Rhoda Wilson i The Exposé publiserte 16.august ein artikkel om dei som vart milliardærar på grunn av covid-19-«pandemien». Medan allereie eksisterande milliardærar tente uhyrlege summar på både tiltak og «vaksinar», var det mange som òg dukka opp frå eit økonomisk ingenmannsland og håva inn milliardar. Desse skal vi aldri gløyme, for dei profitterte på at menneske rundt om i heile verda fekk liva sine øydelagde og miste levebrødet – og i tallause tilfelle òg livet. Gløym aldri dette.
Innleiingsvis skriv Wilson (mi omsetjing):
«I mars 2021 hadde nesten kvart einaste land i verda fleire milliardærar enn dei hadde på byrjinga av pandemien i midten av mars 2020. blant desse nye milliardærane var 40 menneske som vart nye milliardærar nærast over natta berre på grunn av covid.
På same tid som desse milliardærane vart rikare, vart hundrevis av millionar fattigare og hundrevis av millionar vart kasta ut i ekstrem fattigdom.»
World Economic Forum rapporterte i februar 2021 at 114 millionar jobbar gjekk tapte i 2020, medan andre opplevde at arbeidstimane deira vart reduserte på grunn av covid-restriksjonar. Eit eventurleg velsmurt maskineri fekk dermed denne covid-sanden i seg, og dette førde til full stopp på alle nivå – eit systemisk samanbrot som var provosert fram med vilje. Med slik ein nådelaus brutalitet vart dette gjennomført på ein koordinert måte over heile verda, at somme frykta med rette at folk ville døy av svolt før dei døydde av viruset.
6.april 2021 publiserte tidsskriftet Forbes ein artikkel ved namn «Meet the 40 New Billionaires Who Got Rich Fighting Covid-19» («møt dei 40 nye milliardærane som vart rike av å kjempe mot covid-19»). I kontrast til den store nedstenginga skjedde rundt 11./12.mars 2020 og marknader kollapsa, økonomien gjekk inn i ein verdsomspennande resesjon, og hundrevis av milliardærar fall nedover Forbes si milliardærliste, hadde rekordhøge 493 nye milliardærar slutta seg til lista eit år seinare, i 2021:
«Blant desse nykomarane var minst 40 nye listedebutantar som fekk formuane sine frå selskap som var involverte i å ‘kjempe mot’ covid.
Namne til enkelte hamna på alle sine lepper på grunn av ‘vaksinane’ som dei hjelpte å utvikle. Andre vart rike av å produsere alt frå personleg verneutstyr og diagnostiske testar til antistoff-behandling og programvare som hjelper styresmakter med å programfeste vaksinasjonskampanjar.»
Ut av dei 40 ny-milliardærane har The Exposé laga ei topp ti-liste over covid-milliardærar som dukka opp i 2021. Saksyndig presenterer her lista, og eit utdrag av kva desse nyrikingane driv med og deira nettoformue. Alle tal er gjevne i amerikanske dollar. Per 17.august 2023 tilsvarer ein amerikansk dollar 10,56 norske kroner.
- Li Juanquan med familie. Vedkomande er styreleiar i Winner Medical som mellom anna produserer munnbind og kirurgfrakkar. Produkt frå selskapet er selt i meir enn 40 000 apotek i Kina og i meir enn 70 land. I 2021 var nettoformuen til Li 6,8 milliardar.
- Stéphane Bancel. Administrerande direktør i biotech-selskapet Moderna, som produserte ein av covid-«vaksinane». I 2021 hadde han nettoformue på 4,3 milliardar.
- Liu Fangyi. Styreleiar og grunnleggjar av Intco Medical Technology i den kinesiske byen Shenzhen. Produsent av eingongshanskar, rullestolar og bandasje. Nettoformuen hans i 2021 var 4,2 milliardar.
- Uğur Şahin. Adm.dir. og medgrunnleggjar av det tyske biotech-selskapet BioNTech, som inngjekk partnarskap med Pfizer for å produsere Pfizer-BioNTech sin covid-injeksjon. Han eig 17% av BioNTech. I 2021 var nettoformuen hans 4 milliardar.
- Yuan Liping. Denne kinesiske kvinna fekk 24% av aksjane i Shenzhen Kangtai Biological Products etter at ho skilde seg frå Du Weimin, styreleiar i selskapet. Sidan mars 2017 har ho vore vise-generalleiar i Kangtai sitt dotterselskap Beijing Minhai Biotechnology. Nettoformuen hennar i 2021 var 2,6 milliardar.
- Hu Kun. Styreleiar i Contec Medical Systems i Shenzhen, som marknadsfører medisinske verktøy. Meir enn 70% av omsetjinga kjem frå utlandet. I 2021 var nettoformuen 2,5 milliardar.
- Chen Xiao Ying. Formuen kjem frå investering i Alibaba Health Information Technology, tilknytt Alibaba Group. Nettoformue er ukjent, han gjekk ut av milliardærlista i 2022 (men var altso på den i 2021, og inntekta kom frå «pandemien»).
- Dai Lizhong. Styreleiar i Sansure Biotech, som leverer diagnostiske testsett. I 2021 var nettoformuen hans 2,4 milliardar.
- Karin Sartorius-Herbst. Ho arva ein andel i det tyske biofarmasiselskapet Sartorius AG. Faren hennar Horst Sartorius døydde i 1998 og etterlét ein andel på 50% av selskapet til døtrene Karin, Christine Franken og Ulrike Baro. Arven deira er under kontrollen til ei hjelpeverje/testamenteksekutør fram til 2028. i 2021 var Karin si nettoformue 2,4 milliardar.
- Ulrike Baro. Systera til Karin Sartorius-Herbst. I 2021 var formuen hennar på 1,5 milliardar.
Forbes registrerte i 2021 2755 milliardærar i 70 land. Dette var ein auke på nesten ein tredjedel frå 2095 i 2020. 10.mars 2023 talde Forbes derimot 2640 milliardærar, som igjen var ein nedgang frå fjorårets (2022) 2668. Fallande aksjeverdiar og høgare rentesatsar skal vere årsaka til denne nedgangen, ikkje berre på talet milliardærar, men òg den kombinerte formuen til dei. Som Wilson skriv avslutningsvis:
«Dei er ikkje fattige nok. Deira uærleg erverva forteneste burde bli returnert til menneska som leid, og som framleis lid, medan dei sjølvutnemnde elitane har gjort seg sjølve rikare.»
