Spedalskheit, som i dag vanlegvis blir kalla Hansens sjukdom, kjem frå bakterien Mycobacterium leprae, og har vore ein frykta sjukdom sidan oldtida. Fyrst i 1873 vart det av den norske legen Gerhard Henrik Armauer Hansen oppdaga at det var nemnde mikroorganisme som var årsaka til spedalskheit. I dag kan sjukdommen behandlast med antibiotika, men i gamle dagar vart den rekna som uhelbredeleg. I og med at spedalskheit går til åtak på spesielt hud og nervar, førde sjukdommen til at pasienten vart alvorleg vansira og miste kroppsdelar. Sjukdommen er framleis vanleg i den tredje verda, og dei fleste tilfelle blir oppdaga i India.
Difor kunne ikkje ein lege i Texas tru sine eigne auge då det viste seg at nokre ringforma utslett hjå ein mann i 20-åra viste seg å vere nettopp spedalskheit, som Natural News rapporterer. Mannen, som opphavleg kjem frå Samoa, ein øystat i det sørlege Stillehavet, flytta til Texas i 2019 og var sannsynlegvis allereie då berar av den bakterielle infeksjonen. Det som fekk mannen til å søkje legehjelp var ikkje berre dei mystiske, ringforma utsletta på brystet og buken, men òg ei nummen kjensle i delar av kroppen som hadde vart i tre månader. I tillegg var fingrane til mannen permanent bøygde i den posisjonen handa har når ein klør eller klorer på noko.
Ein dermatolog, som var usikker på kva tilstand dette var, tok ei hudprøve og sendte den til eit spesialistlaboratorium. Resultata bekrefta at mannen hadde spedalskheit.
Sjukdommen blir ifølgje ekspertar vanlegvis overført via dropesmitte frå munn og nase, og kan òg bli overført via hudkontakt, eller forureining i samband med tatovering. Pasienten hadde allereie mange tatoveringar då han flytta til USA frå Samoa. I øystaten er spedalskheit framleis endemisk. Symptom kan ta årevis å utvikle seg, og ubehandla kan det føre til nerveskade, blindheit og til og med døden. Det at det verken fanst behandling eller kur for spedalskheit i gamle dagar, gjorde den til ein særs frykta sjukdom, og spedalske vart skydde som pesten.
Texas-legar ordinerte straks ein antibiotikakur som er tilrådd av internasjonale helseorganisasjonar for å behandle spedalskheit. Forskarar som diskuterte casusen hans i det medisinske tidsskriftet JAMA Clinical Challenge merkte seg at symptoma hans vart betre etter to månader. Mannen trong derimot å operere senene i handa for å løyse opp det kloliknande grepet. Han er for tida i terapi for å gjenvinne rørsleevna i hendene, og går etter eit år med diagnosen framleis på antibiotikabehandling. Vanlegvis varer antibiotikakurar berre rundt ti dagar for ordinære infeksjonar, eventuelt lenger om den gjeldande antibiotikaen viser seg å ikkje ha nokon effekt.
Det amerikanske CDC sitt tidsskrift Emerging Infectious Diseases («smittsame sjukdommar på veg») skreiv at i 2020 vart det rapportert 159 tilfelle av spedalskheit i USA, der ein femtedel var registrert i delstaten Florida. Barry Inman, ein epidemiolog ved Helsedepartementet i Brevard fylke i Florida, seier at so mykje som 20% av sokalla beltedyr (engelsk armadillo, her spesifikt underarten nibanda beltedyr / Dasypus novemcinctus) kan vere berarar av bakterien, og at menneske kan bli smitta gjennom kontakt med desse. Dr. Marc Siegel, professor i medisin ved New York universitets Grossman School of Medicin, åtvarar i tillegg at alle teltleirane av heimlause som sprett opp i storbyar som Los Angeles òg kan vere stader der spedalskheit kan oppstå.
Spedalskheit var saman med kjønnssjukdommen syfilis to bakterielle infeksjonssjukdommar som herja den kjende verda i mellomalderen. Begge sjukdommar kan no behandlast, i motsetnad til før. Syfilis kan i likskap med spedalskheit behandlast med antibiotika om sjukdommen blir oppdaga tidleg i forløpet.
