No skriv òg Natural News om Haaland-saka

No har òg den populære nettstaden Natural News skrive om kva som skjedde med Trond Harald Haaland, det etter at eigaren av nettstaden, Mike Adams, omtalte saka i 25.august-episoden av Brighteon Broadcast News (tidlegare Situation Update Podcast). Belle Carter fekk 29.august publisert ein artikkel med tittelen «Man forcibly admitted to psychiatric ward for criticizing Norwegian lockdown policy and questioning efficacy of mRNA shots» («Mann tvangsinnlagt på psykiatrisk avdeling for å kritisere lockdown-politikken og for å stille spørsmålsteikn ved effektiviteten til mRNA-sprøytene»). Artikkelen har som kjelder artiklar frå høvesvis Steigan, PeterSweden.substack.com og Document.

Det er elles særs sjeldan at Natural News skriv om kva som skjer i Noreg, men eg trur sjølv at hadde det ikkje vore for PeterSweden sin engelskspråklege artikkel, ville saka neppe ha blitt kjent i utanlandske uavhengige media.

Artikkelen byrjar slik (mi omsetjing):

«Ein norsk mann, som har vore ein aktiv kritikar av helseomsorgssystemet til nasjonen i samband med nedstengingspolitikken og dei obligatoriske Wuhan koronavirus (COVID-19)-vaksinane, vart dregen av politimenn ut av heimen sin og tvangsinnlagt på ei psykiatrisk avdeling med heimel i §3-2 i Lov om psykisk helsevern.»

Som alle har fått med seg, har Haaland kome med kritikk av World Economic Forum og grunnleggjaren Klaus Schwab, myten om klimaendring og vaksinepass. Han har i tillegg lagt ut innlegg på Facebook om overtalsdødsfalla i kjølvatnet av mRNA-vaksineutrullinga.

«Då meldte nokon han til politiet anonymt for å vere ‘mentalt ustabil’, som merkeleg nok allereie var nok til at politiet kontakta helsetenestene. 19.juli dukka to ‘helsearbeidarar’ opp på døra hans saman med to politibetjentar og halte mannen med seg med tvang og sperra han inne på ei psykiatrisk avdeling.»

Overlege Erzsébet Szász kom med påstanden om at Haaland ikkje driv og legg ut slike ting når han er frisk og stabil, men stort sett berre ho hadde dette synet:

«Den svenske journalisten og politiske kommentatoren Peter Imanuelsen [PeterSweden] stilte spørsmål ved den medisinske vurderinga til legen. ‘Legen sa at mannen ikkje er ‘frisk’ når han driv og legg ut ting som det å stoppe barn frå å få mRNA-vaksine og ikkje trur på den offisielle forteljinga om klimaendring. So, las denne legen Facebook-innlegga hans? Nei, legen hadde ikkje eingong ein Facebook-konto!’.»

PeterSweden skreiv òg at Haaland vart mishandla medan han var tvangsinnlagt:

«Han fekk ikkje lov til å gå ut og trekkje friskluft, fordi han ‘ikkje ville vere der’.»

I artikkelen skriv Belle Carter vidare:

«Meldinga om at Haaland hadde blitt tvangsinnlagt byrja å sirkulere på Facebook 21.juli, og ein påstod at han vart innlagt på grunn av eit innlegg han nettopp hadde lagt ut på plattforma, der han visstnok brukte omgrepet ‘massemord’ for å skildre dødsfalla forårsaka av vaksinen.»

Artikkelen skriv deretter om alvorlegheitsgrada i dette overgrepet:

«[Advokat Barbro] Paulsen snakkar mykje om lovverket og prinsippa der. Ho har gått gjennom innlegga til klienten sin på Facebook og snakka med nettverket av klagarar. Lova vart broten då den medisinske autoritetspersonen sa at Haaland hadde eit manisk innlegg på sosialmedieplattforma når legen ikkje eingong hadde teke seg bryet med å sjekke kva som faktisk stod der.

‘Dette er eit særs alvorleg brot mot ein borgars personlege fridom,’ la advokaten vekt på. ‘Det handlar om både Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen; retten til privatliv. Denne er eit av dei sterkaste verna vi har.’ Ho gjekk deretter over til å leggje vekt på at i heimane våre føler vi at det er den einaste staden på jorda der vi er trygge. ‘Det er hola vår. Der er ein grunn til at eldgamle eigedomsrettar har stått so sterkt: fordi der ute er det ein jungel. Der må du kjempe for alt. Men heimen din er ein heilag stad, og der er ein grunn til at før verda raste saman, var den svært tungt beskytta,’ sa ho, og la til at dette uheldigvis ikkje lenger fungerer slik det skal, fordi at i den augneblinken tenestepersonar i uniform kjem til den trygge hola di og krenkjer privatlivet ‘då har dei krenkt deg for alltid’.»

Og til slutt:

«Ho sa òg at psykiatri alltid har vore brukt som eit statleg våpen. Basert på erfaring med tidlegare klientar som har blitt innlagt mot sin vilje og tvangsmedisinert, peikte ho på at menneske risikerer å bli frårøva fridom basert på korleis dei oppfattar røyndommen.»

Kommenter innlegget