Nettstaden 100percentfedup.com rapporterer at tidlegare president Donald Trump onsdag 30.august 2023 la ut ein video på sosialmedieplattforma si Truth Social, der han sa «We will not comply!» («Vi kjem ikkje til å lyde!») om covid-tyrannane sitt påståtte forsøk på å gjeninnføre plandemi-tyranni slik som nedstengingar, munnbind, sosial avstand og påbodne mRNA-injeksjonar.
Som han skreiv på Truth Social (mi omsetjing):
«Til kvar einaste covid-tyrann som ønskjer å ta fridommen frå oss, høyr desse orda – Vi kjem ikkje til å lyde!»
Og vidare:
«Galningane på venstresida prøver svært hardt å gjeninnføre covid-nedstengingar og påbod med sin plutselege skremselspropaganda om dei nye variantane som er på veg. Herre min hatt, veit de kva anna som er på veg? Eit presidentval.»
Han seier so:
«Dei ønskjer å gjenstarte covid-hysteriet slik at dei kan rettferdiggjere fleire nedstengingar, meir sensur, fleire ulovlege hentepunkt [for røystesetlar], fleire poststemmer, og billionar av dollar i utbetalingar til sine politiske allierte no når vi nærmar oss 2024-valet. Høyrest dette kjent ut? Dette er vonde menneske, det er sjuke folk vi har med å gjere.»
Han seier vidare om dei visstnok planlagde gjeninnføringane av tiltak:
«Ikkje eingong tenk på det. Vi kjem ikkje til å stengje ned skulane våre, vi kjem ikkje til å akseptere nedstengingane dykkar, vi kjem ikkje til å lyde munnbindpåboda dykkar, og vi kjem ikkje til å tolerere vaksinepåboda dykkar. Dei fuska under 2020-valet og no prøver dei å gjere nøyaktig det same igjen ved å fuske med det viktigaste valet i historia til landet vårt, 2024-valet, sjølv om det inneber å prøve å bringe tilbake covid. Men dei vil mislykkast fordi vi kjem ikkje til å late det skje.»
Han har følgjande plan dersom han igjen blir president:
«Når eg kjem tilbake til Det kvite hus, skal eg bruke kvar einaste tilgjengelege autoritet til å kutte i føderale midlar til alle skular, colleges, flyselskap eller offentlege transportsystem som innfører påbod om munnbind eller vaksinar.»
Videoen til Trump kan sjåast her.
Sjå òg følgjande Saksyndig-artiklar:
«Nye covid-tiltak på gang?», publisert 21.august 2023.
«Dr. Robert Malone åtvarar folket mot tilbakevendinga av ulovlege covid-nedstengingar», publisert 27.august 2023.
«Ikkje lat dykk lure av Covid 2.0 – lær av kva som skjedde under Covid 1.0, tidenes ‘Darwin Awards’», publisert 30.august 2023.
