I USA har djupstaten byrja sin kampanje av intens fryktporno for å skremme vatnet av folk. Nye korona-«vaksinar» mot påstått livsfarlege variantar ligg og ventar utolmodige på å bli injiserte inn i gud og kvarmann, og dette må gjerast so fort som mogleg slik at legemiddelselskapa tener uhorvelege mengder pengar. Oppfinnaren av mRNA-teknologien i dei sokalla «vaksinane», dr. Robert Malone, har derimot ei meir jordnær tilnærming til covid-19 – for å seie det mildt.
SlayNews rapporterer (mi omsetjing):
«Den verdsanerkjende vaksinevitskapsmannen dr. Robert Malone har kome med ei åtvaring til folket mot den forventa tilbakevendinga av covid-nedstengingar, påbod og andre pandemi-relaterte restriksjonar.»
Det amerikanske folket er med rette uroa for om pandemi-restriksjonar er på veg tilbake, med tanke på kva høgtståande representantar i høvesvis Transportation Security Administration (TSA) og Border Patrol (grensepatruljen) har formidla til InfoWars. SlayNews skriv:
«Han [Malone] åtvarar at nedstengingar, vaksine- og munnbindpåbod er ‘ulovlege’ og oppmoda folket til å ikkje falle for ‘fryktporno’-kampanjen som no blir rulla ut av etablerte media.»
I USA er det den nye «Eris»-varianten som blir brukt som påskot på å maskere folket. Malone samanliknar denne prosessen med taktikken som herskarklassen bruker til å fremje «klimakrise»-fryktkampanjen. Han sjølv har blitt utsett for omfattande hets og svertekampanjar. Trass at han er ekspert på mRNA-teknologi har han blitt hengt ut av venstresida som ein «spreiar av covid-desinformasjon». For å spreie slik «desinformasjon» (eller rettare sagt fakta), vart han i desember utestengt frå Twitter i ei veke.
Han seier til nettstaden Just the News at fryktpornoen som no blir pumpa ut, på ingen måte kan rettferdiggjerast. Tiltak, slik som nedstengingar og påbod var ulovlege i fyrste omgang, i og med at dei var i strid med grunnleggjande fridommar. Han held fast på at det media skrik om på innpust og utpust no, er rein propaganda, og at der ikkje finst evidens for at trugselen er reell:
«Der er absolutt ingen evidens for at det kjem til å bli behov for å gjeninnføre restriksjonar», la han til.
Nye covid-variantar har blitt oppdaga, men i eit svært lite tal. Som respons byrjar somme organ likevel å innføre pandemi-æra-protokollar slik som munnbindpåbod og sosial avstand. Dr. Malone trur, i likskap med mange andre, at desse tiltaka handlar om ein agenda for å frårøve folks fridommar.
«Vi blir pepra med frykt om utryddingsnivå-hendingar […] slik som menneskeskapt klimaendring, smittsame sjukdommar, [karbonbasert] energi, og frykta for atomkrig […]. Når du dukkar ned og granskar dei faktiske risikoane til dei nye variantane, verkar dei temmeleg ikkje-trugande.»
Han presiserer at risikoen for å bli alvorleg skadd av dei er «ekstremt liten».
SlayNews skriv vidare:
«Pfizer og Moderna har allereie utvikla vaksinar mot minst éin av variantane, og Biden-administrasjonen erklærte denne veka at 1,4 milliardar dollar skulle øyremerkjast for å utvikle ‘framtida til covid-19-vaksinar’ og andre behandlingar.»
Den sokalla «presidenten» erklærte pandemien for over i september i fjor.
Malone meiner at for å kunne distribuere desse vaksinane i stor skala, må regjeringa erklære nok ei krise, men han er ikkje sikker på om dei kjem til å gjere dette på føderalt nivå. Han trur ei rekkje delstatar ikkje er viljuge til å skade sin eigen økonomi berre for å lyde det Malone vurderer som openberr fryktporno. Enkelte delstatar, slik som til dømes California, kjem nok diverre til å hive seg rundt på ein augneblinks varsel, trur han.
Ein annan som ikkje får panikk, er vitskapsforfattaren Robert Zimmerman. Han skriv i bloggen sin (eg parafraserer): Trass at den nye varianten som sine forgjengarar er relativt harmlaus, vil herskarklassen no at vi skal få panikk og gjere noko, sjølv sjukehusinnleggingar er på eit historisk lågt nivå, og sjølv om varianten produserer symptom som er mildare enn på noko anna punkt tidlegare i pandemien.
Somme Demokrat-styrte byar ser ut til å sjå på covid som ei formidabel pengeku, ifølgje Ryan Cunningham, kampanjesjef for republikanarane og tidlegare krise- og beredskapssjef som vart alvorleg skadd av covid-19-«vaksinen»:
«Du vil få tungt Demokrat-styrte byar som blir alarmistane som saman med blå statar skriv under på dei katastrofale erklæringane med den kunnskapen at covid-pengekua vil vere på veg. […] Republikanske guvernørar vil stå imot og nekte dei tilgang til føderale midlar.»
Dette vil ifølgje Cunningham dele delstatane langs partilinjene til det punktet der den føderale regjeringa kan vende seg til private konsern for å presse folket til å lyde:
«I dag har vi skular som får foreldre til å samtykkje til munnbindretningslinjer for å registrere elevane sine, og det same med barnehagar […]. Akkurat som Twitter Files, der staten fekk Twitter til å agere som sitt sensurregime, vil det same skje med desse offentleg-private partnarskapa,» konkluderer Cunningham.
