Ønskjer du å dele di historie frå helsesektoren?

Redaktøren i Saksyndig har i sine 17 år i helsesektoren opplevd litt av kvart, noko dei mange historiene på denne nyheitsbloggen vitnar om.

Jobbar du sjølv i helsesektoren? No har du sjansen til å få publisert di historie frå arbeidsplassen. Alle historier blir anonymiserte for å unngå represaliar frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar, og ikkje minst for å unngå påstandar om brot på teieplikta. Teieplikta, både slik den er nedfelt i Helsepersonellova og Forvaltningslova, gjeld identifiserbare opplysningar, altso informasjon som kan bidra til å eksponere dei som teieplikta gjeld for: målgruppa.

Eg veit personleg at tusenvis av legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar opplever kritikkverdige hendingar på arbeidsplassen, men at få vel å formidle dette offentleg. Eg mistenkjer at det same gjeld vernetenesta og tillitsvalde. Mitt håp er at desse historiene kan vere med på å opplyse offentlegheita om alt som skjer innan helsesektoren, og at dette vil få arbeidsgjevarar til å tenkje seg om før dei vel å utsetje tilsette for eit skadeleg fysisk og/eller psykososialt arbeidsmiljø.

Det er her på sin plass å åtvare at dei som vel å dele historia si, ikkje bør informere om dette til kollegaer og iallfall ikkje til leiinga. Vi har alle våre rekningar å betale, og ei plutseleg oppseiingssak kan snu livet ditt på hovudet.

Dersom du ønskjer å dele nettopp di historie, send ein e-post til saksyndig@saksyndig.com. Den ferdige teksten vil bli sendt til deg for godkjenning før den blir publisert.

I våre usikre tider er det særs viktig at vi står saman og dannar nettverk der dette er mogleg.

Dette innlegget har blitt lagt til menylinja på Saksyndig under tittelen «Ønskjer du å dele di historie frå helsesektoren?».

Kommenter innlegget