemner NewsTarget-artikkelen avslutningsvis at Kina, som i årevis hadde ein streng eittbarnspolitikk, no har byrja å oppmuntre kinesarar til å bruke kunstig befruktning for å reversere nemnde politikk. Det kinesiske kommunistpartiet vurderer utruleg nok òg å gje single kvinner tilgang til både kunstig befruktning og barnetrygd. Kina utfører no meir enn ein million assisterte reproduksjonssyklusar per år. Til samanlikning utfører USA 370 000 medan Storbritannia berre utfører 70 000.
I fjor registrerte Kina sin fyrste nedgang i folketalet på 60 år, og talet er forventa å vere endå lågare i år. Fødselsraten er 6,77 per 1000, men dødsraten er 7,37. Til samanlikning er fødselsraten i USA på 12,023 per 1000. Nedgangen i folketalet i Kina skjedde «tilfeldigvis» like etter at mRNA-injeksjonane vart injiserte i tallause kinesarar, og streng «null-covid-politikk» førde til at folk vart sperra inne i høgblokkene sine og svelta i hel.
For å kome med ein avsluttande kommentar til spørjeundersøkinga frå OnePoll, kan det, slik eg ser det, sjå ut som om vestleg propaganda har ført til ikkje berre ei vegring blant unge å få barn, men òg ei forventning frå dei om at Staten skal ta seg av dei. Det at Staten går inn som omsorgseining og deler ut sjenerøse barnetrygdordningar, er berre éi av årsakene som har ført til at hordar av MENA-innvandrarar no nærast invaderer Vesten. Somme har mindre sperrer mot å utnytte eit slikt system enn andre, og det er slike som på sikt vil erstatte den opphavlege befolkninga.
