Å nei å nei å nei, no spreier det seg ein ny variant av den fæle, dødelege Fauci-influensaen i USA, og namnet er «Pirola»! Skalk alle luker, få på dykk munnbinda og spring i veg til næraste vaksinatør for å bli injisert med mRNA og grafénoksid slik at vi kan ta livet av dykk med 5G-stråling nøyaktig når vi føler for det!
Djupstaten sitt veldsmurde (og velbetalte) propagandamaskineri har no gått over i eit høgare gir, og pumpar ut fryktporno om nok ein variant av covid-19. Den har det vitskaplege namnet BA.2.86, men blir på folkemunne kalla «Pirola». Dr. Scott Roberts seier at varianten har eit betydeleg tal mutasjonar i forhold til Omikron-variantane XBB.1.5 og EG.5 («Eris»-varianten»), som berre hadde ein eller to mutasjonar. Ein slik drastisk auke i mutasjonar såg vi òg i overgangen frå Delta til Omikron i slutten av 2021. Den nye varianten skal seiast å ha meir enn 30 mutasjonar på piggproteinet.
SHTFPlan.com skriv (mi omsetjing):
«Det høge talet mutasjonar kan tyde at varianten kan unngå kroppen sin immunrespons, og er utløyst anten av infeksjon eller vaksinasjon, seier hovudstraumsmedia når dei no driv med skremselspropaganda. Herskarklassen, saman med Big Pharma, har passande nok (og slett ikkje tilfeldig) akkurat kome med nye ‘vaksinar’.»
Nemnde dr. Roberts forklarte ifølgje The Independent at det at stammen har blitt registrert i minst seks land, og tilfella ikkje er relaterte til kvarandre, antydar at det har skjedd ei viss grad av overføring i det internasjonale samfunnet som vi av ukjende årsaker ikkje har fanga opp.
CDC seier om BA.2.86/«Pirola» at der for tida ikkje finst nokon evidens for at den forårsakar meir alvorleg sjukdom, død eller sjukehusinnleggingar. Samstundes insiterer byrået naturlegvis på at folk må springe og få meir injeksjonar. Helst i går.
Dr. Roberts leverer avslutningsvis følgjande briljante råd: Verda er ikkje so sårbar overfor alvorleg sjukdom eller infeksjon som den var i 2020 fordi der er større grad av flokkimmunitet, anten på grunn av vaksinasjon eller tidlegare infeksjon. Ettersom det for mange har gått meir enn eit år sidan siste oppfriskningsdose, er det likevel lurt å få den oppdaterte dosen, som er forventa å kome i midten av september.
Ettersom midten av september faktisk er no, tydar det at vi kvar augneblink kan forvente panikkøer nedover gatene i dei fleste byar, dydsposering på Facebook med bilete av ein plastra arm, innstendig oppmoding til at alle må late seg injisere, obligatorisk uthenging av uvaksinerte som egoistar og bestemorsmordarar – og til slutt ei dødsannonse der vedkomande har døydd «brått og uventa».
