Mike Adams avviser fiatpengesystemet som uærleg og upåliteleg

I ein nyleg episode av Crypto Coin Show med programvert Ashton Addison, avviste Mike Adams det noverande fiatpengesystemet som uærleg og upåliteleg. Ifølgje Natural News, som Adams er grunnleggjar og eigar av, skjedde dette 7.september 2023. Adams er ein tilhengjar av kryptovaluta, som han meiner er eit betre alternativ enn eit system som er bygt opp på å slavebinde menneske i botnlaus og håplaus gjeld.

Federal Reserve, den amerikanske sentralbanken, er i privat eige, og er essensielt eit rigga pengesystem. I det siste har det i tillegg skjedd ei rekkje tilfelle der personar har blitt utestengt frå sine eigne bankkontoar på grunn av sine politiske standpunkt. På grunn av rekordhøg inflasjon har den amerikanske dollaren falle som eit blylodd, noko som reduserer kjøpekrafta til gjennomsnittsamerikanaren for kvar dag som går. Kryptovaluta, gull og sølv blir aldri gjenstand for slike vilkårlege svingingar i verdi. Av den grunn meiner Adams at slik alternativ valuta er å føretrekkje, og at stadig fleire no innser det.

Det noverande fiatpengesystemet kan rett og slett ikkje matche kor allsidig og praktisk kryptovaluta er.

Vesten prøvde i samband med Ukraina-krigen å stengje Russland ute frå banktenester (SWIFT-systemet), sokalla debanking. Det gjekk ikkje so bra. Det kan ha vore den verste finansielle feilen Vesten nokosinne har utført, og hadde som resultat at BRICS-gruppa – Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika – no har planar om å innføre ein alternativ valuta til den amerikanske dollaren. Sør-Afrika seier no at meir enn 40 land ønskjer å bli med i BRICS.

Adams la under programmet òg til at BRICS og minst 100 andre nasjonar no har igangsett Operasjon Sandman, som kort fortalt går ut på å forkaste dollaren. Saudi-Arabia erklærte nyleg at dei no vil selje olje i alle slags valutaer, ikkje berre dollaren, slik som tidlegare var tilfelle. Saudiarabarane aksepterer no den indiske rupien, den kinesiske yuan og den russiske rubelen.

Adams meiner at amerikanarane på grunn av Operasjon Sandman vil oppleve endå verre inflasjon – sokalla hyperinflasjon. Eit anna tilfelle i historia der slik hyperinflasjon var tilfelle, var i Tyskland i mellomkrigstida, der folk måtte ha med seg trillebårer med pengar for å kjøpe eit brød.

«I mi meining er dollaren dømt til undergang,» sa Adams til programverten.

El Salvador har ifølgje programverten opplevd eventyrleg vekst i sitt BNP sidan dei innførde Bitcoin som lovleg valuta. Denne positive erfaringa kan få ringverknader på andre land som vurderer å innføre Bitcoin.

Dagens fiatpengesystem er bygt opp på ingenting anna enn fantasi og blind tru. Å tru at moderne pengar har reell verdi, er litt som å tru på Julenissen. Faktum er at dagens banksystem fangar folk i håplaus gjeld. Ein bankarbeidar genererer eit lån på til dømes tre millionar ut av tomme lufta, slik at eit ungt par kan få kjøpe si fyrste leilegheit. So må dei bruke dei neste 30 åra på å betale tilbake lånet, og dette til ei rente som banken aukar etter kva dei sjølve finn for godt. Er det eit slikt system vi ønskjer? Kvifor skal vi halde på dette fantasi-pengesystemet om der finst reelle alternativ?

Den norske krona går hand i hand med dollaren, og dersom dollaren fell utfor avgrunnens rand, er det ikkje lenge til det same skjer med krona. Då vil Noreg slik vi kjenner det slutte å eksistere, og folk flest vil få det mykje, mykje verre – om det i det heile teke er mogleg i våre dagar.

One comment

  1. Det er essensielt å forstå pengesystemet for og forstå hva som foregår. Selv økonomer er så ensrettet at de kjenner bare fiat , og har neppe en orginal ide.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget