Mark Zuckerberg innrømte privat at mRNA-injeksjonar endrar DNA og RNA hjå menneske, men sensurerte legar og vitskapsfolk som skreiv det same på Facebook

Det er mildt sagt manglande samsvar mellom kva Facebook-sjefen Mark Zuckerberg sa i private kontekstar, og kva han og selskapet hans gjorde offentleg, som var å sensurere alle som prøvde å formidle den dødelege sanninga om korona-«vaksinane» på Facebook. Natural News melder at til og med før Operasjon Warp Speed vart lansert, og medan sprøytene vart snakka om av dåverande president Donald Trump, skal Zuckerberg ha fortalt folk med leiande stillingar i Facebook på eit privat møte at dei måtte passe seg for mRNA-injeksjonane, fordi «vi veit rett og slett ikkje langtidsbiverknadene av det å essensielt modifisere DNA-et og RNA-et til menneske».

Videoen der Zuckerberg kjem med desse orda vart funnen av Project Veritas, og kan sjåast her.

Det er vanskeleg å ikkje sjå det openberre hykleriet i å privat åtvare mot mRNA-injeksjonane, og offentleg sensurere alle som kjem med desse åtvaringane. Facebook byrja raskt under «pandemien» og aktivt og nådelaust sensurere alle slike åtvaringar, anten i form av å fjerne innlegga, eller merke dei som «falsk eller villeiande informasjon». Dette vart gjort av ein hær av regimetru (og godt betalte) «faktasjekkarar», slik som til dømes Faktisk.no her i Noreg. Dei gjorde det mellom anna med «Covidfilmen 2020», filmen som eg sjølv fekk skriftleg åtvaring frå min dåverande arbeidsgjevar for å dele på Facebook.

Som Ethan Huff i Natural News skriv om Zuckerberg (mi omsetjing):

«Ikkje berre er Zuckerberg ein hyklar når det gjeld dette emnet, men han spelte òg ei aktiv rolle i å undertrykkje spreiinga av desinformasjonen til Tony Fauci og løgnene om sprøytene over heile si sosialmedieplattform.

‘Eg ønskte å sende eit stort takk til leiarskapen din og alt du har gjort for å gjere vårt lands respons på dette utbrotet so effektivt som mogleg,’ skreiv Zuckerberg i ein e-post til Fauci datert 15.mars 2020. ‘Eg ønskte òg å dele nokre idear om korleis vi kan hjelpe deg å få bodskapen ut, men eg forstår at du er utruleg oppteken, so eg føler ikkje at du må svare meg med mindre du synest desse verkar interessante’.

‘Dette er ikkje offentleggjort enno, men vi driv og byggjer eit Koronavirus-informasjonssamlingspunkt [Coronavirus Information Hub i originalartikkelen; oms.an.] som vi kjem til å plassere på toppen av Facebook so alle kan sjå det (200+ millionar amerikanarar, 2,5 milliardar menneske over heile verda).»

Dette sokalla informasjonssamlingspunktet spelte ei stor rolle i å halde sanninga skjult, og hindre at den vart spreidd på Facebook. Det står vidare å lese:

«Etter det vart openbert at mange menneske vart alvorleg skadde eller døydde av Operasjon Warp Speed-legemiddelinjeksjonane, stengde Zuckerberg ute fleire vaksineskade-støttegrupper som hadde fleire hundre tusen medlemmer, og påstod at sprøyteskadane deira var ‘malinformation’ [feilinformasjon som har som intensjon å skade].»

Vidare skrytte Zuckerberg til Joe Rogan at Facebook sensurerte historia om Hunter Bidens berbare PC i forkant av det stolne 2020-presidentvalet, dette etter førespurnad frå FBI. I tillegg skaut Zuckerberg 440 millionar dollar inn i ei falsk nonprofitt-gruppe ved namn CTCL, som i sin tur gav pengane til statlege valtenestefolk for å bruke på val- og stemmefusk.

Fleire av dei som offentleg støtta og dreiv og pusha covid-injeksjonar skal visstnok ha vore bekymra for og/eller motstandarar av dei privat. Men, som vi alle veit, kan pengar kjøpe lojalitet, integritet og sjølvrespekt.

Kommenter innlegget