Bustadkompleks i Berlin blir reservert berre for asylsøkjarar

ReMix News rapporterer at nykomne asylsøkjarar i den tyske hovudstaden vil bli prioriterte over innfødde berlinarar som står på venteliste for sosialbustad – og det vil dei gjere på ubestemt tid.

Ei bustadforeining i Berlin skal etter planen fullføre sitt nyaste sosialbustadprosjekt i Berlin til våren, men det viser seg at alle desse 128 leilegheitene er reservert berre for asylsøkjarar. Bustadkomplekset, som ligg i Askanierring i bydelen Spandau, er venta å bli opna av bustadforeininga Wohnungsbaugesellschaft Berlin-Mitte (WBM) i mai 2024, men vil, som ReMix News skriv (mi omsetjing): «…fyrst tene rundt 570 flyktningar som er forventa å flytte inn permanent før dei blir tilgjengelege for berlinarar som for tida står på venteliste for sosialbustad».

Adm.dir i WBM, ein viss Dormeyer, lovpriste nyleg prosjektet for å «bidra til integreringa av flyktningar», og hadde ingen motførestillingar mot at husly skulle bli reservert for nykomne utlendingar i Berlin. Ifølgje han kjem komplekset med tida til å bli ein attraktiv bustad for alle berlinarar (underforstått innfødde).

I ein relatert ReMix News-artikkel vart 40 leigebuarar i februar 2023 truga med utkasting og omplassering i den tyske småbyen Lörrach i det sørlege Tyskland. Fleirtalet av bebuarane var minstepensjonistar. Her var det ukrainske flyktningar som skulle flytte inn i leilegheitene. Bebuarane hadde billege leigeavtaler og hadde budd der i fleire tiår, men nye kontraktar med dei ukrainske flyktningane ville gje bustadforeininga høve til å inngå langt meir lukrative kontraktar som ukrainarane ville kunne betale fordi dei hadde rett på betydelege pengesummar gjennom velferdsordningar. Altso låg der økonomiske incentiv bak denne temmeleg hjartelause handlinga frå bustadforeininga. Delstatsleiaren i Den tyske leigebuarforeininga sa derimot at der var ingen juridisk grunnlag for å kaste ut dei eksisterande leigebuarane, sidan det å gje flyktningar husrom ikkje er gyldig grunn for utkasting.

Til trass for at 128-leilegheitskomplekset står ferdig våren 2024, er det likevel ingen dato får når dei fyrste innfødde berlinarane kan flytte inn – altso kan komplekset bli brukt til å huse flyktningar på ubestemt tid, dette ifølgje lokale politikarar, inkludert ein talsperson for «byggingssenator» Christian Gaebler. Ein parlamentsmedlem tilhøyrande Kristendemokratane (CDU) kalla affæren for «fullstendig utruleg» og kravde at lokalregjeringa sytte føre at leilegheitene blir tilgjengelege for innfødde berlinarar «etter seinast tre år».

Eit liknande «eksklusivt» bustadprosjekt er eit kompleks på 72 leilegheiter «i hjartet av Berlin» som vil bli reservert berre for kvinnelege eldre borgarar som identifiserer seg som lesbiske eller biseksuelle.

Avslutningsvis skriv ReMix News:

«Eit lyspunkt oppi alt dette er at bustadene faktisk vil bli busette av nokon i det minste, i motsetnad til andre område i landet der renovasjonsprosjekt har brukt opp fleire hundre tusen skattebetalarpengar, berre for å stå tomme.»

Til dømes står eit hotell i Sipplingen i Sør-Tyskland ubrukt, trass i at lokalregjeringa underskreiv ein niårig leigeavtale tilbake i 2015, med det mål å renovere bustadene for asylsøkjarar (dette var under den store «migrantkrisa»). Lokaladministrasjonen inngjekk leigeavtale, men då dei innsåg at eigedommen trong renovasjon for å bli bebueleg, droppa dei prosjektet – men dei betaler framleis leige ettersom avtalen ikkje hadde nokon klausul som opna opp for at dei kunne trekkje seg. På den tida var eigedomsmarknaden trongare enn i dag, hevda ein talsperson i distriktsadministrasjonen.

Kommenter innlegget