Generasjon X sparer ikkje lenger pengar til pensjon

Armstrong Economics skriv om ei ny spørjeundersøking gjort av Clever Real Estate, der 64% av Generasjon X-medlemmer (folk som er fødd mellom 1965 og 1980), har slutta å spare pengar til pensjon. Nettstaden skriv at det å pensjonere seg har blitt ein luksus, og at folk jobbar langt over pensjonsalder fordi dei må. Dagens levekostnader er so høge at fleirtalet rett og slett ikkje har råd til å spare pengar til framtida – det amerikanske Social Security vil ikkje vere der for å ta dei imot når dei i framtida blir avhengige av trygdeytingar. Pensjonsordningane ser ut til å svikte dei som er so heldige at dei har slik ei ordning. Resultatet vil bli at ein i framtida vil få ein nasjon av eldre utan midlar. Ei slik framtid vil gjere det desto enklare for eliten å innføre Great Reset: Staten grafsar til seg all makt, og folk går med på dette fordi alternativet er å hamne på gata og svelte ihel.

Konkrete tal frå spørjeundersøkinga avdekkjer følgjande:

56% av dei som svarte på undersøkinga har mindre enn 100 000 dollar [i overkant av ein million norske kroner] i oppsparte midlar, medan 22% har absolutt ingenting oppspart. 69% ønskjer å pensjonere seg før 65 år, men berre 37% trur at dette er mogleg. Faktisk trur 19% at dei ikkje kan pensjonere seg før 80, og 11% trur dei kjem til å arbeide heilt til dei døyr.

Av dei som ikkje sparer til pensjon sa 73% at dei rett og slett ikkje hadde råd til å spare, medan 30% sa at dei prioriterte å nedbetale gjeld. 52% sa at dei hadde ti tusen dollar uteståande som ikkje var relatert til bustadlån. 44% la skulda på den vanskelege økonomiske tilstande i USA for sitt dilemma.

Amerikanarar blir stadig meir nedsylta i gjeld og har ikkje lagt nokon planar for korleis dei skal handtere dette finansielt. I fyrste kvartal av 2023 hadde amerikanarar rekordhøge 17,05 billionar i gjeld – ein billion er tusen milliardar. Kredittkortgjelda er rekordhøg, og lånekostnader held fram med å stige. Armstrong skriv avslutningsvis at offentlege skular ikkje utdannar unge i kor viktig det er å leggje av pengar til pensjon, og alle betaler inn til Social Security med ingen garanti for at pengane nokosinne vil bli betalt tilbake. På den måten er USA på full fart i veg mot ei pensjonistkrise.

Spørjeundersøkinga tok ikkje føre seg framtidsplanane til sokalla millennials (òg kalla Generasjon Y), som er generasjonen etter Generasjon X (fødd mellom 1981 og 1996) og generasjonen etter dei igjen, Generasjon Z (fødd etter 1996). Med tanke på «undervisninga» som skjer i dagens skule, kva som blir formidla i hovudstraumsmedia, og ikkje minst notidas politiske klima, er det grunn til å mistenkje at dei finansielle strategiane hjå dagens ungdom ikkje er nemneverdig betre.

Kommenter innlegget