Kjære fullvaksinerte: Den nyleg godkjende covid-sprøyta er ikkje ein oppfriskningsdose, men ein heilt ny, utesta vaksine

NewsTarget melder det som mange har mistanke om: Dersom du allereie tok «vaksinen» og «boosta» deg mot covid-19, har du oppnådd absolutt ingenting anna enn å øydeleggje ditt eige immunforsvar. Dei nyaste variantane som er i omløp er nemleg i stand til å smitte uavhengig av kor mange «dosar» ein har i kroppen. Dette er ikkje til hinder for at FDA godkjenner «vaksinane» til bruk på menneske.

No har FDA gjeve naudgodkjenning til dei «oppdaterte» covid-sprøytene frå Pfizer og Moderna. Ifølgje New York-guvernør Kathy Hochul er alle tidlegare covid-injeksjonar ineffektive mot nyare variantar slik som Omikron XBB.1.5. Fullvaksinerte må dermed pile av garde til næraste vaksinatør og få dei oppdaterte sprøytene.

Hochul seier til og med at dette ikkje er ein oppfriskningsdose, men ein heilt ny vaksine som er designa for å nedkjempe vatiantane.

Altso seier Hochul at Operasjon Warp Speed og den ukritiske massevaksineringa av alle aldersgrupper ikkje gjorde noko frå eller til, og at alle må nok ein gong late seg injisere om dei ønskjer å overleve Covid 2.0.

Hochul seier òg at dei som ikkje ønskjer å ta dei nyaste covid-sprøytene er egoistiske. Og dei som har teke tidlegare dosar, kan ikkje rekne med at dei vil bli beskytta mot dei siste variantane. Vel, vi kan no slå fast at «vaksinane» ikkje beskyttar mot nokon variantar. Dette skal derimot folk ikkje fokusere so altfor mykje på. Ho lover at desse «vaksinane» vil fungere. Kors på halsen!

Etter instruksar frå sine overordna lira ho av seg propaganda om at vaksinar alltid har vore beste måten å beskytte seg mot den fæle, dødelege covid-19. Ho sjølv har tenkt å late seg injisere so raskt som mogleg. Med saltvatn eller placebo, reknar eg med.

6 comments

  1. Er åpen for teorien om at «Warp Speed»-operasjonen var en måte å stikke kjepper i hjulene til «verdensordenen» på.

    Mange røster på nett teoretiserer rundt at planen var å «slite ut» verdensbefolkningen gjennom (enda) flere år med drakoniske tiltak innen en «vaksine» skulle tilbys etter en mer normal utviklingstid, men at dette da altså ble sabotert av Trump/’white hats».

    Slettes ikke umulig. Det gjenstår å se.

    Likt av 1 person

    • Planen var ifølgje Stop World Control at verda skulle vere nedstengt i minst to år, kanskje lenger. Diverre var mange nok so desperate allereie i byrjinga av 2021 at dei lét seg injisere – og nåde den som stilte spørsmålsteikn ved dette. På den andre sida, om verda faktisk hadde vore nedstengt i fleire år, hadde nok alt kollapsa, og vi ville fått ein «Ny verdsorden».

      https://stopworldcontrol.com/trumpvaccines/

      Likar

      • Saksyndig:
        Jeg får ikke trykket «liker» på dine tilsvar, og jeg har ikke alltid noe å tilføye, men jeg setter stor pris på at du deltar, også under artiklene, med flere gode innspill, opplysninger og lenker! Det verdsettes og leses 🙂

        Likt av 1 person

Kommenter innlegget