Kva skjer i Japan? Folketalet stupte med nesten 800 000 i 2022 – 1,4 millionar færre japanarar i 2022 enn i 2020!

Natural News rapporterer at ifølgje rapportar har alle 47 prefektur i Japan registrert eit fall i folketalet i 2022. Det totale folketalet i Japan stupte med nesten 800 000 same året. Og dette var berre i 2022; ifølgje Wikipedia budde det estimert 126 226 568 menneske i landet i 2020, medan det no bur 124 840 000 der. Altso har folketalet på to år gått ned med nesten 1,4 millionar innbyggjarar (1 386 568 for å vere nøyaktig). Den japanske statsministeren Fumio Kishida har kalla trenden ei «krise», og har lovt å gjere noko med situasjonen. Medan ein har mislykkast med å løyse folketalsnedgangen på nasjonalt nivå, har ein sett ein viss suksess i småbyar.

Natural News skriv (mi omsetjing):

«Data frå 26.juli avslørte at dødsfall i Japan nådde eit rekordhøgt nivå på meir enn 1,56 millionar medan der berre var 771 000 fødslar i 2022, som er fyrste gongen talet nyfødde har lege på under 800 000 sidan ein byrja å registrere slikt.»

Sjølv ein rekordhøg auke av innvandrarar på meir enn 10% til over 2,99 millionar, var ein ikkje i stad til å stoppe ein nedgang i det totale folketalet. Folketalet i Japan har falle 14 år på rad til sitt noverande folketal på litt under 125 millionar.

Statsminister Kishida har gått so langt som å seie at Japan er på randa av å ikkje kunne oppretthalde sine samfunnsfunksjonar. Den japanske befolkninga får ein stadig stor del av eldre, og meir enn halvparten av alle kommunar har blitt klassifiserte som avfolka distrikt, der skular stengjer. Satellittkanalar er hovudsakleg laga for eit eldre publikum, der ein ser reklamar for inkontinensbind, kosttilskot for å til dømes lindre stive ledd, og til og med gravferdsbyrå.

Sjølv den japanske mafiaen nærmar seg no pensjonsalder. Fleirtalet av sokalla yakuza er no over 50, og der er fleire gangsterar i 70-åra enn i 20-åra. Av openberre grunnar vil det vere vanskeleg for slike typar å få alderspensjon.

I eit temmeleg desperat forsøk på å få bukt med folketalsnedgangen, lanserte landet Byrå for barn og familiar 1.april (ingen aprilsnarr!), slik at eitt organ kunne ta seg av alle slike tema. I tillegg lovde den japanske regjeringa å fordoble pengebruken på barneomsorg og barnerelaterte velferdsytingar til fire prosent av brutto nasjonalprodukt – men subsidiar øyremerkte barneomsorg og utdanning har hatt liten effekt på fødselsraten i fortida.

Trass ein alarmerande nedgang i fødselsraten (og dermed folketalet), har minst 300 småbyar derimot oppnådd det motsette: ein betydeleg auke i fødselstalet, der ein har innført ein effektiv kombinasjon av sjenerøse utbetalingar og politikk som oppmuntrar til å produsere meir barnevennlege omgjevnader. Dei kommunane som tilbyr dei beste ordningane, opplever stor innflytting frå andre område av folk som allereie planlegg å stifte familie.

Eit døme på ein slik småby er Nagi i Okayama-prefekturet, som meir enn dobla fruktbarheitsraten sin frå 1,4 til 2,95, før dei gjekk noko ned til 2,68 i 2021. Dette talet er likevel meir enn det dobbelte av nasjonalgjennomsnittet på 1,3 (som er talet barn ei kvinne kan forvente å få i løpet av levetida). Det bur 5700 innbyggjarar i småbyen, som hovudsakleg livnærer seg av landbruk. Hushaldningar med tre barn er vanleg i Nagi, noko som er svært uvanleg i resten av Japan. Unge familiar får ei eingongsutbetaling på 100 000 yen (700 dollar eller vel 7166 norske kroner) for kvart barn som blir fødd. Innbyggjarane i Nagi røysta imot å slå seg saman med dei omkringliggjande byane i ei folkeavstemming i 2002, og tenestepersonar oppdaga at småbyen berre kunne overleve om dei kunne stabilisere og auke folketalet. Andre frynsegoder for barn inkluderer gratis helseomsorg til dei fyller 18, gratis skulebøker fram til dei er ferdige med obligatorisk skule ved 15 års alder, og subsidierte skulemåltid. Tenåringar som går på vidaregåande utanfor byen får til og med kraftig redusert pris på bussbillettar. Eit anna tiltak for å tiltrekkje seg unge familiar, er treromsbustader til ei månadsleige på berre 50 000 yen (eller 350 dollar / i underkant av 3600 kroner).

Det nylegaste estimatet frå regjeringa spår ein nedgang i folketalet frå dagens 125 millionar (?) til 87 millionar innan 2070. Snittfruktbarheitsraten for OECD-land ligg på 1,66 – og 2,1 er erstatningsraten som krevst for å unngå at folketalet minkar.

Taiwan ligg under Japan igjen, med 1,24 babyar per kvinne, medan det landet som har lågast rate i verda er Sør-Korea. Der føder kvar kvinne i snitt berre 0,78 barn.

Kommenter innlegget