14 sanningar som globalistane prøver å undertrykkje

Denne lista er basert på ein artikkel av Mike Adams som er henta frå NewsTarget, systernettstaden til Natural News. Saksyndig har omarbeidd og tilpassa punkta der det høver seg. Sjå originalartikkelen for den nøyaktige ordlyden.

Globalistane og den vondsinna eliten som styrer Jorda har stor interesse av at fleirtalet av menneskeheita lid som uvetande slavar, som bruker livet sitt på å slite seg ut i eit rotterace der utfallet på førehand er rigga til fordel for herskarklassen. Her i Noreg er dette mantraet best gjengjeve gjennom Jantelova, som den dansk-norske forfattaren Aksel Sandemose i si tid formulerte i meisterverket «En flyktning krysser sitt spor». Ulike utgåver av Jantelova er derimot til stade i heile den utvikla verda, sjølv i det som blir sett på som «antijantelovlandet» USA. Den overordna bodskapen er: «Vi styrer planeten, og de kan aldri vinne, usle trælar!»

Der finst derimot 14 tidlause sanningar som herskarklassen går ut av sine vonde skinn for å undertrykkje. Dess færre levande menn og kvinner som veit om desse, desse betre for eliten. Men dess fleire som blir klare over desse ævelege sanningane, dess meir byrjar desse demoniske uvesena å skjelve av redsel for å bli eksponert. Her kjem desse sanningane i tur og orden:

  1. Gud er ekte. Der finst verkeleg ei kreativ, intelligent kraft som går gjennom heile kosmos, og som har planlagt eit føremål for eksistensen din. Du vart skapt med eit føremål, og det er difor i elitens interesse at alle tankar om eit føremål blir fjerna frå medvitet ditt, slik at du opplever sjølve livet som meiningslaust.
  2. Gud og Moder Natur har allereie skapt all medisinen du treng, gratis – kvar einaste kur eksisterer allereie, inkludert kurar mot kreft. Dei finst i naturen og alle kan hauste av dei og bruke dei til eiga vinning. Dette er i sterk strid med interessene til Big Pharma, som er galne etter å selje dykk svindyre, patentbeskytta «legemiddel» som skaper meir skade enn dei lækjer. Hadde dei kunna, hadde dei teke patent på reint vatn, oksygen og matvarer.
  3. Fri energi og teknologien bak finst, og har blitt halde tilbake frå menneskeheita, akkurat som ivermectin vart halde tilbake for å maksimere talet covid-dødsfall. Dersom energi finst i uavgrensa mengder, vil dette sterkt forpurre herskarklassen sine planar om å slavebinde menneskeheita. Dei riv gjerne ned noverande energiinfrastruktur berre for å gjere energi om til noko sjeldan som dei kontrollerer via monopol.
  4. Vi er ikkje den fyrste avanserte sivilisasjonen på Jorda, og vi vil heller ikkje bli den siste. Enkelte tidlegare sivilisasjonar har til og med hatt teknologiske område som har vore overlegne våre eigne.
  5. Den etablerte makta er ein satanisk, barneofringskult som held på makta si gjennom propaganda, sensur og pengetrykking, medan dei livnærer seg av blod frå barn. Barn til næringsføremål er rikeleg tilgjengelege via abort, kidnapping og at folk som ønskjer å bli kjendisar eller styrtrike gjev ungane sine til eliten i byte mot dette.
  6. Globalistane har studert nøye nevrologien til mennesket og styrer no program som hackar hjernane til folk slik at dei blir lydige og føyelege. Eliten er til dømes meistrar i å få store mengder menneske til å tru på horrible løgner som går eklatant imot alt som heiter sunn fornuft. Her kan ein trekkje fram «trans-kulten» der kjønnslemlesting av barn blir forsøkt normalisert. Dei som er ueinige, blir sosialt utfrosne, kansellerte, misser jobb og inntekt og får øydelagt sitt gode namn og rykte gjennom nifst kløktig orkestrerte kampanjar. Her i Noreg har ein til dømes Straffeloven §185, som gjev transrørsla høve til å bruke politi og rettsvesen som våpen mot dei som eksponerer vondskapen og galskapen til denne forskrudde, hjernevaska sekta.
  7. Moderne vaksinar er laga for å oppnå global avfolking – det er deira einaste føremål. Heile forteljinga om vaksinar er ei vondsinna løgn og i røynda ei orkestrert masseinjisering av biovåpen inn i kroppane til milliardar av uvetande menneske. Spesielt covid-«vaksinane» har vist seg å ha eit omfang og ei grad av dødelegheit som ser ut til å overskride Holocaust. Folketalet i den vestlege verda fell urovekkjande, og byrjar å likne på Deagel sin berykta prognose om vesentleg reduksjon av folketalet.
  8. Mangel på ressursar er styrt. Dette gjeld mat, energi og medisin. Målet er å halde menneske slavebundne og i ein konstant tilstand av frykt. Dei som er redde, underkastar seg lett autoritetar, i motsetnad til fryktlause, uavhengige menneske som klarer seg via sjølvberging. Energiressursar i verda er i slikt eit imponerande omfang at berre bevisst, forsettleg øydelegging av dei kan sikre tilsynelatande mangel på dei. Ressursane grafsar eliten naturlegvis til seg sjølv, og deler dei ut til dei som dei finn verdige – til blodpris.
  9. Media driv konstant og sender ut bodskap om hat, fordi hat distraherer menneskesinnet frå høgare tankar, ambisjonar og kva dei ønskjer å oppnå. Føremålet med media er å drive menneskeheita vekk frå fred og harmoni, og levere panikk, fattigdom og vald. På den måten kan regjeringar få eit påskot til å til dømes erklære unntakstilstand og krigslover, noko som vil gje dei dramatisk auka kontroll over befolkninga til dømes gjennom portforbod og forsamlingsforbod. Dette såg ein tallause døme på under «pandemien», der folk ikkje fekk samlast, og dermed måtte ty til digital kommunikasjon, som naturlegvis vart nøye overvaka av etterretningsorgan.
  10. Matforsyninga blir forgifta for å skape forvirring og psykisk sjukdom. Menneskemat inneheld giftige plantemiddel, GMO, hormonforstyrrande kjemikaliar og tungmetall. Dette får ein alvorleg effekt på dei kognitive evnene til menneske som veks opp i dag.
  11. Dess høgare nivå av CO2 i atmosfæren, dess meir mat blir skapt gratis over heile verda. Avlingar og tre elskar CO2, og difor gjer eliten alt dei kan for å redusere CO2-nivået. Målet deira er å skape global hungersnaud.
  12. Pengesystemet er rigga for å sikre at pengane dine alltid blir stolne frå deg, til dømes via skatt og avgifter. Fleirtalet i den vestlege verda er fanga i håplaus gjeld, og bankane si største frykt er at nokon greier å nedbetale gjelda si. Difor oppmodar bankar ofte at når nokon til dømes vinn i lotto, so bør dei ikkje bruke pengane sine på å nedbetale lånet. Ein mann utan gjeld kan ikkje kontrollerast. Sidan kvar einaste fiatøkonomi før eller seinare vil kollapse, kan berre gull, sølv og kryptovaluta ha ei framtid. Folk bør lagre (og forsvare) verdiane heime hjå seg, ikkje overlate dei til bankar. Alle som set pengane sine inn i ein bank, misser i praksis råderetten over pengane, og blir i staden kreditor til banken.
  13. Utanomjordiske er verkelege, og dei har overført sin eigen teknologi til menneske. Regjeringar vil helst grafse til seg denne teknologien sjølv for å byggje våpen og kontrollsystem – difor har til dømes den amerikanske regjeringa inntil ganske nyleg nekta for at utanomjordiske har besøkt planeten, eller at dei i det heile teke finst. Mennesket er ikkje åleine i universet.
  14. Menneskesinnet har evna til å overføre tankar og idear til det kollektive sinnet, noko Mike Adams kallar The Contagious Mind («det smittande sinnet»). Om du formidlar ein idé, kan den, dersom den spreier seg til mange nok via denne tankeoverføringa, bli verkeleg. Sinnet ditt og stemma di kan bokstavleg tala «programmere» veven som kosmos er laga av. Slik informasjon vil eliten hardnakka halde hemmeleg, fordi dei vil at du skal kjenne deg liten og makteslaus. Evidens for ei slik mental-kosmologisk utveksling av idear, er at til dømes brød og øl vart oppfunne i fleire delar av verda uavhengig av kvarandre. Ein har òg avdekt pyramidar på kontinent som er skilde av eit verdshav.

Det er i menneskeheita si interesse at desse 14 sanningane blir spreidde til so mange som mogleg. Flest mogleg menneske må vakne opp av dvalen sin og gjere opprør mot den eliten som ønskjer dei til livs.

Kommenter innlegget