Eliten lèt Vesten gå til helvete for å lansere sin New World Order og Great Reset

Ray DiLorenzo var tidlegare pilot for brannvesenet i California, no skribent. 9.september 2023 publiserte nettstaden Canada Free Press ein meiningsartikkel der han skriv om den tragiske stoda til San Francisco, der ein ser tendensar ein ser i mange andre amerikanske storbyar. Dei blir på grunn av utstrekt tjuveri, ran og overfall om til lovlause spøkjelsesbyar der berre dei største bedriftene overlever. Resten går konkurs og rømmer byen. Dette er gjort med vilje, for det er dette eliten har i sikte for menneskeheita. Alle byar skal bli smartbyar, og ingen skal eige noko som helst – medan eliten naturlegvis skal eige alt.

Her følgjer ei gjengjeving av artikkelen, med utvalde, representative sitat. Alle omsetjingar er gjort av Saksyndig.

I blå delstatar (delstatar styrt av Demokratar) går det føre seg omfattande korrupsjon. Demokratane utviser sopass ekstrem intoleranse for sin politiske opposisjon Republikanarane at dei ikkje lenger ønskjer å konkurrere med dei, men øydeleggje dei. Ein kan rekne større byar i til dømes California som under beleiring:

«Folk blir, utan openberr grunn, slegne helselause i gatene, og bølla blir sleppt fri etter nokre timar slik at han kan gjere det om igjen. Tjuvbandar invaderer butikkar og stel alt som ikkje er skrudd fast. Dei bryt seg inn i heimar ikkje berre éin gong, men på jamleg basis. Folk blokkerer vindauga i heimane sine med plankar.»

I tillegg til desse lovlause tilstandane ser ein alvorleg inflasjon, som mellom anna manifesterer seg i aukande drivstoffprisar og dyrare eigenandel på bilforsikringar.

Hykleriet til venstresida er til å ta og føle på. Masseplyndringane til venstresida i 2020 forårsaka minst 25 dødsfall, og førde til skadar i milliardklassen på privat eigedom – opprørarane vart anten sett fri eller Demokratpartiet betalte kausjon. Då høgresida so kom med legitime påstandar om valfusk i ein fredeleg demonstrasjon, responderte venstresida med å lure dei inn i Kongressbygningen i Washington, kalla dei opprørarar og statuerte eksempel av dei. Folk blir no dømt til fleire tiår i fengsel for å ha delteke i «storminga» av Kongressen.

Det skjer ein invasjon av innvandrarar i landet:

«Ein gong overdådige hotell blir no fylde opp av innvandrarar og, i mange tilfelle, gjort hærverk på. Demokratpartiet avgjorde at vi trong millionar på millionar av innvandrarar (seks til åtte millionar per dags dato) for å plukke avlingar i New York by og Chicago. Millionar av utanlandske ansikt er komne til landet vårt, og vi kan ikkje kommunisere med dei. Stat og regjering veit ikkje kven dei er. Vi veit det iallfall ikkje. Desse millionane av ulovlege innvandrarar konkurrerer no med fattige og heimlause om jobbar, mat, helsetenester, og veldig snart husly.»

Artikkelforfattaren budde sjølv i San Francisco i gode, gamle dagar. Byen er ein bleik skugge av seg sjølv:

«Butikkar går konkurs eller flyttar til meir vennlege beitemarker. Konsern slik som Nordstrom, Old Navy, Amazon, T-Mobile, Walgreens og Whole Foods har reist sin veg. To av dei største hotella har gjeve opp: Hilton San Francisco Union Square og Parc 55, på grunn av gateforholda. Ein butikksjef i Old Navy sa at butikken hans vart utsett for tjuveri 12 til 14 gonger per dag.»

For å føre skam til skade har lovgjevarane i California vedteke lover som gjer det ulovleg å forstyrre tjuveri. Butikkar i San Francisco sentrum sit berre og ventar på at leigeavtalane skal gå ut. Småbedrifter kjem til å bli fullstendig utsletta – og dette er nettopp planen. Dei fleste større selskap kjem til å overleve.

Småbedrifter har nemleg ingenting å gjere i Den nye verdsordenen.

«Sentrumsområdet utgjer 75% av skattegrunnlaget til byen, halvparten av salsskattgrunnlaget og 95% av forretningsskattfortenesta. Ein treng ikkje vere briljant for å forstå at dersom sentrum går ned, so vil pengane i bykassen til San Francisco òg forsvinne. Det held på å oppstå ein spøkjelsesby.»

Politiet vil få redusert midlane sine, slik at ein får ville Vesten. «Løysinga» som byen føreslår er ikkje å gjenopprette lov og orden, men å gjere bygningar i sentrum om til kommunale bustader. Nokre offentlege tenestepersonar føreslår til og med å rive ned skyskraparane.

Ærverdige Beverly Hills blir om til ein spøkjelsesby. Alle luksusforretningane rømmer av same grunn: masseplyndring og at det er so dyrt å drive butikkane. «Til leige»-skilt er å sjå overalt.

Det som skjer i San Francisco skjer i kvar einaste blå by i kvar einaste blå delstat: «ein auke i kriminalitet, masseutflytting, dekonstruksjon, tap av skattegrunnlag, kutt i midlar til politi, og tap av tenester». Det skjer ikkje i same fart overalt, men det skjer.

«Demokrat-veljarane får det dei stemde for. Desse veljarane byrjar å reagere no, men uheldigvis reagerer dei ikkje fort nok. Eg [artikkelforfattar DiLorenzo] har for lengst forlate den falleverdige delstaten California og flytta til ein raud [Republikanar-styrt] delstat der ein framleis kan finne USA. Eg reiste derifrå medan ein framleis kunne få tak i flyttebil.»

Det Demokratane driv med er anti-historisk, kontraproduktivt og dømt til å mislykkast:

«Den liberale filosofien som Demokratane insisterer er overlegen moral, viser seg å vere ei løgn og totalt mislykka sosialt, økonomisk og biologisk. Dei avviser fleire tusen år med menneskeleg sosial utvikling og biologi, og håper at dei kan endre tings naturlege orden med meiningslause og absurde idear om kjønnsroller og flytande kjønn, endring av DNA, og skaping av menneske i prøverøyr. Før eller seinare må mange av desse gjerningspersonane måtte svare for brotsverka sine.»

Han meiner utifrå alle sine personlege undersøkingar, lesing og observasjonar, at ein no står overfor ei programmert demontering av USA og mykje av den vestlege verda:

«Det blir planlagt og utført av ateistiske globalistar, der ein får lov til å dyrke skaping, men ikkje sjølve Skaparen. Dei har eit kvelartak på blå delstatar, medan dei raude held fram kampen.»

Heile denne gjengen av leiarar i den verdsomspennande globalistrørsla er ifølgje DiLorenzo «ei samling av fascistar, kommunistar og organiserte kriminelle, frå statleg til korporativ til medisinsk og farmasøytisk. Deira einaste incentiv er makt og pengar.»

Han trekk so fram det han meiner er dei mest sentrale namna:

Barack Obama. Han nekta å forlate Washington etter at hans andre presidentperiode gjekk ut, og kjøpte seg hus i byen for å vere i nærleiken når ein byrja å rive USA frå kvarandre. Han er langt ifrå den moralske og høviske familiemannen alle trur han er, men moralsk degenerert og sannsynlegvis kokainavhengig.

Bill Gates. Mannen er besett av befolkningskontroll og av det italienske parlamentet skjelt ut som ein «vaksinekriminell». Han er ein leiar i World Economic Forum sin plan for Den store nullstillinga (The Great Reset). To indiske delstatar har etterforska han for ulovlege medisinske forsøk. I Ghana vart han skulda i 2010 for å bruke testing av prevensjon som del av eit ulovleg «befolkningseksperiment». Han har gjort underverk for imaget sitt ved hjelp av uhorvelege mengder pengar.

George Soros. Denne ateisten jobba som barn med nazistane for å stele eigedom frå jødane. Dette innrømte han sjølv i eit intervju med 60 Minutes i 1998, men alle ser ut til å ha gløymt dette. Han har sjølv sagt at «hovudhinderet mot ei stabil og rettferdig verd er USA». Han vedgår at det er ein slags sjukdom å sjå på seg sjølv som ein gud, men sidan han sjølv byrja å leve dette ut, føler han seg komfortabel med å vere det. Ein annan ting han har sagt, er at «suvereniteten til statar må bli underordna internasjonal lov og internasjonale institusjonar».

Klaus Schwab. Han kan sjåast på som leiaren for det fiktive forbrytarsyndikatet Spectre i James Bond-filmane. Han insisterer på at privat eigedom og privatliv vil ha fordufta innan 2030, eit nytt føydalsystem, med andre ord. Du skal eige ingenting og vere lykkeleg. Eit nøkkelord her er equity, «utfallslikskap»: Du får det alle andre får, verken meir eller mindre. Innsats eller ambisjonar tydar ingenting.

Det eliten driv på med, er altso ei planlagt rasering av samfunnet for å gjere klart for Den nye verdsorden eller Den store nullstillinga. Fyrst må derimot følgjande ting skje: Oligarkane må ta kontroll, nasjonar må friviljug gje avkall på sin suverenitet, økonomien og småbedrifter må drepast, middelklassen må fjernast, og milliardar av «ubrukelege etarar» må tilinkjegjerast ved hjelp av til dømes mRNA-«vaksinar».

Eliten kan anten utslette oss på den måten – eller på den gode, gamle måten: Krig!

One comment

  1. Krig og mer bråk? Heller en stab dyktige hackere til å sperre alt, og så lenge det tar et team til å samle opp de nevnte og flere, stu disse ombord på et skip og hiv dem ombord med en møllesten rundt halsen.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget