Etter å ha publisert ein underleg video, rømde den amerikanske vaksineforskaren Karen Kingston landet. I videoen skulda ho dr. Robert Malone for å gje CIA ordre om å drepe ho, visstnok på grunn av det ho hadde eksponert i samband med mRNA-injeksjonane. Både Malone sjølv og Kingston sin familie nekta for at CIA var etter ho, og sa at åtferda hennar kunne skuldast malaria og/eller biverknader frå malariamedisin.
No har Karen Kingston sjølv gjeve lyd frå seg, nesten ein månad etter at ho publiserte videoen. 21.august publiserte ho eit innlegg på sin Substack der ho ber om orsaking til venner, familie, kollegaer og støttespelarar som ho gjennom åtferda si har uroa. Innlegget byrjar på følgjande vis (mi omsetjing):
«20.august 2023: Mi oppriktige og djupt hjartefølte orsaking til dei som eg har påført uro og ubehag på grunn av den langvarige stillheita og fråværet mitt. Utan å gå i detaljar, skildrar uttrykket ‘sanning er merkelegare enn fiksjon’ nøyaktig dei siste 30 dagane av livet mitt. Eg kan fastslå med største sjølvtillit at eg for tida er trygg frå skade på grunn av krafta til bønnene dykkar og Guds godvilje.»
Ho gjev ei forklaring på kva som skjedde i slutten av juli. Etter å ha vendt tilbake frå Florida 25.juli 2023 ringde ho Ernest Luque, som er ein direktør ved Alpha Special Services, eit tryggleiksfirma som tilbyr væpna tryggleiksvakter. Ho hadde ein andre samtale med mister Luque om ettermiddagen. Der informerte han ho at han var ein tidlegare Pentagon-tilsett og FBI-agent, og at han hadde tilgang til mange statlege mapper. Han fortalde at det i somme av desse mappene stod at noko av forskinga hennar relatert til covid-19-«vaksinane», hadde ført til at ho hadde hamna på ei statleg «dødsliste», og at ho var i livsfare. Ho vedgår at ho hadde vesentleg søvnunderskot då ho hadde den samtalen med Luque. Han kan òg ha pynta litt på sanninga for å sikre seg at ho hyra nettopp selskapet hans for å beskytte livet hennar.
(Kommentar frå saksyndig: Det ho skriv antydar at Luque kan ha loge til ho som eit slags salstriks. Sjølv om det er ganske so uetisk å skremme vatnet av ei dame på den måten, førde det jo til at selskapet hans fekk oppdraget, truleg mot eit sjenerøst honorar. Påstanden om at CIA og Robert Malone var ute etter å likvidere ho kan dermed ha vore bevisst feilinformasjon frå Luque si side.)
Avgjerda om å forlate USA tok ho på eiga hand utan involvering frå Luque og Alpha Security Services, og vart gjort for at ho ikkje skulle bli spora opp i USA via mobiltelefon, datamaskiner, eller overvakingskamera, som ein finn overalt i gater i sørlege California.
For tida er ho ikkje i USA, men ifølgje seg sjølv på eit svært fint hotell med eksepsjonell tryggleik. Ho kjem til å vende tilbake til USA ganske snart.
Ho takkar alle som har støtta ho, og ikkje minst familien sin.
