Våre kjære Natural News-skribent Ethan Huff melder at ei risikovurdering for 2023-24 gjort av det europeiske grensebyrået Frontex, viser at det store fleirtalet av ulovlege innvandrarar/invaderarar utgjer menn i stridsdyktig alder – heile 92%. Berre åtte prosent er damer. Dette gjer det etter mi meining feil å omtale alle desse unge, sterke mannfolka som flyktningar – dei kjem hit som del av ein koordinert invasjon, kan det sjå ut som. Målet deira er våre velferdsordningar, og målet til dei som sender dei er befolkningsutskifting og/eller blanding mellom europearar og ikkje-europearar for å få ein meir «medgjerleg» rase, jamfør Kalergi-planen.
Nemnde statistikk er frå i fjor, men årets tal er venta å vere like høgt, om ikkje høgare, mellom anna på grunn av den nylege invasjonen av den italienske øya Lampedusa, der hordar av afrikanarar kom og tok seg til rette på øya, i vente av å bli frakta vidare nordover til fastlandet. For å sitere Ethan Huff (mi omsetjing):
«Kort fortalt sender den tredje verda i militærstil hordar av unge menn rett inn i Europa slik at dei kan ta over den hovudsakleg kvite vestlege verda og forvandle den til noko anna.»
Det Frontex kallar «skjule innreiser» til Europa har følgjande etnisitetsfordeling: 33% er afghanarar, 15% syriarar og 10% er tyrkarar. Frontex åtvarar òg at der er stor fare for at det sokalla migrasjonstrykket vil auke neste år. Trafikk av innvandrarar skjer ofte under livstrugande og umenneskelege forhold. Dei har òg narkotika med seg: I 2022 viser statistikk frå EU at der var 1898 tilfelle der ulovlege innvandrarar smugla med seg til saman 252 tonn narkotika til Europa.
Ukraina skil seg markant ut. Her snakkar vi reelle flyktningar, og der var fleirtalet faktisk kvinner. Dette står i skarp kontrast til «flyktningane» frå Afrika og Midtausten, som nesten alle er menn i stridsdyktig alder. Dei flyktar ikkje frå krigssoner eller undertrykkjande regime – desse må reknast som økonomiske innvandrarar som helst vil ha alt oppi nevane. Det er her verdt å namne at talet asylsøknader er 28% større i år enn i fjor på same tid. EU er venta å ta imot meir enn ein million asylsøknader i 2023. Talet no, i slutten av september, ligg på rundt 519 000 søknader. Talet søknader var i 2022 for øvrig 53% høgare enn i 2021.
Som ein naturleg konsekvens av denne invasjonen, står fleire EU-medlemsstatar overfor store utfordringar når det gjeld å ta unna alle søknadene, for ikkje å snakke om finne bustad og fornuftig syssel til alle desse unge, friske mennene. Om ein skal tru media, bruker dei stort sett dagane på å rane folk og starte slagsmål fordi dei har ingenting betre å drive på med.
Berre éin gong i nyare historie har talet asylsøknader vore høgare. Det var i 2016 då den fyrste invasjonen av «flyktningar» fann stad. Då hugsar eg at norske kommunar måtte hive seg rundt og hoste opp bustader og erverv til alle desse folka. Somme av dei var mindreårige, sjølv om elementær biologi sa noko heilt anna. «Skjeggbarn» vart dei kalla av politikarane som var med på dette spelet. No snakkar EU om å vedta ei «migrasjonspakt» som skal tvinge medlemsland til å ta imot sin «rettferdige del» av asylsøkjarar. Elles blir dei bøtelagde. Som venta er Polen og Ungarn sterkt imot ei slik pakt.
Det sentrale spørsmålet her er kor lenge Vesten kan overleve denne konstante, destabiliserande invasjonen.
