FBI skaut og drap eldre, rørslehemma mann som tok seg av sin blinde, vaksne son – visstnok på grunn av trugslar retta mot «president» Biden

RAIR Foundation skriv 10.august 2023 om ei hending som fann stad i Salt Lake City i samband med at den illegitime presidenten i USA, den mogleg demente Joe Biden, besøkte byen: 75 år gamle Craig Deleeuw Robertson vart skoten og drepen i sekstida om morgonen under eit FBI-raid heime hjå seg sjølv. Den eldre mannen, som vog 300 pund (136 kilo) var rørslehemma og trong stokk for å gå. FBI var der for å arrestere han og utføre ei ransaking, dette i samband med trugslar han skal ha kome med i forkant av hendinga.

Robertson skal ha skrive følgjande trugsel mot «president» Biden på nettet:

«I hear Biden is coming to Utah. Digging out my old ghillie suit and cleaning the dust off the M24 sniper rifle. Welcome, buffoon-in-chief!»

Mi omsetjing:

«Eg høyrer Biden kjem til Utah. Eg grev fram min gamle kamuflasjedress og børstar støvet av M24 sniper-rifla. Velkommen, øvstkommanderande bajas!»

Biden var då venta å kome til Salt Lake City, noko som gjorde det til ei hastesak. Robertson si «trugande» nettåtferd – som trass hans alvorlege helseproblem vart sett på som truverdige av FBI – involverte ved eit tidlegare høve trugslar mot distriktsadvokaten i New York, Alvin Bragg, som leia den kriminelle etterforskinga av tidlegare president Donald Trump. Der skreiv Robertson at han kom til å vente i parkeringshuset til rettsbygningen med ein Smith & Wesson 9mm. Ein spesialagent frå FBI spurde 19.mars under ei overvaking av huset til Robertson om desse innlegga. Robertson sa at han sa det var ein draum, og bad agenten vende tilbake med ein ransakingsordre. Når den gamle mannen so kom med trugslar mot den beviseleg korrupte og illegitimt valde Biden, rykte FBI ut med mann og mus. Dei nøyaktige detaljane rundt drapet er framleis ikkje offentleggjorde, sidan hendinga skal etterforskast i den sokalla Inspection Division («inspeksjonsavdelinga»).

Travis Lee Clark, som kjende Robertson, hadde følgjande å seie om han:

«Han var nesten 80 år gammal, vog 136 kilo, og sleit med betydelege helsebegrensningar som gjorde han avhengig av stokk og avgrensa mobiliteten hans. Han måtte til og med køyre den korte vegen til kyrkja for å unngå å gå. Han tok seg av sin handikappa, blinde, vaksne son fram til ganske nyleg, noko som godt viste hans barmhjertige natur. Han var munter og kjent for kjapt leverte spøkar og smil, og tente som vår finansielt ansvarlege i nesten eit tiår. […] Robertson hadde vore enkjemann ei tid, og var ein aktiv kyrkjegjengar i Pioneer 2nd Ward of the Church of Jesus Christ of Latter-day Saints [Mormonkyrkja] i Provo, Utah.»

Og vidare:

«I motsetnad til oppfatningar av han som ein truverdig trugsel, var han ein skrøpeleg eldre mann som lufta ut sine frustrasjonar på sosiale media. Han var eit godhjarta individ som elska å arbeide med tre og samle på skytevåpen, og han vigde seg sjølv til sin handikappa vaksne son fram til so nyleg som nokre få veker sidan.»

Ein annan som kjende Robertson, Steve Terry, sa dette:

«Han var den typen person som ville gå ut av sitt gode skinn for å hjelpe nokon. Han hadde i seg ein utruleg natur. Han var sterk i trua og full av kjærleik, han utstrålte varme. Bandet vårt har vore som eit brorsband i mange år. […] Det som har versert om han i media er ikkje riktig. Craig ville ha gjort kva som helst for å hjelpe menneske.»

Tapet av Robertson har ført til sorg i lokalsamfunnet.

Biden sitt besøk i Salt Lake City vart gjennomført utan avbrot. Hendinga tende derimot på ein intens debatt om nettrugslar, psykisk helse og kva handlingar som er passande for byrå slik som FBI.

I skarp kontrast til Robertson, har folk kome med langt kraftigare symbolske trugslar mot Donald Trump. Til dømes held Kathy Griffin på eit bilete opp eit falskt, avhogge hovud av Trump, og i teateroppsetjinga Shakespeare in the Park i 2017 vart ein Trump-dobbeltgjengar stukken i hel. Desse handlingane resulterte ikkje i at FBI rykte ut og skaut folk i hel.

Kommenter innlegget