Ein helsefagarbeidars undergang, del 1

På grunn av lengda på artikkelen, har eg valt å dele den opp i to delar. Dette er del 1.

Det ligg for tida ein mørk skugge over livet mitt, og det er det faktum at eg aldri kjem til å jobbe i helsesektoren igjen. Den særs tvilsame oppseiingssaka frå den private sjukeheimen var strået som knekte kamelens rygg. Denne farsen av ei sak kom ut av det blå, kravde mykje etterforskingsarbeid frå mi side, men konklusjonen var til slutt det eg har frykta i lengre tid: Eg er uønskt i helsesektoren fordi eg er skeptisk til «koronaprosjektet» og alt som er tilknytt det: Uvitskaplege nedstengingar som øydela både på samfunns- og individnivå, mRNA-injeksjonar som mildt sagt gjer meir skade enn nytte, og ikkje minst den giftige sensuren og einsrettinga av meiningar. Alle skal meine det same, og helst klappe i takt for kvar løgn som kjem frå korrupte globalist-politikarar som langt ifrå har våre interesser og velferd i tankane.

Sommaren 2023 gjorde eg to ærlege forsøk på å nok ein gong finne meg ny jobb, sjølv om eg var (og framleis er) sjukemeldt på ubestemt tid.

Den eine potensielle jobben var eit 100%-vikariat frå august og ut året, der eg via vikarbyrået skulle jobbe i heimetenesta i ein viss større vestlandsby. Vi hadde eit digitalt jobbintervju der kontakten min i vikarbyrået og ein representant frå kommunen, sannsynlegvis ein slags rådgjevar. Det hadde funne stad ei uhyre omfattande omorganisering i dei kommunale helsetenestene. Kort fortalt gjekk dei fleste sjukepleiarar vekk frå å jobbe i avdelingane rundt om i kommunale helseføretak, og samla seg heller i sokalla «sjukepleiarteam». Dette innebar at helsefagarbeidarar var forventa å overta fleire tradisjonelle sjukepleiaroppgåver, og rett og slett bli ein slags «reserve-sjukepleiar» på avdelingar som stadig meir framstod som «mini-sjukehus». Kommunen hadde føreteke ei rekkje intervju med helsepersonell, og på det grunnlag utarbeidd ein lang rapport. Deretter sette dei ned ein komité og igangsette eit prosjekt som truleg kosta fleire titals millionar.

Eg trur sjølv at kommunen eigentleg har gjort dette for å kamuflere ein stadig meir alvorleg mangel på helsepersonell, men det vil ingen innrømme. Offisielt heiter det seg at dei skal «fordele helsefagleg kompetanse og ressursar betre», men sanninga er at helsepersonell rømmer frå sektoren i hordar – spesielt sjukepleiarar. Arbeidsmengda og ansvaret blir rett og slett for overveldande for stadig fleire.

Representanten frå kommunen ville ikkje svare på spørsmålet mitt om det framleis var personalmangel i kommunen. Ho antyda at dette var eit «ikkje-spørsmål». Ho verka derimot interessert i erfaringa mi og den helsefaglege kompetansen. Interessant nok var ho særs interessert i å vete korleis eg ville reagere om det var plutseleg sjukefråvær på ei vakt.

På slutten av intervjuet nemnde eg at eg sommaren 2021 inngjekk sluttavtale med kommunaldirektøren, og eg lurte difor på om den avtalen opna opp for at eg kunne ta eit vikariat via privat vikarbyrå.

Verken kontakten min i vikarbyrået eller den kommunale representanten ante om dette gjekk an. Dei såg begge litt perplekse ut. Representanten frå kommunen sa at ein sluttavtale isofall trumfa alt: eg ville ikkje kunne bli tilsett om eg so var den einaste kvalifiserte kandidaten – då lét dei heller vere å ta inn nokon i det heile. Eg vart oppmoda om å ta direkte kontakt med Byrådsavdelinga og spørje dei. Dette var midt i juli, og heile gjengen var truleg på ein særs ufortent utanlandsferie der dei levde som den gjennomròtne adelen dei visseleg er.

Vikarbyrået var særs interessert i høyre om grunnlaget for sluttavtalen, og sidan eg ikkje hadde noko å tape, og ho likevel hadde teieplikt, fortalde eg absolutt alt. Her er ordrett kva eg skreiv til ho (sensitiv informasjon er fjerna):

«Bakgrunnen for sluttavtalen er relatert til Covid-19-pandemien og dei mange øydeleggjande tiltaka som regjeringa sette i verk frå og med 12.mars 2020. Som helsefagarbeidar var eg vitne til fleire tilfelle der bebuarar vart sperra inne på romma sine i fleire månader (mesteparten av 2020). Eg kom med kritikk om dette til næraste leiar og tok òg opp med verneombodet at personalet heile tida måtte gå med munnbind (ei forverring av det subjektive arbeidsmiljøet). Ingenting skjedde. Då Covid-19-vaksinane (Pfizer) vart rulla ut i januar 2021, var eg òg vitne til at ein bebuar vart alvorleg sjuk og døydde etter at vaksinasjon fann stad. Fleire kollegaer vart akutt dårlege av vaksinane. Ein sjukepleiar/avdelingsleiar som tok Pfizers vaksine besvimte og måtte køyrast til legevakta i ambulanse. Fleire kollegaer tok AstraZeneca-vaksinen, som vart stoppa etter kort tid på grunn av alvorlege biverknader (til dømes blodpropp). På bakgrunn av dette nekta eg å ta covid-19-vaksine, og eg vart dermed offer for gjengjeldelse frå høgste hald, i form av differensierte retningslinjer for uvaksinerte. Eg tok dette opp med leiinga og verneombodet. Igjen skjedde det ingenting. Det var motstanden min mot dei særs skadelege retningslinjene som til slutt førde til at kommunaldirektøren greip inn med sluttavtale etter at Byrådsavdelinga hadde truga meg med avskjed for å «handle i strid med arbeidsgjevars interesser». 

Dette var i 2021. No i 2023 er det bevist over ein kvar tvil at pandemi-tiltaka har påført samfunnet alvorlege skadar, spesielt hjå barn og ungdom, men òg for folk flest. Det er òg bevist at Covid-19-vaksinane ikkje stoppa smitten, noko ein såg allereie i desember 2021, då Omikron-varianten ramma eit samfunn der fleirtalet var fullvaksinerte. Det at tiltaka er nasjonale retningslinjer som i sin tur kjem frå Verdas helseorganisasjon, har gjort det juridisk umogleg å ansvarleggjere til dømes [X] kommune, norske politikarar og andre aktørar. Fleire og fleire søkjer no Staten erstatning for vaksineskadar, men 2 av 3 får avslag, truleg fordi Staten ikkje har råd til å utbetale erstatning til alle som søkjer det fordi det har skjedd ei ukritisk massevaksinering av befolkninga med vaksinar ein enno ikkje aner langtidsbiverknadene av. Vi såg det same tilbake i 2009, då svineinfluensavaksina vart rulla ut, men ikkje i slikt eit stort omfang som ein ser i dag. 

Generelt har det å uttrykkje kritikk mot pandemien, tiltaka og vaksinane ført til at folk (inkludert meg) har blitt utstøtt frå det gode selskap, mista jobbane våre og blitt uthengt som «konspirasjonsteoretikarar». Og uvaksinerte vart i 2021 og delar av 2022 i liknande grad uthengt, utfrosne og kalla diverse skjellsord. Den alvorlege bemanningskrisa i 2021 og 2022 var ein direkte årsak av covid-19-vaksinane, ettersom helsepersonell (og folk flest) fekk helseplagar som ikkje hadde noko anna forklaring enn vaksinane. No når covid-19-vaksinane ikkje lenger blir administrerte, og covid-19 ikkje lenger er rekna som ein pandemi, ser det ut som om bemanningskrisa held på å løyse seg, iallfall for dei som er so heldige at helsa vender tilbake. Enkelte er ikkje so heldige. Dei er anten varig uføre eller døde.»

Etter tre dagar fekk eg svar frå vikarbyrået. Ho såg ingen grunn til at eg ikkje skulle kunne jobbe i kommunen, sidan saka ikkje gjaldt kompetansen min som helsefagarbeidar. Dersom representanten for kommunen ønskte det, kunne eg godt byrje i oppdraget. Eg skreiv tilbake at dersom eg byrja i oppdraget, og Byrådsavdelinga fann det ut, kunne eg risikere å bli saksøkt. Eg kravde eit tydeleg svar frå kommunen før eg takka ja til oppdraget. Ho skreiv tilbake at eg sjølv måtte ta kontakt med kommunen å høyre, ettersom vikarbyrået ikkje fekk ut den typen informasjon frå dei.

Eg takka nei til oppdraget, både på grunn av ferieavvikling i Byrådsavdelinga slik at eg måtte vente lenge på svar, og fordi vikarbyrået og kunden deira dermed òg måtte vente heile sommaren på svar. Inntrykket mitt var at kunden trong svar so raskt som mogleg, og at eg difor ville hefte dei unødvendig. Vikarbyrået svarte meg aldri tilbake.

Det er her påfallande at kontakten min i vikarbyrået såg ut til å meine at eg berre kunne «ta sjansen» og takke ja til oppdraget. Det såg ikkje ut til å bekymre ho nemneverdig at den aggressive juristen i Byrådsavdelinga då straks ville sette klørne i meg og få meg stemna for retten. Det heile har ein kraftig stank av desperasjon. Det antydar sterkt at dei i den store vestlandskommunen har alvorleg personalmangel, trass at dei ikkje vil formidle dette til publikum. Ei slik innrømming vil utan tvil skape panikk i befolkninga, og få dei til å lure på om dei sjølve vil få forsvarleg helsehjelp, eller om deira kjære som bur på institusjonar slik som sjukeheimar vil bli forsvarleg ivaretekne.

På det spørsmålet må eg diverre svare eit bestemt «nei». Hugsar de at sokalla helseminister Ingvild Kjerkol i sommar sa at folk måtte byrje å planleggje sin eigen alderdom, eller noko i den dur? Ho har faktisk rett. Koronaprosjektet har øydelagt ikkje berre tallause liv og karrierar, men lagt i grus helsevesenet slik vi brukte å kjenne det. Og eg mistenkjer at dette er intensjonen bak dette historiske overgrepet mot verdas befolkning.

Del 2 av denne meiningsartikkelen kjem i morgon.

Kommenter innlegget