Nettstaden The Post Millennial rapporterte 17.august 2023 at den nye sjefen i Project Veritas, Hannah Giles, har sparka nesten alle dei som jobba der. Tilsette skal ha lagt ut ei melding på Telegram og X (tidlegare Twitter) der dei skreiv «SOS Hannah Giles just fired us all». Meldinga forsvann ganske raskt, men Jack Posobiec retweeta meldinga på sin eigen konto. Heile produksjonseininga, alle feltoperatorar, alle kommunikatorar og alle knytt til juridisk avdeling er sagt opp. Berre kontoradministrasjonen, ein HR-person, eit par utviklingsfolk og IT er igjen.
Natural News meldte om saka 20.august. Kjelder i sjølve Project Veritas bekreftar at den noverande adm.dir. vart erstatta av George Skakel 18.august. Den nyss nemnde Hannah Giles tok plassen som sjef etter at grunnleggjar James O’Keefe vart avskjediga av styret til gruppa. Ei kjelde på innsida sa at Giles og hennar «feite medsamansvorne» Ben Wetmore brukte dei fyrste tre dagane til å snakke skit om James og trekkje fram igjen alle dei fryktelege tinga han gjorde mot ho ti-tolv år tilbake i tid. Med kjelda sine eigne ord (mi omsetjing): «Eg visste der og då at heile agendaen hennar dreia seg om hemn.»
Masseoppseiingane vart gjort via Zoom saman med HR-avdelinga. Giles sjølv var ikkje til stade.
Ifølgje Natural News skal oppseiingane ha funne stad som gjengjelding for undercover-arbeidet dei gjorde, og dette er då bevis på at Project Veritas no er ein kompromittert organisasjon som ikkje lenger vil vere den same hardtslåande, reielege etterforskingsgruppa den var under O’Keefe. Ei anna kjelde skal ha sagt at so fort han ikkje lenger var med i gruppa, byrja donasjonane å tørke inn. Den same kjelda meiner òg at det var ei stor tabbe av styret å hente inn Hannah Giles, fordi «ho er ein sjarlatan og ein bedragar. Alt ho nokosinne har gjort har vore mislykka, og ho laug til alle då ho påstod at ho hadde alle desse donorane ho kunne hente inn.»
Ein advokat i Project Veritas sendte ut ei detaljert melding om oppseiingane til dei tilsette 9.august. Denne kan lesast her.
James O’Keefe leiar no si eiga mediegruppe som har namnet OMG, som er forkorting for O’Keefe Media Group.
