ReMix News rapporterer (gjengjeve av Saksyndig):
I eit intervju med nyheitsstasjonen InfoRádió sa den ungarske presidenten Katalin Novák at det å ikkje få nok barn ikkje berre er eit ungarsk fenomen, det er det same over heile den vestlege verda. Denne demografiske krisa er kanskje den største trugselen Europa står overfor no, meiner ho. Ho sa òg at ikkje eit einaste land i dagens Europa set nok barn til verda til å oppretthalde befolkningstalet. Med andre ord snakkar ein her ikkje om befolkningsvekst, men det motsette.
I intervjuet siterer ho Elon Musk, som sa at den demografiske utfordringa no er meir alvorleg enn klimakrisa. Den dalande fødselsraten er ein langt større trugsel for den industrialiserte verda. Det er ikkje berre eit europeisk problem, men eit vestleg eit.
President Novák var tidlegare familieminister i Ungarn. Medan dei konservative regjeringane til statsminister Viktor Orbán sidan 2010 har gjort betydelege framsteg når det gjeld å fremje barnefødslar, har dette likevel ikkje vore nok til å reversere denne negative trenden.
Europa opplever for tida ein katastrofal nedgang i fødslar. Finland hadde sitt lågaste fødselstal nokosinne i 2022, ifølgje offisiell statistikk. Italia har i årevis stått overfor det pave Frans kallar ein «demografisk vinter»; ulikt Finland, som såg ein ørliten oppgang i fødslar under covid-19-krisa, slutta Italia seg til lista over land der fødselsraten fall som ein stein under pandemien. Italia har den lågaste fødselsraten av alle land i Europa, ifølgje ReMix News. Akkurat som Finland, hadde Italia rekordlåge fødselstal i 2022. Som ein respons på den katastrofale situasjonen i landet, har statsminister Giorgia Meloni, i staden for å prøve å auke fødselsraten til innfødde italienarar, heller opna opp for masseinnvandring for å auke folketalet. Med andre ord befolkningsutskifting.
Situasjonen er ikkje betre i Polen, som no har den lågaste fødselsraten sidan slutten på Andre verdskrigen. Som eit resultat står landet overfor ei eldrebølgje.
Ungarn har i kontrast til mange europeiske land, greidd å snu denne negative trenden lite grann, mellom anna ved å redusere talet skilsmisser og betydeleg redusere talet abortar. Likevel blir det ifølgje president Novák fødd særs få barn i landet. Slikt eit tema meiner ho må diskuterast både på høgste og lågaste nivå.
14.september byrjar Det femte demografiske toppmøtet i Budapest. Talarane der inkluderer president Meloni frå Italia, den serbiske presidenten Aleksandar Vucic, den bulgarske presidenten Rumen Radev, den kanadiske psykologen Jordan Peterson og den Nobelpris-vinnande amerikanske økonomen James Heckman.
