16.september 2023 vart det publisert ein artikkel av den briljante Jan Terje Voilaas på nettstaden Alternativ-media.com. På grunn av ei temmeleg dramatisk helg, har eg fyrst hatt tid til å omtale artikkelen no i dag (torsdag 21.september; artikkelen min er publisert fredag 22.september). I artikkelen slår Voilaas alarm om FNs Agenda 2030 for berekraftig utvikling, og her må sjølve frasen om berekraftig utvikling sjåast på som det den er: ein svikefull semantisk illusjon. Dette handlar om avliving av fleirtalet av menneskeheita, der dei overlevande skal sperrast inne i «smartbyar» og kontrollerast kvar eit sekund av døgnet. Dette er blodig alvor, folkens.
Voilaas viser innleiingsvis til ein artikkel av dr. Jacob Nordangård, der han siterer følgjande setningar (Voilaas si eiga omsetjing):
«Fenomenene som nå har omfattet hele verden har to kompl[e]mentære navn: Teknokrati og transhumanisme. Dette er en verden av luciferisk diktatur som streber etter slutten på mennesket som en guddommelig skapelse. Agendaen til den globalistiske blekkspruten koker ned til to prioriteringer: Depopulasjon og kontroll.»
Det er her tale om FNs Agenda 21 eller Agenda 2030: «Siden dette er en felles agenda for alle land i hele verden, gjenstår multipolaritet for øyeblikket kun et ønskelig perspektiv.»
Med nemnde Nordangård-artikkel som bakteppe, går Voilaas i gang med å leggje ut om dei dystre fakta. Vi har stygge ting i vente, noko han antydar allereie i tittelen på artikkelen: «NWO fester grepet. Dette blir stygt». Han snakkar om ein velkjent observasjon som George Orwell skreiv: Dess lenger eit samfunn driv vekk frå sanninga, dess meir vil dei hate dei som formidlar den. Han trekkjer fram Trond Harald Haaland (i artikkelen stava «Håland») som i sommar vart tvangsinnlagt fordi han hadde «feile meiningar» om covid og klimakrisa.
«De siste 200 års historie forteller oss at over 90% av alle som har blitt drept, har blitt drept av sine egne myndigheter,» skriv Voilaas, og dette er meir ei underdriving enn ei overdriving. Iallfall om ein legg til det bevisste og overlagte folkemordet som er sett i verk gjennom mRNA-injeksjonane. Det har oppstått eit hat mot dei som formidlar sanninga, og hatet vil eskalere heilt til ein oppnår forhold som liknar dei som utløyste Andre verdskrig. Men denne gongen blir alt verre:
«De fleste av oss skal denne gang avlives, kanskje over de neste 15-20 år, og de få som får leve skal transhumaniseres, digitaliseres, og bringes under total kontroll under The World Brain, Klaus Schwab og Børge Brendes våte drøm.»
Det har i mange, mange år skjedd eit koordinert åtak på menneskeheita, gjennom til dømes krigar, kriser, katastrofar og sjukdommar. Spesielt psykiatrien utpeiker seg her. Vi har sett ein eksplosjon i psykiske lidingar, lærevanskar og utviklingsforstyrringar (der autisme er eit døme på sistnemnde). Big Pharma har «behandla» desse sjukdommane med dyre, patentbeskytta legemiddel som dei tener i bøtter og spann på:
«Over 100 millioner amerikanere er nå diagnostisert med en psykisk lidelse, og ikke en eneste av disse diagnosene kan påvises vitenskapelig. Hver eneste diagnose er funnet opp, og blir offisielt vedtatt av en gruppe psykiatere hvis personlige inntektsnivå har eksplodert i samme periode.»
Og vidare:
«Psykiatrien er den eneste industrien jeg kjenner som kan plukke folk opp fra sine egne hjem, uten forvarsel, tvangsinnlegge dem på grunnlag av en subjektiv og fullstendig oppdiktet diagnose og tvangsmedisinere offeret til vedkommende enten er fullstendig ødelagt eller drept, uten konsekvenser for dem som står bak. Slik er det i USA, og Håland-saken viser at slik er det også i Norge.»
I tillegg til at psykiatrien og andre mektige sektorar blir brukt som våpen mot befolkninga, blir vi òg ubønhøyrleg fråstolne kjøpekraft mellom anna gjennom inflasjon og auke av gjeld. Dette har vore mogleg fordi president Nixon i 1971 tok dollaren av gullstandarden, slik at papirpengar ikkje lenger var bunden til noko med reell, ibuande verdi. Ein kan difor stille spørsmålet om vi rett og slett har blitt fattigare og fattigare sidan 1971. Voilaas trekkjer fram dømet på lønna til ein industriarbeidar i 1971. Den var då på 3000 kroner månaden, og ein unse gull kosta då 250 kroner:
«En industriarbeider tjente med andre ord 12 unser gull i månaden, som i dag ville tilsvart rundt 245 000 kroner i månaden. Det 330% høyere enn hva dagens industriarbeiderlønn faktis[k] er. En industriarbeiders arbeidskraft betales i dag med 76,7% mindre kjøpekraft enn i 1971. Med variasjoner, det samme har skjedd for alle yrkesgrupper.»
Og vidare:
«Grunnen til at ingen synes å skjønne dette, er at tyveriet har blitt skjult av globalisering og stadig billigere varer, samt en eksponentiell gjeldsutvikling med stadig lavere renter, faktisk til de laveste noen gang registrert. Nå snur alle disse trendene; globaliseringen har passert toppen, rentene har passert bunnen og gjelden vil fortsette å øke med minst 5% i året. Dette skjer etter at befolkningen har blitt frastjålet kjøpekraft i år etter år i over 50 år nå, målt i kjøpekraft, nærmere bar bakke enn de fleste skjønner.»
Heile landet har i tillegg blitt om til sokalla korporasjonar, frå sjølve Kongeriket Noreg til kvar einaste eining i offentleg sektor. Dette har ført til at Grunnlova, menneskerettar og alle traktatar og avtalar som nasjonen Noreg har signert, ikkje lenger gjeld. Korporasjonen Noreg har jo aldri vedteke eller underskrive på nokon av dei nemnde lovene, avtalane og traktatane. Mellom anna gjeld heller ikkje Nürnberg-kodeksen lenger.
«Alle ansatte i offentlig norsk sektor jobber nå for et foretak, ikke for det norske folk, skjønt vi må fremdeles lønne dem. Erlend Wiborg er ansatt i bedriften Stortinget (foretaksnummer 971 524 960) og svarer følgelig kun til sin arbeidsgiver og til bedriftens Daglige Leder, Jo Kyrre Grimstad.»
Voilaas spør so om dette er tilfeldig, eller del av den store planen til eliten. Med tanke på kva som ligg føre oss, er nok dette sannsynleg.
Han går so over i det som etter mi meining er det viktigaste punktet i artikkelen: Dei sokalla C40-byane. Gruppa av byar vart etablert i 2005, naturlegvis på initiativ frå WEF, og legg planar for reduksjon av utslepp frå privatpersonar i tråd med klimamåla. I 2019 kom denne C40-gruppa med ein rapport der dei legg kursen for det vidare arbeidet mot konkrete mål. Desse måla er omtala i ein artikkel på nettstaden Planet Today (publisert 20.august 2023), der det står at 14 amerikanske storbyar har plikta seg til å nå følgjande mål før 2030:
- Null konsum av kjøt og mjølkeprodukt
- 3 klesplagg per innbyggjar per år
- Ingen privatbilar
- Ein kort flytur under 1500 kilometer per innbyggjar kvart tredje år
I tillegg vil der kome strenge energikrav for bustader og bygg, der det vil koste det kvite ut or auget å oppgradere bygningsmassen etter gjeldande krav. I tillegg vil renta stige og stige og matprisane bli mykje dyrare enn dei er i dag. Ein vil få 15-minutts «smartbyar» som vil bli inndelt i soner, og der digitalstyrt sentralbankvaluta (CBDC) vil avgjere kor mykje ein fange kan bevege seg. Alle vil få tildelt ein personleg karbonkvote, og lommeboka med CBDC vil vere ein mikrochip under huda. Ein snakkar her om det Voilaas kallar «opne, urbane fengsel».
Han reknar med at Oslo og sidan alle norske byar vil følgje C40-byane. Med andre ord vil alle norske byar bli fengsel der innbyggjarane lever som totalovervåka fangar. Difor kjem han med følgjande drastiske råd:
«Jeg tror tiden nå har kommet for alle innbyggere i norske byer, spesielt i Oslo, folk som har muligheten, å vurdere radikale grep, f.eks. å selge alt man eier i byen før prisene for alvor begynner å rase, og flytte til f.eks. en liten øy uten veiforbindelse, langt fra fastlandet og med få innbyggere.»
Stikkordet her er langt frå fastlandet, og manglande vegsamband, slik at ein lang ferjetur blir einaste vegen ut der. Då vil til dømes den tynt folkesette øya få nyss om at politiet kjem ut dit allereie når dei køyrer om bord på ferja på fastlandet, slik tilfellet var i gamle dagar før det fanst mobiltelefonar. Voilaas trekkjer fram Utsira, 75 minutt med ferje frå Haugesund, som eit perfekt døme på ei slik øy å skjule seg på.
«Hva om alle våkne flytter til disse øyene og overlater fastlandet til politikere, byråkrater og sauer? Kunne det vært en plan?»
Då måtte denne øya av vakne sjeler i so fall ha vore 100% sjølvforsynt, og alle som jobba på ferja ville måtte vere ein av dei. Dersom politiet og Staten verkeleg ville få tak i nokon der ute, hadde dei jo stilt med politibåt og helikopter. Ei av mine kjelder tilrår å gøyme seg i avsidesliggjande dalar i fjell inst i lange fjordar. Gjerne på ein stor, privat eigedom som er avsperra med gjerde, og der alle har skytevåpen. Alternativet er som sagt å leve som ein totalovervaka fange og slave i ein smartby, der ein når som helst kan forvente avliving dersom den totalitære Staten finn det for godt.
