The Gateway Pundit rapporterte sundag 17.september 2023 om ei sjokkerande hending på eit sjukehus i Belgia. Den 36 år gamle kvinna Alexina Wattiez hadde i 2021 fått diagnosen uhelbredeleg kreft og blitt fortalt at ho ikkje ville overleve det neste året. Innan våren 2022 var helsa hennar so dårleg at ho valde å få utført eutanasi. Belgia er eit av landa der eutanasi – eller dødshjelp – er lovleg, dei legaliserte det i 2002. Ho håpte at assistanse til å avslutte livet ville gje ho ein mindre smertefull og meir fredeleg død.
I Belgia kan eutanasi utførast dersom pasienten lid av fysiske eller psykologiske tilstandar som verken kan behandlast eller kurerast, og der utsiktene til betring er lik null.
Alexina døydde ikkje akkurat so fredeleg som ho hadde håpt på. Hennar næraste pårørande, partneren Christophe Stulens og den 15-årige dottera Tracy var på sjukehuset då dei såg ein lege og to sjukepleiarar gå inn på rommet til Alexina for å iverksetje eutanasi-protokollen. Stulens fortel til avisa Le Soir (mi omsetjing):
«Etter ei kort natts søvn, vart eg vekt opp av ein sjukepleiar som fortalde meg at det gjekk svært dårleg med Alexina […]. So tok doktoren ut nokre kanylar og vi vart spurde om vi ville ta farvel.»
Det står vidare å lese:
«Stulens og dottera vart bedne om å vente utanfor, so dei gjekk ut på terrassen, men det som dei trudde ville bli ein fredeleg død vart raskt ganske so skremmande: dei høyrde skrik.
‘Eg kjende igjen stemma hennar,’ sa han. ‘Etterpå såg vi ho liggje der i senga med auga og munnen opne.’»
De Telegraph rapporterer at obduksjon av liket avdekte at dødsårsaka var kveling, ikkje eutanasi-legemiddelblandinga som var meint å avslutte livet hennar. Rapporten avslørte òg at dei to sjukepleiarane avløyste kvarandre i å kvele ho med ei pute.
Ein artikkel på nettstaden LiveAction.org avslører at legemiddela som blir brukt ved eutanasi er dei same som blir brukt ved avretting av dødsdømte fangar. I begge tilfella blir det brukt sedativ (avslappande medisinar) og paralytika (lammande medisinar) slik som pentobarbital og midazolam. Deretter injiserer dei ein agent som stoppar hjartet, slik som kaliumklorid eller digoxin. Sjølv om dei to scenarioa mildt sagt er ulike, er utfallet det same: Vedkomande døyr – eller er i det minste meint å gjere det. Av og til går det ikkje so bra, både ved eutanasi og ved avretting, slik som til dømes skjedde med fangen Joe Nathan James Jr. som vart dømt til døden i delstaten Alabama. Avrettinga av han skal visstnok ha teke rekordlang tid, og mannen leid i tre timar i sterke smerter. Somme meiner at han bokstavleg tala vart torturert til døde.
Det skal her presiserast at dersom ein injiserer menneske med lammande medisinar, vil dei som regel bli ute av stand til å røre seg eller uttrykkje ubehag, slik at det frå utsida kan sjå ut som dei ikkje lid. Dette reiser vesentlege etiske spørsmål ved kor «fredeleg og smertefritt» det er å døy av eutanasi. Under avlivinga av Alexina var ho i stand til å skrike, so det tyda på at legemiddelblandinga mislykkast i både å lamme ho og ta livet av ho.
Når det gjeld skilnaden mellom eutanasi og avretting, seier professor i anestesi ved Emory School of Medicine, dr. Joel Zivot følgjande ord som burde få det til å gå kaldt nedover ryggen på lesaren:
«Dødsstraff er ikkje det same som assistert død, naturlegvis. Avrettingar er meint å vere straff; eutanasi handlar om å lette liding. Likevel blir det ved både eutanasi og avrettingar brukt paralytika. Desse legemiddela, når dei blir administrerte i høge nok dosar, tydar at ein pasient ikkje kan bevege ein muskel, eller uttrykkje noko teikn på smerte. Men det tydar ikkje at han eller ho ikkje lid.»
Slike legemiddel kan faktisk fylle lungene med væske, slik at pasienten i praksis druknar medan han eller ho er lamma. På bakgrunn av dette meiner dr. Zivot med rette at dei som ønskjer å døy fortener å vete at dei kan ende opp med å drukne, ikkje berre falle i søvn.
I dagens verd er det ein urovekkjande trend der stadig fleire land byrjar å diskutere moglegheita for å legalisere eutanasi. Problemet med eutanasi er ikkje berre at medisinen stundom sviktar, men at det stadig kan utvidast kven som skal omfattast av denne protokollen. Når kryssar ein linja over i overlagt drap på dei som Staten oppfattar som uønskte, ubrukelege menneske?
