AstraZeneca blir SAKSØKT for korona-«vaksinen»

NRK (!) melder at det svensk-britiske legemiddelselskapet AstraZeneca er saksøkt i Storbritannia på grunn av korona-«vaksinen»:

«Et av søksmålene gjelder en kvinne som døde i mars 2021 etter at hun fikk AstraZenecas koronavaksine. Søksmålet er anlagt av den avdøde kvinnens ektemann.»

Ifølgje advokaten til mannen er det 50 andre klientar som òg har tenkt å saksøkje selskapet dei neste månadene. Ei anna sak gjeld ein person som fekk blodpropp kort tid etter å ha fått «vaksinen». AstraZeneca ønskjer naturlegvis ikkje å kommentere søksmåla.

Storbritannia var det fyrste landet i verda som godkjende korona-«vaksinen» til AstraZenaca, og ein kort periode i byrjinga av 2021 vart den gjeven til norsk helsepersonell, inkludert kollegaene mine på den somatiske langtidsavdelinga eg jobba ved på den tida. Det dukka raskt opp historier om folk som fekk blodproppar etter å ha teke vaksinen. Ein innførde restriksjonar for dei under 40 år for den spesifikke «vaksinen», og den vart raskt slutta å bli tilboden til norsk helsepersonell.

Grunnen til at helsepersonell vart tilbode nettopp AstraZeneca-«vaksinen», var at Pfizer hadde gått mellombels tomme for mRNA-injeksjonane. Helsepersonellet fekk difor det «nest beste» (eller nest verste, alt etter korleis du ser på saka). Eg var den einaste på avdelinga som takka nei til «vaksinane», og vart dermed etter kvart utstøytt frå flokken.

Det er på tide at slike søksmål dukkar opp, og eg håper at ein vil sjå liknande saker her til lands. Klart, med tanke på korleis styresmaktene og den toppolitiske leiinga har loge til oss – og framleis lyg til oss – vil alle desse søksmåla sannsynlegvis ikkje berre dreie seg om vaksinebiverknader. Det vil dreie seg om øydelagde liv og karrierar, tapt framtidig arbeidsinntekt, psykisk terror og hersketeknikkar. Dei har oppført seg som narsissistiske psykopatar og må haldast ansvarlege for dette.

Det som nok hindrar mange her i landet å gå til søksmål, er det faktum at advokatar omtrent ikkje eig magemål når det gjeld salær. Som advokat Barbro Paulsen sa til Document i samband med Haaland-saka, er det ein særs kostbar affære å stemne nokon. Ho sjølv treng nok ikkje å uroe seg for auka bustadlånrente eller høge mat- og drivstoffprisar. Ifølgje advokatfirmaet ho jobbar for, Rogstad, ligg «veiledende timepris» i «området kr. 2000 til kr. 4000 +mva avhengig av sakens art og kompleksitet». Dei tilbyr derimot fri rettshjelp dersom klienten ikkje har for høg inntekt og/eller formue. Skal tru om ho tok Haaland eller Iris Frohe si sak pro bono, eller om dei måtte tømme sparekontoane sine.

Sjølve rettsprosessen er òg ein svindyr affære. Til dømes ligg det sokalla rettsgebyret på 1243 kroner. Dette gebyret må betalast av den som går til sak, eller den som ankar ei rettsavgjerd. Unntaket her er mellom anna, interessant nok, saker mot arbeidsgjevar. Kostnaden på sivile saker i retten ligg for tida på fem gonger rettsgebyret (5R), eller 6215 kroner – for fyrste dagen åleine. Deretter stig beløpet for kvar dag retten bruker på saka. Til dømes vil to dagar i retten (som eg meiner å hugse at advokat Paulsen og Iris Frohe brukte), koste 8R, eller 9944 kroner. Sokalla ankeforhandling kostar i utgangspunktet 29 832 kroner, som er netto månadsløn for ein helsefagarbeidar i 100%-stilling med full ansiennitet. Saksøkjar må òg dekkje utgifter til meddommarar, sakkunnige, vitne og liknande. Og timeprisen til advokaten kjem naturlegvis på toppen av dette. Om saksøkjar taper eller vinn saka, so får advokaten betalt likevel. Ein vinn-vinn-situasjon, iallfall for advokaten.

Eit fornuftig alternativ her vil vere gruppesøksmål, at ein heil gjeng samlar seg og spleisar på å leige ein advokat – til dømes Barbro Paulsen – og saksøkjer. Dette føreset naturlegvis at folk set til side bagatellmessig usemje og gammalt skit frå fortida. Ein grov urett har skjedd, og økonomisk erstatning burde då vere eit minstekrav.

Vel, no ser det ut til at eg vandra langt vekk frå det opphavlege temaet i artikkelen, nemleg at eit legemiddelselskap med rette er saksøkt på grunn av dødsfall knytt til korona-«vaksine». Kor mykje dei vil få av AstraZeneca, er enno uvisst – men kva pris kan ein eigentleg setje på eit menneskeliv?

Kommenter innlegget