Haaland-saka: Gammal diagnose kan ha vore grunnen til tvangsinnlegging

Sjå òg Saksyndig si dekning av Haaland-saka.

I sommar vart Stavangermannen Trond Harald Haaland tvangsinnlagt, visstnok på grunn av innlegg han hadde posta på Facebook. Han hyra advokat Barbro Paulsen, og etter eit møte med Kontrollkommisjonen ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), vart Haaland sleppt fri etter ni døgn på helseføretaket. No har Document-journalist Øyvind Thuestad skrive ein omfattande artikkel om saka, og som einaste medium har Document fått lese vedtaket til Kontrollkommisjonen etter at Haaland sjølv godkjende innsyn.

I artikkelen blir etternamnet til Trond Harald stava «Håland».

Kontrollkommisjonen oppheva vedtaket om tvangsinnlegging etter at dei kjende vedtaket ugyldig. Dei fastslo at det ikkje var grunnlag for å bruke tvangsmidlar mot Haaland. Advokat Barbro Paulsen seier at ho aldri har sett ei so grov sak som denne, og dette er fyrste gong ho høyrer gjete at ytringar på Facebook er årsaka til at det blir brukt tvang. 19.juli kom to uniformerte politibetjentar og to helsearbeidarar heim til Haaland og henta han, og sjølve handlinga kan utløyse eit sjokktraume, seier Paulsen.

Haaland sjølv seier til Document at mykje i saka skurrar, mellom anna at innlegginga skjedde etter eit anonymt varsel, og at varselet vart gjeve til politiet, ikkje til helsevesenet. Haaland stiller seg særs undrande til at politiet var involvert, sidan han aldri hadde hatt noko å gjere med politiet før, og ingenting i det han hadde ytra kunne rammast av straffelova. Ved slike «helseproblem» er det familien eller helsevesenet ein må kontakte, ikkje politiet, seier han til Document.

Han seier òg:

«De hang seg opp i en gammel diagnose, og da er spørsmålet: Kan de bare hente frem noe som ligger skrevet et sted, og så storme leiligheten med politi? Det er merkelig at de kan gjøre et så inngripende tiltak på et så tynt grunnlag.»

Det var overlege ved SUS, Erzebet Szasz, som var ansvarleg for vedtaket om tvangsinnlegging. Ho var til stade på møtet til kommisjonen 28.juli, saman med Haaland, Haaland si mor og Paulsen. Kommisjonen høyrde ikkje på overlegen då ho argumenterte for at det var riktig å tvangsinnlegge Haaland. Paulsen seier til Document at kommisjonen hadde brukt hennar eigen prosedyre som grunnlag for grunngjevinga si. Ho legg òg til:

«De opprettholder at han har en alvorlig sinnslidelse, men at den ligger i ro.»

I forkant av innlegginga seier mora til Haaland at dei hadde vore på biltur, og at dei hadde vore litt slitne etterpå. Ho hadde aldri vore med på at sonen hadde blitt innlagt i sopass god form som han var på dåverande tidspunkt. Sjølv ville ho ikkje fått han innlagt slik han den dagen framstod – og ho fortalde kommisjonen at den lojaliteten ho har hatt mot systemet i 40 år, den burde ho ikkje hatt.

Overlegen hevda at Haaland berre ytra seg om tema slik som vaksinering når han var sjuk. Der var advokat Paulsen ueinig, og dette «motstandsarbeidet» er noko han òg har utført med fleire andre (arbeid som inkluderer brev til fylkeslegen der dei kravde at koronavaksinering av barn mellom fem og elleve år vart stoppa, og ei anmelding av kommunelegen i Strand).

Paulsen seier elles til Document at dei som la inn Haaland har sett bort frå dei særs strenge krava til tvangsinnlegging, og at Haaland dermed har blitt ulovleg frårøva fridommen sin. Han er dermed berettiga til oppreisningserstatning. I skrivande stund påpeiker Paulsen at det er vanskeleg å avgjere om dei skal gå til sak, sidan det å stemne nokon er ein særs kostbar affære. Ho presiserer òg at saka har gått utover livskvaliteten til sin klient, og at utan advokatbistand, venner, kjende og ressursar rundt han, ville det ha vore umogleg for han å bevise at han var frisk.

Sjølve bekymringsmeldinga, der identiteten til varslaren framleis er ukjend, gjekk ut på at Haaland på grunn av «høgfrekvent posting» på Facebook var på veg inn i ein mani, og sidan det var snakk om ein slik «gammal diagnose», hadde helsevesenet plikt til å undersøkje dette. Måten dei valde å gjere det på, er derimot under kvar ein kritikk – og faktisk ein so intimiderande måte å gjere det på at Paulsen meiner at det kunne ha utløyst sjokktraume hjå Haaland. Dei pårørande (mora hans) vart heller ikkje varsla i forkant – ho vart oppringt fyrst då dei var komne til akuttmottaket. Ho seier at dersom ho hadde fått telefon før dei kom, kunne ho ha forklart at han var sliten, men at det ikkje var naudsynt å tvangsinnleggje han.

Paulsen seier til Document at dei sokalla «farekriteria» for å vere manisk (ein manisk episode, som psykiatrien kallar det) ikkje vart opplyste i saka. Kva gjorde han eigentleg til ein fare for seg sjølv og andre? Paulsen meiner at saka er eit alvorleg inngrep mot ein borgars personlege fridom, både i forhold til grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Retten til privatliv og ikkje minst eigedomsretten hadde etter hennar syn blitt grovt krenkt. Ei slik framferd, ein slik invasjon av privat eigedom, frå det offentlege mot enkeltindividet kommuniserer til individet at heimen ikkje lenger er ein trygg stad.

Paulsen fastslår at i ein rettsstat med rettsstatsgarantiar skal alle beskyttast, òg dei med upopulære meiningar. Om ein i verste fall får eit sanningsministerium som skal bestemme kva som er «lov» å meine, kan ein i ytste konsekvens risikere at det neste gong blir ein av dine kjære som blir henta og sperra inne.

Takka vere ein av Steigan sine artiklar om saka, går det no eit rykte om at tidlegare helseminister Bent Høie (no Statsforvaltar i Rogaland) kan ha vore den som leverte inn den anonyme bekymringsmeldinga. Nemnde artikkel har følgjande sitat som Steigan veit (eller burde ha visst) ville få i gang ein diskusjon (mi utheving):

«Den anonyme angiveren må ha vært en person høyt oppe i systemet. […] Det må ha vært en maktperson med så stor autoritet at overlegen uten videre godtok påstanden, og dermed ofret sin integritet i tillit til angiverens ord.

Vi vil ikke en gang finne på å insinuere at det kan ha vært Statsforvalteren i Rogaland, Bent Høie, som er den anonyme angiveren. Men det må ha vært en person med tilsvarende posisjon og status for at en overlege skulle stole blindt på vedkommende.»

Dette er som sagt berre eit rykte enno, for identiteten til varslaren er utan tvil kjent av dei som mottok varselet. Journalist Øyvind Thuestad skriv i kommentarfeltet at advokat Paulsen har bede om innsyn i kven som tipsa, men at ho førebels ikkje har fått svar.

Kommenter innlegget