ReMix News melder at prisane på einebustader og leilegheiter i Tyskland har falle historisk, men er framleis skyhøge for dei fleste tyskarar. Denne trenden blir driven av stigande inflasjon, høge renter og mangel på interesse frå kjøparane si side. Dette fallet i bustadprisar er det skarpaste sidan denne typen statistikk vart innført i 2003.
Data frå Det føderale kontoret for statistikk viser at prisane fall 9,9% frå april til juni. Likevel er prisane berre 1,5% billegare enn fyrste kvartal av 2023 – prisane var ekstremt høge i tida før «pandemien». Generelt er det i byar ein har sett det mest markante fallet prisar, og dei sju største byane peiker seg ut: Berlin, München, Köln, Hamburg, Stuttgart, Frankfurt am Main og Düsseldorf. Snittprisen på ein einebustad fall 12,6% samanlikna med andre kvartal av 2022, medan prisen for ei leilegheit fall med 9,8%.
Ute på landsbygda er ikkje fallet fullt so dramatisk, der fall prisane «berre» med 7% samanlikna med same kvartal i fjor, då einebustader var 8,1% billegare.
DZ Bank offentleggjorde nyleg ein studie som indikerte at prisane berre ville falle mellom fire og seks prosent heile året. Verken deira estimat eller det reelle talet er ikkje so mykje med tanke på den utfordrande situasjonen i den tyske bustadmarknaden. Studien slår fast at prisnedgangen, målt mot dei forverra finansielle forholda og uvissa knytt til framtidige investeringar i energirenovasjon, ser ut til å vere moderat, i det minste einsifra.
Den noverande venstreorienterte regjeringa har kome med lovnader om hittil usett byggingsaktivitet for å tilfredsstille behovet tyskarar har for hus og leilegheit. Stigande prisar, inkludert i leigemarknaden, har lagt eit enormt press på hushaldningar. I tillegg blir mange byggjeprosjekt anten sett på vent eller fullstendig gjevne opp, ettersom mange byggherrar og entreprenørar går konkurs.
Presidenten i Kommiteen for sentraleigedom (ZIA), Andreas Mattner, seier at stadig aukande rente og høgare byggjekostnader resulterer i ein gifting kombinasjon, og sjølve staten – på føderalt, delstatleg og lokalt nivå – må no faktisk respondere på denne dramatiske situasjonen.
ReMix News melder òg at på grunn av bustadkrisa i Berlin, so må innbyggjarane rekne med å bli tvangsflytta til mindre leilegheiter – eller betale meir i skatt. Dette var riktig nok eit lovforslag som kom i mai 2022. På same tid ser asylsøkjarar ut til å få særbehandling, i og med at det i august var planar om å lage eit bustadkompleks i Berlin med 128 leilegheiter reservert berre for asylsøkjarar. Er ikkje lenger tyskarar velkomne i sin eigen hovudstad?
