Haaland-saka tek dramatisk vending: Kan misse retten til å køyre bil!

I 20-tida på kvelden fredag 25.august publiserte Document eit videointervju der journalist Øyvind Thuestad hadde ein samtale med Barbro Paulsen, advokaten til Trond Harald Haaland. Saksyndig registrerer at Haaland-saka no har fått internasjonal merksemd: Saka er nemnt i Mike Adams sin podcast Brighteon Broadcast News (rundt 39-minuttsmerket, der Adams gjer eit ærleg forsøk på å uttale namnet på nordmannen), The Exposé har laga ein artikkel, og ikkje minst The Gateway Pundit har òg formidla om hendinga. Paulsen kommenterte ikkje sjølve mediedekninga, men kom litt ut i videoen med ei skremmande oppdatering av den allereie skandaløse saka.

På 23:30-merket av den vel 43 minutt lange videoen opplyser advokat Paulsen at Haaland her forleden fekk innkalling til fastlegen sin for å gjennomgå ei «evaluering» for å innføre – tru det eller ei – køyreforbod! Det viste seg at overlegen ved Stavanger universitetssjukehus, Erzsébet Szász, som var ansvarleg for tvangsinnlegginga av Haaland, 28.juli sendte ei bestilling til fastlegen om denne «evalueringa». Inga grunngjeving finst. 28.juli var «tilfeldigvis» den dagen Haaland slapp ut frå SUS. Vel 24 minutt ut i videoen blir meldinga Haaland fekk frå fastlegen vist. Der står det å lese:

«Du må møte til denne timen. Jeg håper det ikke blir nødvendig med noe kjøreforbud. Jeg satte opp en time 31/8 kl 13.00, ombestill dersom det ikke passer.

Fra epikrisen:
Oppfølgings- og ansvarsdeling:
-Privatpraktiserende psykiater Wenche Førland.
-Fastlege. Fastlege bes om å kalle inn pas. til snarlig time vedr. vurdering av evt. kjøreforbud.

Individuell plan (IP)/kriseplan:
-Ikke vært mulig å avklare evt. behov for oppdatering av kriseplanen.

Med vennlig hilsen

Erzsébet Szász
overlege
Affektiv og Psykose
Helse Stavanger HF»

Ei kjelde bekreftar til Saksyndig at dette framandarta namnet er ungarsk. Namnet skal dermed uttalast noko slikt som «ERsjebet saas» (med lang A).

Øyvind Thuestad kommenterer at slik systemet fungerer, so må fastlegen følgje opp ei slik bestilling frå ein overlege. Utifrå ordlyden i meldinga kan det derimot, slik Thuestad og Paulsen tolkar det, sjå ut som overlege Szász håper at Haaland ikkje misser førarretten, at ho er empatisk. Thuestad og Paulsen spekulerer at i og med at overlegen sendte meldinga same dag som Kontrollkommisjonen einstemmig vedtok å skrive Haaland ut, kan dette tyde på at overlegen rekna med at ho ville få medhald i å halde han vidare innesperra. Å ikkje få medhald er sjeldan, seier Paulsen, som snakkar utifrå eiga og andre advokatar si erfaring innan feltet. Paulsen og Thuestad spekulerer òg i om overlegen sendte denne bestillinga til fastlegen etter at ho fekk vete resultatet av vurderinga gjort av Kontrollkommisjonen – dermed blir det antyda at dette kan vere ei hemnhandling frå overlegen si side, eller forsøk på personforfølging.

I Haaland sitt tilfelle brukte Kontrollkommisjonen berre ti minutt på å bestemme at vedtaket skulle opphevast – det vanlege er at slik ein vurderingsprosess tek fleire dagar.

Torsdag 31.august skal altso Trond Harald Haaland møte hjå fastlegen sin for å få vurdert om det er trygt for han å køyre bil. Med tanke på korleis saka har utvikla seg til no, talar mykje for at han slepp å ta bussen heim igjen. Dersom han mot største formodning skulle misse førarretten, står vi i uavhengige media klare til å rapportere om dette – i Noreg so vel som i utlandet.

Kommenter innlegget