Nettstaden Reclaim the Net melder at den prominente Demokrat-presidentkandidaten Robert F. Kennedy Jr. tek YouTube og moderselskapet Google til retten. Kennedy, som sjølv er advokat, leverte begjæring om søksmål onsdag 2.august, der han kjem med påstand om brot på First Amendment-rettane sine. First Amendment i den amerikanske grunnlova regulerer mellom anna ytringsfridom, som Kennedy meiner YouTube har brote ved å konstant sensurere videoar av talane og intervjua hans. Til dømes vart Kennedy sin tale ved Saint Anselm College og intervjua hans med Jordan Peterson og Mike Tyson fjerna frå plattforma, og han meiner denne fjerninga av innhald er eit eklatant brot på dei grunnlovsfesta rettane hans til å fritt ytre seg.
Eit sentralt punkt i advokat Kennedy sitt juridiske argument er statleg overtramp, og at Biden-administrasjonen med overlegg prøver å stilne stemmer som meiner noko anna enn dei sjølve. Som det står i begjæringa (mi omsetjing):
«[…]denne begjæringa gjeld ytringsfridommen og dei ekstraordinære stega den amerikanske regjeringa har teke under leiarskapen til Joe Biden å stilne folk som dei ikkje vil at amerikanarane skal høyre.»
Den seier i tillegg at Kennedy langt ifrå er den einaste som har blitt offer for denne sensurkampanjen, men at saka hans skil seg ut fordi han er Demokratpartiet sin utfordrar til president Biden.
Vidare står det i begjæringa at sjølv om YouTube er ein privat part, braut dei herr Kennedy sine First Amendment-rettar då dei fjerna videoar av hans politiske tale, som påstått ovanfor, på fleire måtar […]. For det fyrste er det tilstrekkjeleg nære band mellom YouTube og den føderale regjeringa på ein slik måte at handlingane til YouTube nok kan bli behandla som om dei kom frå sjølve regjeringa. Til dømes, sjølv om dei [YouTube] refererte til sine eigne retningslinjer knytt til COVID-vaksine-feilinformasjon då dei sensurerte herr Kennedy, kviler retningslinjene fullt og heilt på statlege tenestepersonar for å avgjere kva for informasjon som skal sensurerast. Dei seier at YouTube ikkje tillèt folk å seie noko ‘som seier imot lokale helsestyresmakter […] eller Verdas helseorganisasjon (WHO) sin medisinske informasjon om COVID-19’. Desse retningslinjene kan endrast, kan berre ‘som respons på endringar på globale eller lokale helsestyresmakter sine retningslinjer relatert til viruset’. Med andre ord kjem regjeringa med retningslinjene som styrer YouTube si handheving av retningslinjene knytt til feilinformasjon.»
Gjennom «pandemien» har Kennedy støtt og stadig blitt skulda for å fremje vaksine-«feilinformasjon», noko som mellom anna fekk Meta (moderselskapet til Facebook) å stengje han ute frå si Instagram-plattform i lang tid – og i tradisjonelle nyheitsintervju blir dei vaksinerelaterte kommentarane hans ofte redigert fekk.
Kennedy har i tillegg levert inn begjæring om at plattforma stoppar å sensurere innhaldet han legg ut i framtida.
