Sjokkerande vitnesbyrd: Toppmodellen Nathalie Augustina var sexslavinne for eliten

David Sörensen i StopWorldControl fortel ei særs oppsiktsvekkjande historie, som Saksyndig her presenterer eit utdrag av. Nathalie Augustina var ein verdskjent toppmodell som på 1980-talet var under tankekontroll av CIA. Ho var sexslavinne for det høgaste nivået av eliten, som består av kongefamiliar, statsoverhovud, kommandoen i militæret, Hollywood-kjendisar og mange andre. Ho vart sendt for å tilfredsstille store namn i film- og musikkindustrien, og var òg til stade i Davos, der verdseliten held sine hemmelege møte. Etter at ho greidde å bryte ut av dette vondsinna nettet, fekk ho hjelp av reporteren Robin de Ruiter, mannen som i 2008 med nifs nøyaktigheit spådde «pandemien». Saman skreiv dei ei bok der desse brotsverka frå eliten si hand vart eksponert. Dei lét derimot vere å avsløre nøkkelinformasjon, sidan slik informasjon hadde vore altfor farleg å offentleggjere.

Nathalie fortel i eit videointervju korleis store tal barn blir samla i digre rom, der statleg tilsette tenestepersonar kjem og valdtek dei, både gutar og jenter. Ho skildrar omfattande nettverk av tunnelar under regjeringsbygningar, der ho og mange andre barn vart tekne til for å bli misbrukte. Det same fann òg stad på militærbasar og andre stader.

Ho meiner at realiteten om alt det som skjer er for skremmande til at fleirtalet er klare for å høyre om det. Vitnesbyrdet hennar har derimot blitt bekrefta av NSA (National Security Agency). Dei starta ein operasjon i 2017 for å eksponere denne vondskapen for offentlegheita. Andre som har bekrefta historia hennar er tidlegare FBI-direktørar, politi, militære, etterforskarar og ikkje minst andre overlevande offer over heile verda. StopWorldControl har offentleggjort ein omfattande rapport om denne saka, som kan lesast her. David Sörensen fortel sjølv at han er i kontakt med mellom anna politietterforskarar og sjukepleiarar som samarbeider med internasjonale dokumentasjonar for å dokumentere denne grufulle vondskapen. Desse varslarane må operere i det skjulte fordi mange av dei har blitt arresterte, eller til og med likviderte. Når tida er inne, vil desse «kvite hattane» gå til handling og få dei ansvarlege eksponerte og straffeforfølgde.

Sörensen har sjølv hatt telefonsamtalar med den tidlegare sexslavinna Nathalie, og ho har i sin tur sendt han fleire brev. Der står det detaljert om det spirituelle sambandet som dei kriminelle elitane har med det mørke riket («dark realm» på engelsk). Diverre fortel Sörensen at kort tid etter at Nathalie sendte han desse breva, forsvann ho sporlaust, og ingen veit kva som skjedde med ho.

Her er eit utdrag av breva hennar (mi omsetjing; utheving i feit skrift er frå originalteksten):

«Boka mi er berre eit lite fragment av sanninga. Alt saman er mykje verre. Eg har faktisk venta til folk er vakne nok før eg fortel alt.

Eg kjenner heile verda av sataniske, pedofile hovudfamiliar. Eg veit, og har blitt brukt og valdteken av medlemmer av dei herskande familiane som står over Kongehusa. Det falske nederlandske kongehuset har som sin sjef Habsburg-klanen og Vatikanet. Rothschild-ane kontrollerer alle kongelege finansielt. Kvart kongehus må bukke framfor dei og lydig møte opp når dei blir kalla inn til dei.

Eg var ofte i Sveits i DAVOS og Lausanne og Zürich og Genève. Alltid under dei politiske møta til verdsleiarar.

Der skjer mykje meir på Jorda enn de veit eller innser. T.d. er Klaus Schwab ein rein Habsburg.

Dei absolutte herskarfamiliane møtest tre gonger i året i Davos, Sveits. Desse samlingane er stengde og tungt vakta. Dette er staden der Dinosaurfamiliane møtest. Éi spesifikk gruppe kjem berre ut om natta. Aldri om dagen. Dagslys er skadeleg for dei. Dei er ikkje vanlege menneske heller. Dei lever i fleire hundre år, den eldste eg møtte var 830 år gammal. Dei et ikkje mat slik menneske gjer. Deira medisinske behov er babyblod, framtil 25 dagar etter at babyen er fødd. Dei andre gruppene tek babyblod og babykjøt, ingenting anna enn det.»

Ein tidlegare bankmann, Ronald Bernard, bekreftar overfor David Sörensen at der eksisterer demoniske vesen, i hans tilfelle innan bankeliten. Han var sjølv i kontakt med eit slikt vesen, som han sa var over 2000 år gammalt. «Dei kjem frå ein annan frekvens», sa han til Sorensen. Dette vesenet skal ha lagt handa si på brystet til Bernard, og han fekk ei kraftig brennande kjensle i heile kroppen. Han visste at han ville døy om handa vart verande på brystet. Han meiner vesenet gjorde dette for å intimidere han.

Der eksisterer verkeleg vondsinna, menneskefiendtlege, demoniske vesen på Jorda, og det er desse som fordervar, korrumperer og til slutt tilinkjegjer menneske. Dei har vore her heilt sidan byrjinga, og er skildra i alle kulturar heilt tilbake til oldtida. Dei lokkar med rikdom, sex og i somme tilfelle til og med udødelegheit og evig ungdom. I byte mot alt dette vil dei diverre ha både æra di og sjela di – og det ser diverre ut som alle maktpersonar på dei øvste nivåa ein gong i tida har inngått denne bytehandelen.

Kommenter innlegget