Sjå òg «Kva skjer eigentleg på Hawaii for tida? Kilometervis med svarte gjerde rundt nedbrende Lahaina, og 2400 sakna barn», publisert 1.september 2023.
Dei amerikanske styresmaktene ser ut til å ha verdsrekord i å generere konspirasjonsteoriar ved å dekkje over alvorlege hendingar – sist ut er skogbrannen på øya Maui i delstaten Hawaii. Natural News-journalist Arsenio Toledo skriv 30.august 2023 (mi omsetjing):
«Kombinasjonen statleg forsømming og konserns umiddelbare respons på skogbrannen på den hawaiiske øya Maui som meir eller mindre utsletta småbyen Lahaina, antydar sterkt at brannen blir brukt som eit påskot til å gjere staden om til ein ‘smartby’.»
Man in America har eit intervju med Todd Callender der denne hypotesen blir lansert. Videoen kan sjåast her. Sjølve intervjuet byrjar vel seks minutt ute i videoen.
I artikkelen står det vidare å lese:
«Ein smartby – ein term som stundom blir brukt som synonym til ’15-minuttsbyen’ – er ein moderne, teknologisk avansert kommune [municipality i originalteksten; oms.an.] der kommunale tenester som trafikkontroll, energidistribuering, vasslevering, søppelhandtering og til og med val blir, i det minste i eit visst omfang, handtert på ein automatisert og ‘intelligent’ måte. Dette kan gjerast ved bruk av sensorar, tilknytte smartapparat [til dømes smarttelefonar; oms.komm.], kommunikasjonsteknologi og kunstig intelligens.»
Toledo skriv vidare at denne teorien kjem frå eit innlegg som kommenterer ein video der ein ser skaden som har skjedd i Lahaina. Linken fungerte ikkje då Saksyndig sjekka den ut, noko som tydar på at den kan ha blitt fjerna. Innlegget refererer derimot til ein tech-konferanse som vart halden på Maui i januar i år: Hawaii International Conference on System Sciences («Hawaii sin internasjonale konferanse om systemvitskapar»). Konferansen fokuserte nesten berre på måtar å gjere heile øya om til ei «smartøy», og denne «forvandlinga ville innebere å endre heile kraftnettet på øya om til eit som var avhengig av fornybar energi og ‘tvinga alle til å byrje å bruke elektriske køyretøy’». Faktasjekkaren AP avviser dette som ein konspirasjonsteori.
Det står vidare å lese i innlegget at Maui i september vil vere vert for Hawaii Digital Government Summit («Hawaii sitt digitalregjeringstoppmøte»), som vil fokusere på måtar kunstig intelligens kan bli brukt til å essensielt ta over styret av regjeringa.
Man in America-vert Seth Holehouse påpeiker at skogbrannen heftar ved seg ei rekkje underlege detaljar, til dømes at dei lokale styresmaktene faktisk hindra innbyggjarane i å sleppe unna flammeinfernoet, at dei stengde av vasstilførselen slik at brannvesenet ikkje kunne gjere jobben sin, og at dei ikkje vedlikeheldt skogane rundt Lahaina. I tillegg vart det nyleg vedteke lover som stipulerte at landområdet berre kunne tilbakekallast dersom det fann stad ein omfattande naturkatastrofe. I kombinasjon med nylege diskusjonar om smartbyar på Hawaii, meiner Holehouse at det er grunnlag for å tru at der ligg vondsinna intensjonar bak hendinga.
Faktasjekkarar, slik som nemnde AP, hevdar at skogbrannen og den underlege responsen til lokale styresmakter har ingenting med nylege konferansar om smartbyar å gjere. USA Today slår fast at der ikkje finst evidens for at «skogbrannane på Maui vart starta med forsett av regjeringa som del av eit forsøk på å tilbakekalle Lahaina og gjere den om til ein smartby». Guvernøren på Hawaii, Josh Green (Demokrat), skreiv ei melding som han sendte på e-post der det står: «Der er inga sanning i den horrible påstanden om at brannane vart sette på med vilje for å utslette den historiske småbyen Lahaina, som var den fyrste hovudstaden i Kongedømmet Hawaii […].»
Tung Bui, professor i IT ved University of Hawaii at Manoa og leiar av januar-konferansen om smartbyar, skreiv: «Ideen om å ty til øydeleggjande tiltak, og gjere skade på eit historisk landemerke og forårsake fleire dødsfall, alt dette i eit forsøk på å gjere Maui om til ei smartøy, går utover grensene til min fantasi […].»
Min eigen konklusjon er at dersom dei amerikanske styresmaktene febrilsk prøver å dekkje over noko medan faktasjekkarar i samla flokk dementerer påstandar, so er det grunn til å tru at dei har noko å skjule.
