Her er Fauci sin erstattar: Ein fanatisk forkjempar for nedstengingar, munnbindpåbod og vaksinetvang

Nettstaden En-volve.com skriv at føderale tenestepersonar onsdag 2.august 2023 erklærte at dei hadde utpeikt ein ny direktør for det amerikanske National Institute of Allergy and Infectious Diseases, forkorta NIAID. Den tidlegare direktøren for instituttet var ingen ringare enn korona-tsar dr. Anthony Fauci.

Erstattaren er ei viss dr. Jeanne Marrazzo, som for tida er direktør i Division of Infectious Diseases ved UAB (University of Alabama). Ho var ein prominent figur gjennom «pandemien» der ho ved tallause høve var i media og forsvarte covid-tiltaka med fanatisk iver. Framfor alt oppmoda ho alle over seks år til å gå med munnbind overalt, bortsett frå når dei var heime og når dei åt. Ho var saman med tallause andre offentlege personar årsak til at ein mellom anna såg folk som hadde på seg munnbind medan dei var ute og køyrde åleine i bilen, og til og med når dei var ute på symjetur. Dette har av mellom andre Mattias Desmet og Robert Malone blitt referert til som ei form for massehysteri (massedanning eller massedanningspsykose).

I ettertid har det vist seg at munnbind, saman med dei fleste andre tiltak, slik som avstand på éin eller to meter, ikkje gjorde noko for å hindre overføring av viruset. Slike fakta vart av ho og andre aktørar stempla som «feilinformasjon» og «konspirasjonsteoriar». Her i landet forbaud dåverande helseminister Bent Høie ein diskusjon om effekten av munnbind under ein episode av NRK-programmet Debatten med Fredrik Solvang.

Dr. Marrazzo jobba tidlegare ved University of Washington, før ho byrja på UAB i 2016, og har ekspertise innan feltet seksuelt overførbare sjukdommar, inkludert HIV. Dr. Lawrence Tabak er konstituert direktør i National Institutes of Health (NIH), der Francis Collins – Fauci sin tidlegare sjef – brukte å vere direktør. Han skrytte over dr. Marrazzo i ei pressemelding, og løfta fram hennar betydelege erfaring i å leie internasjonale kliniske forsøk og forsking, so vel som å styre betydelege forskingsbudsjett og rettleie profesjonelle på ymse nivå i karriereutviklinga deira.

Den velkjende dr. Anthony Fauci var direktør i NIAID frå 1984 til han gjekk av med pensjon i 2022. Han var ein sentral aktør i byrået i AIDS/HIV-epidemien og COVID-19-«pandemien», som fekk mange til å sjå på han som ein framtredande medisinsk ekspert. I begge tilfella møtte han motbør frå mange, til dømes AIDS-aktivistar på 80- og 90-talet, og motstandarar av «vaksine»-påbod under den påståtte pandemien.

Dr. Marrazzo vil tre inn i rolla som NIAID-direktør hausten 2023 ifølgje UAB. I si nye rolle vil ho styre eit budsjett på 6,3 milliardar dollar som er øyremerkt forsking på innovative behandlingsmåtar for smittsame sjukdommar og allergiar. NIAID eig 21 laboratorium og eit vaksineforskingssenter. Dei utfører forsking og sporar utbrot av sjukdommar i inn- og utland. Med tanke på Fauci si rolle under «pandemien» er det god grunn til å trekkje i tvil påstandane dei kjem med, spesielt når empirisk evidens frå uavhengige ekspertar kjem fram til motsett konklusjon.

Kommenter innlegget