Eg er nok ikkje den einaste som minnest at det tidleg i «pandemien» kom videoar av sjukepleiarar som dansa på det som framstod som tomme avdelingar rundt om på ymse helseføretak. Dette vart raskt ein trend, men ingen innan hovudstraumsmedia såg ut til å påpeike det mest openberre: I ei tid der ein konstant frykta «overvelding» av helsetenestene, såg det ikkje akkurat ut som helsepersonell hadde so altfor mykje å gjere på jobb, i og med at dei hadde tid til å lære seg avanserte dansenummer i arbeidstida. (Når pasientane omsider kom, var legane og sjukepleiarane raske med å ta livet av dei ved hjelp av respirator, remdesivir, morfin og midazolam…)
Dei dansande covid-sjukepleiarane vart dermed – om enn ufriviljug – eit symbol på løgnene frå media og den toppolitiske leiinga. Hald dykk heime og stopp sjukehusa frå å bli overvelda – eller for å late personalet få fred til å danse på tomme avdelingar.
Natural News melder no at desse arbeidssky danse-pleiarane har gått over til å danse på grunn av global oppvarming. Som Ethan Huff skriv (mi omsetjing):
«No når Wuhan koronaviruset (Covid-19) er over, har alle desse legane og sjukepleiarane som keia seg og difor iscenesette dansar og annan pinleg åtferd på TikTok, no gått over til klimaendring.
I videoen under, sjå sjølv kva verdas ‘frontlinje-kjemparar’ gjer med tida si for å fremje eit ‘grønt skifte’ for å ‘redde miljøet’ frå effektane av ‘global oppvarming’.
Der er tydelegvis so få menneske som er sjuke og døyande, akkurat som under Covid-19, at desse ‘medisinske profesjonelle’ hadde rikeleg med dødtid til å koreografere desse pinlege, klønete nummera for å vise at dei har plikta seg til å gjere slutt på bruken av fossilt drivstoff og stoppe ‘karbon’ slik at planeten ikkje døyr.»
Videoen, som etter mitt syn set helsepersonell i eit flaut lys, kan sjåast her. Eg vil personleg leggje til at denne videoen neppe gjer so mykje frå eller til, ettersom ryktet til helsesektoren knapt kunne ha vore dårlegare i våre dagar. Låta dei har valt er Bee Gees sin disko-landeplage «Stayin’ Alive». Sjukepleiarane avsluttar videoen ved å læst som dei fell døde om på bakken. Enkelte vil nok ergre seg over at dei ikkje døyr på ekte.
Truverda deira er lik null. Som Huff skriv vidare:
«Det var desse sjølvsame frontlinje-helsearbeidarane som insisterte at alle på planeten skulle gå med eit oksygen-begrensande munnbind i tre år for å ‘stoppe spreiinga’ av eit påstått virus som framleis ikkje har blitt isolert eller til og med prova å eksistere. Ettersom det var ei løgn, kvifor skulle vi no tru denne same gjengen når det gjeld klimaendring?
Når vart tilsette innan helseomsorg kvalifiserte til å be andre om å ‘kutte ned på karbon’ og stoppe å bruke ‘fossilt drivstoff’? Nok ein gong tek medisinindustrien del i sjokkarta melodrama for å prøve å pushe ein venstreekstrem klimaagenda som dei, akkurat som med covid, insisterer vil føre til at vi alle fell steindøde om med mindre vi lyder.»
Slik skremselspropaganda fungerte kanskje før covid, men no når fleire i verda er merksame på psykologiske operasjonar, fryktporno og andre skitne triks frå herskarklassen, er det ikkje lenger so lett å skremme folk til lydigheit ved å truge med plutseleg død dersom dei ikkje lyder. Covid var ikkje særleg meir dødeleg enn vanleg sesonginfluensa, trass at dei aggressivt og ustanseleg hevda det motsette over fleire år.
Nettstaden ZeroHedge, som Natural News henta innhaldet i artikkelen frå, oppsummerer stoda konsist og elegant:
«Folk slutta med å idolisere sjukepleiarar etter pandemi-skremselen. Å danse for klimaet kjennest meir ut som eit desperat forsøk på å få tilbake relevansen, enn legitim aktivisme.»
