For tida spreier det seg ein alvorleg allergi mot raudt kjøt i den vestlege verda, og syndebukken ser ut til å vere flåtten Amblyomma americanum, på engelsk kalla lone star tick («einstjerneflått»). Flåtten høyrer heime i USA og Mexico. Det som gjer flåtten farleg, er alpha-gal, meir presist galaktose-alpha-1,3-galaktose. Allergitilstanden blir kalla alpha-gal-syndrom (alfa-gal-allergi på norsk), og vart fyrste gong rapportert i 2002. Ved inntak av kjøt inntrer allergisymptom innan tre til åtte timar – og her snakkar vi alvorlege symptom, slik som elveblest, ødem og anafylaksi, der sistnemnde er ein livstrugande tilstand.
Ifølgje CDC er alpha-gal eit sukkermolekyl som finst i dei fleste pattedyr. Molekylet finst ikkje i fisk, reptil, fuglar eller menneske. Det finst derimot i kjøt (svin, storfe, hare, lam, hjortedyr) og animalske prodykt (gelatin, kumjølk og mjølkeprodukt). Tilstanden kan verken kurerast eller behandlast, og den einaste måten å unngå dei allergiske symptoma er å halde seg heilt vekke frå raudt kjøt og andre animalske produkt.
Sjølv om alfa-gal-allergi har vore kjent sidan 2002, ser den ut til å spreie seg raskare enn nokosinne. 16.august 2023 publiserte Children’s Health Defense ein artikkel der artikkelforfattar Angelo DePalma presenterer teoriar om kva som kan liggje bak denne plutselege oppblomstringa av tilfelle. Essensielt er at sjølv om det er etablert vitskap at den nemnde einstjerneflåtten overfører allergien gjennom spyttet sitt, er det òg kjent at fleire ingrediensar som inneheld alfa-gal blir brukt i matvareproduksjon, produkt for personleg pleie og ikkje minst legemiddel, inkludert vaksinar.
DePalma sin artikkel refererer til CDC si liste over ingrediensar som inneheld alfa-gal. Dei inkluderer mellom anna gelatin, som er laga av bein og bindevev frå kyr og grisar, magnesium stearate frå ymse animalske kjelder, og glyserin, som er utvunne frå både dyr og planter. FDA klassifiserer desse stoffa som «generelt anerkjent som trygge», men dette gjeld berre til bruk i matvarer, ikkje i substansar som skal injiserast (til dømes vaksinar).
Stoffet albumin (bovine serum albumin) er eit mjølkeprotein som i seg sjølv kan forårsake allergiar. Mange er allergiske mot mjølk, og somme av dei er òg allergiske mot sjølve mjølkeproteina. Mjølkeproteinallergi skil seg ut frå laktoseintoleranse, som mange vaksne har.
Ifølgje CDC kan dei fire nemnde ingrediensane (albumin, gelatin, magnesium stearate og glyserin) innehalde alfa-gal. Johns Hopkins opererer med ei liste over vaksinar som inneheld éin eller fleire av desse ingrediensane. 11 vaksinar inneheld albumin, tre inneheld glyserin, tre inneheld magnesium stearate og ni inneheld gelatin. To vaksinar inneheld både magnesium stearate og glyserin, og 22 andre vaksinar inneheld ymse ekstrakt frå albumin.
DePalma skriv at alfa-gal ikkje naturleg knyt seg til albumin, so tilstadeveringa av alfa-gal i preparat som inneheld albumin må vere ei ureinheit som har blitt overført under produksjonsprosessen av proteinet. Samstundes gjer sjølve produksjonsprosessen av album det usannsynleg at slikt kan finne stad, på grunn av ein metode ved namn kromatografi, der ein effektivt skil protein frå små molekyl slik som alfa-gal.
Ein der derimot bekymra for at gelatin kan innehalde alfa-gal. Vaksinar som inneheld opptil 15 milligram gelatin per dose inkluderer vaksinar mot rabies, influensa og meslingar/kusma/raude hundar. Om gelatinet inneheld alfa-gal er avhengig av kjelda. Gelatin utvunne frå fisk inneheld det ikkje, men det finst i gelatin som er utvunne frå kyr.
I glyserin kan alfa-gal finnast som ei ureinheit som har blitt påført under produksjonsprosessen, ettersom alfa-gal og glyserin (i motsetnad til gelatin) er kjemisk like nok kvarandre til at dette kan skje. Den same ureinheitshypotesen gjeld ved produksjonen av magnesium stearate.
Ein artikkel i Great Game India publisert 2.september 2023 knyter alfa-gal-allergi til vaksine-anafylaksi. Dei skriv at rundt 500 000 amerikanarar skal vere råka av denne potensielt dødelege tilstanden. Ifølgje CDC har der blitt registrert 15 000 nye tilfelle kvart år mellom 2017 og 2022. Covid-19-«vaksinane» til Pfizer inneheld ikkje animalske ingrediensar. Dei mange biverknadene knytt til desse injeksjonane meiner ein kan kome av polysorbat eller polyetylen-glykol.
NewsTarget melder at helsetoppar i delstaten Virginia nyleg gjekk ut og åtvara innbyggjarane mot spreiinga av alfa-gal-allergi, dette etter at CDC nokre veker tidlegare gav ut ein rapport der ei erklærte tilstanden for emerging public health concern, «oppdukkande folkehelsebekymring». På godt norsk ei komande folkehelsekrise. Her blir ikkje vaksinar nemnt med eit ord, her blir all skulda lagt på nemnde einstjerneflått.
Allergiar har tradisjonelt vore rekna som medfødde, og noko som folk flest veks av seg. Mange barn er allergiske, men utviklar seinare toleranse overfor det dei er allergiske mot. Erverva allergiar høyrer vanlegvis sjeldanheitene til, so alfa-gal-allergi er eit viktig unntak som det gjeld å vere obs på. Nemnde flått er enno ikkje oppdaga utanfor Amerika, men førekomsten av alfa-gal i kjende, animalskderiverte ingrediensar er høgst bekymringsverdig. Om dette stemmer, antydar dette at spreiinga av alfa-gal-allergi kan vere gjort med intensjon frå nokon som ønskjer at vi skal kutte ned på kjøtinntaket for å «redde miljøet». Finst det eit betre incentiv til å kutte ut kjøt enn livstrugande allergi? Lesaren blir oppfordra til å gjere sine eigne undersøkingar rundt emnet.

Da blir det jo risikosport å grille, som nordmenn elsker, særlig livstruende på hytta langt fra folk, eller på fjellvandring, og ingen har tatt med antihistaminer.
«Døde plutselig», men i dette tilfellet ikke uforklarlig, for det var den fæle, klimaskeptiske avdødes egen skyld, bare til pass, for han spiste gris og ku med rømmedressing i salaten. Stor omtale i NRK og MSM.
Anafylaktisk sjokk er litt nifst; jeg kjappet meg til legevakten mens tunga vokste i munnen, og sluttet etter det helt med kunstige tilsetninger. Har aldri hatt problemet siden.
Den minst påfallende metoden å spre problemet på vil være masseinjeksjon av kyr og griser; det har blitt utført i noen land, (Australia tror jeg det var.)
McDonald’s, hvor Vanguard er hovedaksjonær, har sikkert billeburgere og lab-kjøtt klart for å ikke tape inntekter. Servert med GMO hvetebolle og GMO french fries og en kreftfremkallende, sukkerfri Cola Light. Bånn apetitt!
LikarLikt av 1 person