Hemmeleg rapport: Pfizer visste heilt frå februar 2021 at mRNA-covid-sprøytene deira drap folk

Dei færraste veit om den, men ein sokalla FOIA-førespurnad (Freedom of Information Request) tilbake frå 2021 gav opphav til det som no er kjent som den «konfidensielle» Pfizer-rapporten, melder Natural News. Rapporten viser at vaksinegiganten har visst heile tida at covid-19-sprøyta er dødeleg.

mRNA-injeksjonen var frå midten av desember 2020 og to månader framover skuld i meir enn 1200 registrerte dødsfall og fleire titals tusen uventa biverknader, og det er dei vi veit om. I tillegg vart det rapportert 23 tilfelle av spontanabortar i totalt 270 graviditetar, og meir enn 2000 rapportar om hjartetilstandar.

I slutten av februar hadde Pfizer motteke alle desse rapportane, men selskapet bekrefta likevel at sprøytene deira var trygge for dette «aktlause massedrapet». Utifrå denne evidensen hadde Pfizer på den tida eit juridisk ansvar for å straks trekkje tilbake injeksjonane – men det gjorde dei som kjent ikkje. I staden gjekk dei hen og injiserte fleire hundre millionar menneske i heile verda med mRNA-injeksjonane. Og dette skal no skje igjen, takka vere nok ei godkjenning frå FDA og aksept frå CDC.

Den komplette Pfizer-rapporten kan lesast her (arkivert versjon).

Natural News-skribent Ethan Huff skriv (mi omsetjing):

«Hadde Pfizer med éin gong trekt tilbake sine mRNA-sprøyter i slutten av februar 2021, etter dei fekk alle desse rapportane, so kunne ein kanskje ha skulda dei for «aktlaust drap», avhengig av korleis dei hadde handtert denne avsløringa. Men fordi Pfizer har halde fram med å distribuere og administrere dei, fell dette no inn i kategorien folkemord.

‘Mord [overlagt drap] impliserer i motsetnad til aktlaust drap ‘kriminell intensjon’,’ rapporterer Global Research. ‘Pfizers COVID-19-vaksine utgjer ei kriminell handling. Frå eit juridisk standpunkt er det ei ‘drapshandling’ som blir brukt over heile verda med ei befolkning på åtte milliardar menneske som mål. So langt har meir enn 60% av verdas befolkning blitt COVID-19-vaksinert.’

Ifølgje avtalen om farmasiårvakenheit som på noverande tidspunkt er i kraft, er Pfizer fullt ansvarleg for å handtere alle tryggleiksdato etter injeksjon på vegner av BioNTech, deira COVID-sprøytepartner, som gjer det selskapet medskuldig i folkemord òg.»

Global Research (sitert via Natural News) skriv vidare at på mindre enn tre månader etter den offisielle lanseringa av Operasjon Warp Speed av Trump-administrasjonen, var det totalt 42 086 tilfelle rapportert (25 379 medisinsk bekrefta og 16 707 ikkje medisinsk bekrefta), og dei inneheldt 158 893 hendingar. Landsfordelinga av desse tilfella er følgjande: USA: 13 739, Storbritannia (13 404), Italia (2578), Tyskland (1913), Frankrike (1506), Portugal (866) og Spania (756). Dei gjenverande 7324 var fordelt på 56 andre land. Dette er på berre tre månader. Tala har auka jamt og trutt heilt sidan starten på Operasjon Warp Speed.

Dataa kan ikkje bestridast, sidan dei er offisielle og står i ein rapport frå sjølve Pfizer. Dette legg grunnlag for rettslege handlingar mot ikkje berre Pfizer og BioNTech, men òg statlege byrå som FDA og CDC, so vel som Verdas helseorganisasjon (WHO) og massemedia.

Nemnde nokon politikarar slik som «våre» Solberg og Høie, eller «helseekspertar» slik som Guldvåg, Stoltenberg og Nakstad? Dei er òg ansvarlege.

I denne videoen publisert 16.mai 2022 snakkar professor Michel Chossudovsky om den «hemmelege» Pfizer-rapporten og korleis folket kan halde Big Pharma, Big Government og Big Media ansvarlege for å utføre dette folkemordet på verda. Rapporten er ei innrømming av skuld, og bevis på forræderi og brotsverk mot menneskeheita.

Kommenter innlegget