Demonstrasjon i Vancouver: Maktkåte covidiotar vil ha tilbake munnbindpåbod slik at dei kan kommandere andre menneske rundt

«Pandemien» framstår meir og meir som sjølve skuleeksempelet på hjernevask og massehysteri, og folk flest ønskjer berre å leggje heile dette prosjektet bak seg, medan ein stor del av oss ønskjer eit oppgjer der dei skuldige får si velfortente straff for brotsverk mot menneskeheita. Diverre finst det òg ein fraksjon som tydelegvis elska det totalitære regimet som alle covid-«tiltaka» forårsaka.

Nyleg heldt ei gruppe hovudsakleg kvite kanadiarar med munnbind eit rally i Vancouver, der dei heldt oppe skilt der det mellom anna stod om covid-«vaksinar» og sokalla «long covid», som dei meiner rettferdiggjer meir av denne medisinske fascismen. Denne tiltakshungrige folkeskaren ser ut til å bestå av to grupper som kallar seg høvesvis «Postcards for Publich Health» («postkort for folkehelse») og «Do Not Harm B.C.» («ikkje skad British Columbia», provinsen der byen Vancouver ligg).

Ei maskert eldre dame ved namn Karina Zeidler, som er medgrunnleggjar av «Protect our Province B.C.», lira av seg følgjande til reporterar:

«Det som fekk meg ut her er mitt grunnleggjande moralske raseri.»

Ho og resten av munnbinddisiplane stod utanfor kontoret til provins-helseministeren Adrian Dix og trygla ho om at munnbindpåboda, som vart fjerna i april, no må vende tilbake. Dei ser ut til å vere særs urolege for helsa og velferda til sårbare pasientar. Nemnde pasientar er visstnok redde for å oppsøkje legehjelp i frykt for å bli smitta av kva enn slags ny covid-«variant» som visstnok skal vere i omløp.

Ei ung dame ved namn Kaylie Jamieson (òg maskert), hevda at ho var ute for å protestere for meir munnbindpåbod fordi heile livet hennar visstnok vart øydelagt av covid. Der er vi ikkje åleine, ettersom mitt eige liv òg vart øydelagt, men av dei tåpelege tiltaka som sette helsepersonell i eit særs dårleg lys, og som øydela liva til bebuarane på sjukeheimen eg jobba på under «pandemien». Jamieson er derimot reelt rett for viruset, og ser ikkje ut til å bry seg nemneverdig om kor øydeleggjande og meiningslause tiltak slik som munnbindpåbod faktisk er.

«Eg er ein typisk ung person som var frisk før eg vart smitta,» sa Jamieson noko utydeleg gjennom munnbindet. Ho hevdar at ho har long covid, og at ho har hatt det sidan sommaren 2021. Artikkelforfattaren reknar det som eit mirakel at ho framleis er i stand til å stå på beina, for ikkje å snakke om delta i timelange demonstrasjonar i Vancouvers gater.

På eitt punkt dukka det opp motdemonstrantar på andre sida av gata. Munnbindfanatikarane skal då ha gått laus på ein av motdemonstrantane, ein mann berre kjent som Bob, fordi han meinte at alle kanadiarar fritt burde få velje om dei skal gå med munnbind eller ikkje. Etter at han vart angripen sa han til reporterane:

«Eg har aldri gått med munnbind, og eg kjem heller ikkje til å gjere det fordi eg trur det framleis er lovleg [å ikkje gå med munnbind].»

Munnbindekstremistane ønskjer ironisk nok betre ventilasjon på helseføretak i Canada – dekkjer ein ansiktet med eit munnbind, seier det seg sjølv at den subjektive luftkvaliteten blir forverra. Nokre av dei la seg so på bakken medan andre teikna rundt dei med krit (nett som ein gjer i filmar rundt eit lik). Dette antyda at dersom det ikkje kjem munnbindpåbod og betre ventilasjon, so vil munnbindekstremistane døy brått.

Nemnde Jamieson vil ha fleire oppfriskningsdosar og Paxlovid, so dersom ho døyr brått og uventa ein dag, kjem det neppe av påstått dårleg ventilasjon på helseføretak.

Kommenter innlegget