At den avgudsdyrkande eliten ser på vanlege menneske som kveg som skal brennemerkast og sperrast inne i 15-minuttsbyar betre kjent som fangeleirar, er ikkje på nokon måte ny kunnskap for oss som formidlar sannferdige nyheiter innan uavhengige media. Mange er for uvetande eller hjernevaska til å sjå gjennom dette demoniske narrespelet, og går med glede med på kva enn slags totalitært tøys og tull som herskarklassen pønskar ut på sine hemmelege møte rundt om på overdådige herregardar, slott og resorts.
Sist ut er den sokalla «klimabilletten» i Austerrike, landet som fødde fram sjølvaste Adolf Hitler. No kan dei som ønskjer det, få denne klimabilletten tatovert på kroppen sin i byte mot å reise gratis med offentleg transport. Snakk om å annonsere for Den nye verdsordenen! Dette melder Armstrong Economics, og presiserer samstundes at dette tilbodet berre gjeld eitt år. Etter det må dei som alle andre betale 1095 euro i året, eller rundt 12 500 norske kroner. Dette tilsvarer i overkant av 1040 kroner månaden, som er litt dyrare enn det eit månadskort kostar til dømes i Bergensområdet.
Kven er so dumme at dei godtek å få tatovert ein billett på kroppen sin i byte mot gratis transport i eit år? Dei må jo likevel betale fullpris når året er omme, og har då ei skjemmande tatovering som vil vare resten av livet. Sjølv tilbodet om gratis offentleg transport resten av livet i staden for berre eit år, ville ha vore sjokkerande og uakseptabelt for oppegåande menneske dersom vilkåret var ei tatovering. Eg registrerer at oppsiktsvekkjande mange unge menn og kvinner vel å tatovere store delar av kroppen sin og gjere seg sjølve visuelt motbydelege, so det viser berre at enkelte ikkje tenkjer over kva konsekvensar handlingane dei gjer i dag kan få for framtida. Dei kan like gjerne få tatovert strekkode eller QR-kode på kroppen sin, slik at dei enklare kan skannast når dei om få år flyttar inn i mikroleilegheiter i 15-minuttsbyar.
Dei austerrikske klimaministeren Leonore Gewessler hevdar at dette konseptet vil hjelpe landet med å lettare oppnå måla til Parisavtalen. I tillegg ønskjer Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) å redusere prosentdelen av privatbil-eigarskap med 16% innan 2024 – dei hevdar biltransport utgjer den støre karbonforureinaren.
For å lokke den stein stokk dumme massen av hjernevaska sauer til å tatovere seg, sette ein opp ymse bannerar rundt om i Austerrike i sommar med tittelen «Handling som kjem under huda di». Gewessler sjølv har ei tatovering med tittelen «Gewessler tek leiinga», men denne skal visstnok ikkje vere permanent.
Motbør på sosiale media lét ikkje vente på seg. Ein brukar på X skreiv at det for vedkomande ikkje gav meining i det heile korleis ein kunne oppmuntre unge menneske til å få politiske annonsar (tatoveringar) for resten av livet, og at det har absolutt ingen konsekvensar for den føderale ministeren. Gewessler i sin tur hevdar at dette har vore utført ganske varsamt, ved at ein berre tilbaud tatoveringane om dagen, og berre til personar over 18 år. Og dessutan hadde dei som takka ja til tatoveringane allereie tatoveringar frå før av.
Henrikke Brandstötter i partiet NEOS meiner at det å tilby folk pengar for å tatovere annonsar på kroppane deira, avslører eit uakseptabelt syn på menneskeheita, og det frå ein regjeringsminister.
Det å late seg brennemerke på denne måten er berre nok eit teikn på at vi er i endetida. «Dyrets merke» kan visst no brukast på transport, sjølv om merket heldigvis (framleis) er friviljug.
