Brandon Smith på nettstaden alt-market.us publiserte 11.august 2023 ein artikkel der han skriv om dei totalitære tiltaka som kom under påskot av den påståtte covid-19-«pandemien», og korleis tiltaka var unyttige, uvitskaplege og øydela liva til millionar av menneske. Medan folk flest hadde ei sunn bekymring knytt til viruset og dødelegheita, so byrja fleire og fleire å vakne opp til at viruset kanskje ikkje var so farleg at det rettferdiggjorde nedstenginga av størstedelen av Vesten. I byrjinga var det idiotisk og uansvarleg å ikkje bekymre seg. So byrja uavhengige ekspertar å gjere sine vurderingar, og kom raskt fram til den motsette konklusjonen av det makt og media gaula om på innpust og utpust:
Covid-19 var slett ikkje so farleg og dødeleg som nokon ville ha det til.
Nokre månader inn i «pandemien» vart følgjande fakta openberre (mi omsetjing):
- «Nedstengingane gjorde ingenting for å stoppe spreiinga, dei øydela rett og slett økonomien vår.
- Munnbind var ubrukelege og gjorde ingenting for å hindre overføring av viruset.
- Infeksjonsdødelegheitsraten var ørsmå 0,23%, og då tel ein ikkje med alle dødsfalla som feilaktig vart kategoriserte som covid-dødsfall.
- Vaksinane hindra ikkje smitte mellom millionar av menneske. Dei hindra ikkje smitte i mange tilfelle og tallause vaksinerte har døydd av viruset. Ikkje berre det, men uvaksinerte med naturleg immunitet var betre beskytta enn dei som tok vaksinen og oppfriskningsdosane.
- Studiar viser at vaksinane forårsakar farlege biverknader i ein mykje større rate enn CDC innrømte.»
Han skriv vidare:
«Alt statleg tilsette fortalde oss under pandemien var ei løgn. Det var ikkje ein feil, det var ikkje byråkratisk forvirring, det var ei løgn. Sjølv etter at denne informasjonen vart tilgjengeleg, heldt dei det gåande – Dei heldt fram med å stengje folk ned, halde dei maskerte og prøvde til og med å vaksinere befolkninga med tvang. Der var somme republikanske politikarar som òg slutta seg til panikken, mange av dei Neocons (falske konservative). Derimot gjorde mesteparten av dei raude [republikanarstyrte] delstatane raskt slutt på restriksjonane so fort dei motseiande dataa vart offentleggjorde. I mellomtida såg dei blå [demokratstyrte] delstatane latterlege og paranoide ut når dei desperat tviheldt på forskriftene.»
Til slutt vart Biden, demokratane og globalistinstitusjonane tvinga til å avblåse «Koronaprosjektet». Ikkje fordi dei innsåg at vitskapen deira var uriktig, men fordi dei innsåg at det kom til å bli opprør frå dei konservative og dei uavhengige si side om ikkje dei latterlege forskriftene vart oppheva. Sjølv i dag lever mange under «pandemipsykose», der dei går rundt med munnbind utandørs, isolerer seg i heimane sine og klagar på sosiale media at folket har gått vekk frå pandemihysteriet. Brandon Smith stiller spørsmålet kvifor so mange amerikanarar (i hovudsak venstreorienterte) slutta seg til den autoritære galskapen rundt nedstengingar og vaksinetvang.
Konklusjonen hans er at ein ikkje kan gå vidare og leve som normalt, rett og slett fordi sjølve hovudproblemet aldri vart løyst. Venstresida og globalistane har per dags dato ikkje blitt stilt til ansvar for sine handlingar, dei har aldri innrømt at dei tok feil, og – viktigast av alt – dei kjem til å prøve seg med dei same drakoniske tiltaka igjen dersom dei ikkje blir sette på plass ein gong for alle.
Smith meiner venstresida ikkje vil vedkjenne seg sine autoritære aktivitetar under covid. Her er hans oppsummering av kva dei gjorde (igjen mi omsetjing):
- «Dei laug om effektiviteten til nedstengingane.
- Dei laug om effektiviteten til munnbind.
- Dei laug om effektiviteten til vaksinane.
- Dei laug om kor omfattande testinga var for covid-vaksinane.
- Dei laug om «dei uvaksinerte sin pandemi» [at uvaksinerte var skuld i at «pandemien» heldt fram].
- Dei handheva nedstengingar utandørs, der det nesten er umogleg å bli smitta av eit virus.
- Dei prøvde å setje befolkninga under husarrest.
- Dei sette i verk lover i somme delstatar for å byggje «covid-leirar» i USA.
- I somme land bygde dei faktisk covid-leirar, ikkje berre for reisande, men for alle.
- Dei konspirerte for å undertrykkje rikeleg med evidens som knytte Wuhan-laboratoriet i Kina til utbrotet.
- Dei (regjeringa og Big Tech) konspirerte for å bruke sosiale media som eit verktøy for massesensur av motstridande data.
- Dei utnytta algoritmar gjennom søkjemotorar for å grave ned all slags motstridande informasjon.»
Mange på venstresida innrømte i tillegg openlyst at målet var å gjere livet so vanskeleg for uvaksinerte at dei til slutt ville underkaste seg, berre for å overleve. På denne måten kunne elitane og venstresida i ettertid hevde at det aldri var snakk om tvang, folk gjekk «friviljug» med på å late seg injisere:
«Det dei eigentleg meinte, var at ingen vart truga med skytevåpen, men vi alle visste at den trugselen ville kome i neste omgang.»
Ei spørjeundersøking på Fox News viste at 55% ville bøteleggje uvaksinerte, 59% ville plassere uvaksinerte i husarrest, 48% ville fengsle dei som stilte spørsmålsteikn ved vaksinane, 47% var i favør av statleg sporing av uvaksinerte, og 29% var i favør av å ta barna frå uvaksinerte.
Smith skriv vidare:
«Til slutt, det store fleirtalet av venstresida støtta Bidens vaksinepass-ordrar for tilsette i selskap med 100 tilsette eller fleire, noko som til slutt ville ha ført til vaksinepass for alle. Dette ville ha øydelagt grunnlova slik vi kjenner den, og skapt eit samfunn der økonomisk deltaking er fullstendig kontrollert av staten. Ha i minne, alt dette vart rettferdiggjort av eit virus med ein snittdødsrate på knøttsmå 0,23%.»
Avslutningsvis skriv Smith:
«Der finst generelt to typar menneske i verda – Dei som ønskjer makt over andre, og dei som berre ønskjer å få vere i fred.»
Dei som ønskjer makt over andre, har eit usunt kontrollbehov for å detaljstyre verda rundt seg – og dei ser på kriser og statlege overgrep som ei moglegheit, heller enn ein trugsel. For deira del kunne «pandemien» gjerne vart i all æve.
Kan to mennesketypar med sånt eit motstridande syn leve i same røyndommen? Er verda stor nok for oss og dei? Som Smith skriv til slutt:
«Det er berre eit spørsmål om tid før ein enkelt gnist tenner eit flammehav.»
