Nettavisa iNyheter publiserte ikkje nye artiklar mellom torsdag 10. og måndag 14.august, som mange fekk med seg. Grunnen til dette skal ifølgje redaktør Helge Lurås vere at nettstaden vart «kasta ut» av publiseringsløysinga deira etter at eit reinseprogram var køyrt. Som han sjølv skriv om hendinga:
«Problemet oppstod da vi ble ‘kastet ut’ av publiseringsløsningen vår etter at et renseprogram var kjørt. Vi opplevde problemer med nettsiden og det var i forsøket på å løse ett problem at et mye alvorligere problem oppsto.
Den løpende backup-løsningen vår viste seg heller ikke å hjelpe.»
Han skriv vidare at dei burde ha hatt ei betre løysing på plass, men at iNyheter er «mildt sagt veldig bevisst på å holde kostnadene nede».
Dette vil dei ikkje risikere igjen, og for å unngå liknande problem i framtida, køyrer dei «fremover to helt separate servere parallelt og må bare bære de ekstra kostnadene ved det.»
På grunn av nedetida til iNyheter var det nok mange lesarar som frykta det verste. Uavhengige media er stundom gjenstand for vondsinna dataåtak. Til dømes vart nettavisa Derimot i byrjinga av juni offer for eit DDoS-åtak, noko som resulterte i lang nedlastingstid for artiklane på nettstaden. Under eit DDoS-åtak (òg kjent som tenestenektåtak) blir «ei rekkje ‘slave’-datamaskiner brukt til å sende so mykje data til offeret […] at sokalla ‘legitim trafikk’ ikkje vil kome gjennom». Det var altso ikkje dette som skjedde med iNyheter.
Enkelte aktørar meiner iNyheter er kontrollert opposisjon på grunn av redaktør Lurås sine band til etterretningstenestene. iNyheter hadde nyleg det somme kallar ei «underleg vinkling» av Haaland-saka, der nettavisa fokuserte på det høge talet innlegg han la ut på Facebook før politi og helseteam kom på døra og henta han. Gjeldande aktør antyda at dette kunne dreie seg om eit bestillingsverk frå nokon, i og med at nettavisa ikkje får pressestøtte og difor er avhengige av donasjonar og andre «pengegåver» for å halde det gåande. Det skal samstundes seiast at iNyheter ikkje ser ut til å moderere kommentarfeltet, slik at ein her kan snakke om reelt usensurerte meiningar frå lesarane.
