Robot demonstrerer den tragiske utnyttinga av moderne menneske: Du skal tynast heilt til du kreperer

På nettsida Quora kan ein stille spørsmål om alt mellom himmel og jord, og få svar frå meir eller mindre kvalifiserte brukarar. Eit av spørsmåla har tittelen «What is the most important life lesson you’ve learned so far?»: «Kva er den viktigaste leksa du har lært i livet so langt?»

Eit av svara handlar om ein robot konstruert av Sun Yuan og Peng Yu, som ser ut til å ha vore eit slags kunstprosjekt. Det hadde tittelen «Can’t Help Myself» («eg kan ikkje hjelpe meg sjølv» eller «eg kan ikkje dy meg»; tittelen er eit ordspel på denne språklege tvitydigheita). Roboten bestod av ein rund sokkel der det var installert ein hydraulisk arm. Roboten vart laga med ein bevisst konstruksjonsfeil som gjorde at den lak hydraulisk olje, og armen sin einaste funksjon var å tørke opp og gjenbruke den utlekne oljen. Dersom den gjekk tom for olje, ville den «døy». Med andre ord kjempa den kvart eit sekund av kvart døgn for å halde seg sjølv «i live».

Den mest tragiske delen av prosjektet var at roboten òg kunne utføre sokalla «gladdansar» for publikum. Då roboten var ny, brukte den mesteparten av tida si på å danse overfor publikum, sidan det gjekk raskt å samle opp og bruke om igjen den lekne oljen. Etter kvart som åra gjekk og maskineriet hadde fått meir slitasje, arbeider roboten so sakte med å samle opp oljen at den ikkje har tid til å danse meir. Den har berre tid til å halde seg sjølv i live. Etter kvart lak oljen so mykje at det vart ei håplaus oppgåve å samle den opp. Roboten brukte sine siste «levedagar» i ein endelaus syklus der den prøvde desperat å halde seg i live og samstundes «blødde ihel».

Oljen hadde blitt laga for å sjå akkurat ut som menneskeblod, noko som gjorde blodmetaforen desto meir røyndomsnær. Og dermed desto meir hjarteskjerande.

Roboten gjekk tom for hydraulisk olje i 2019, stoppa sakte opp og «døydde». Somme brest faktisk ut i gråt då dei høyrde at roboten hadde «gått bort». Roboten var programmert til å leve ut lagnaden sin. Same kor hardt den prøvde, var «døden» til slutt uunngåeleg. Folk trekte den heilt korrekte konklusjonen at prosjektet var meint å symbolisere slitet i eit vanleg menneskeliv, der ein strevar hardt kvar einaste dag for å få endane til å møtast – der ein strevar hardt berre for å overleve. Til slutt taper alle denne kampen som er umogleg å vinne.

Den hydrauliske oljen kan òg symbolisere pengar, som alle er heilt avhengige av. Vi slit oss frå sans og samling berre for å tene nok pengar til å halde maskineriet gåande – men desse sjølvsame pengane lek ut til skattar, avgifter og utgifter. Det er langt ifrå gratis å leve. Lekkasjen er systemet som held oss alle slavebundne i håplaus gjeld, stel dei beste åra av livet vårt, der vi er tvinga til å spele det spelet som den styrtrike promillen som styrer verda har designa. Dei sjølve står utanfor maskineriet og har ikkje denne same lekkasjen. Skuta lek ikkje, for å seie det slik, for dei sjølve står på trygge, tørre landjorda og ser korleis vi alle sakte druknar.

Systemet stel all glede og vitalitet frå oss, vi druknar i stadig meir gjeld og ansvar, vi får stadig mindre tid til å «danse», altso leve livet, og bruker stadig meir tid på å halde oss solvente. Her skal det seiast at det engelske ordet solvent ikkje berre tydar «solvent» (betalingsdyktig), men òg refererer til ei løysing, altso ein substans som ein annan substans er oppløyst i. Til dømes olje. Avleiinga solution refererer òg – ein tanke svikefullt, vil eg påstå – til ordet «løysing», som både tydar noko som kan løysast og noko som blir oppløyst. Vi blir alle oppløyst og fortærte i noko vi trur er «løysinga»; hardt, ubønhøyrleg arbeid i eit system som ser på oss som ressursar, og ikkje levande menneske med tru, håp og draumar.

Roboten demonstrerte at det ikkje finst nokon måte å sleppe unna systemet, og at det er bestemt frå fødselen av at vi alle skal ned den same vegen. Vi gjev, gjev og gjev, men får aldri noko vesentleg att. Den eine dagen er vi elska, beundra, respekterte og nyttige – dagen etter er vi gløymde og skvisa ut. Ånda vår blir nedbroten og kjem aldri attende. Systemet drep oss alle til slutt.

Er det eit glimt av sollys i denne deterministiske tåkeheimen? Vel, det noverande systemet fungerer ikkje. Å endelaust jakte på materielle verdiar er fånyttes og vil uunngåeleg føre til ei kjensle av nederlag. Lykke kan berre skapast innanfrå, for når ein fyrst har dette, vil ein i likskap med våre fiendar stå på trygg grunn.

Kommenter innlegget