Historieforfalsking: Ny britisk barnebok hevdar at Stonehenge vart bygt av svarte

Den uavhengige nettavisa WND rapporterer: Den nye britiske barneboka Brilliant Black British History av nigerianskfødde Atinuke, påstår at Storbritannia har fleire svarte som del av historia si enn kvite, og at det berømte Stonehenge vart bygt av svarte. Ben Kew skriv på X at det er konsensus blant historikarar at dei fyrste svarte menneska kom til Dei britiske øyar under Det romerske imperiet rundt 300 etter Kristus. Stonehenge vart bygt i bronsealderen mellom 3000 og 2000 før Kristus, altso meir enn to tusen år før den fyrste svarte sette sine bein i øyriket.

Ei anna uavhengig nettavis, Revolver News, seier at denne nye boka rett og slett lyg til barn. Dei skriv vidare (mi omsetjing):

«Det er temmeleg forundrande kvifor det er slik ein febrilsk iver blant svarte å appropriere historiske forteljingar. Dette fenomenet finn ofte stad, der mange svarte tek æra for veldokumenterte historiske hendingar […]. Uheldigvis har dette ført til vesentlege desinformasjonskampanjar som i praksis skriv om historia. Mange historikarar lèt vere å snakke ut, fordi dei fryktar potensiell gjengjelding frå ein radikal kanselleringsmobb som er meir oppteken av forteljingar og bodskap enn fakta og sanning.»

Det faktum at Stonehenge vart bygt fleire tusen år før det i det heile teke kom svarte til Storbritannia, stoppa ikkje ein nigerianskfødd forfattar frå å fortelje historia på ein totalt annleis måte. I tillegg hevdar boka ifølgje The Daily Mail at Storbritannia hovudsakleg har vore eit kvitt land langt kortare enn det hovudsakleg har vore eit svart land. Boka er utgjeven av forlaget Bloomsbury og fremja av The Book Trust, ei veldedig litterær foreining. Storbritannia skal meir spesifikt ha vore eit svart land i meir enn 7000 år før kvite kom til øyriket.

Forsking som vart publisert i 2019 antyda at bøndene i yngre steinalder som bygde Stonehenge, hadde bleikare hud og var etterkomarar frå folkeslag i Anatolia i dagens Tyrkia. Dei hadde mest sannsynleg brune auge og svart eller mørkebrunt hår.

Boka hevdar komisk nok at romarane som invaderte og herska over Storbritannia var svarte, endå romarane tradisjonelt alltid har vore rekna for å vere av europeisk opphav.

One comment

  1. Dette de gjør i Europa nå er det samme hvite gjorde mot indianerne. I dagens USA er det sorte som kjemper for sine rettigheter. De er de sist ankomne til kontinentet. Likevel krever de skjorta ut av hvitøyet.
    Hvilken skjebne kan vi etniske forvente oss?
    Omtrent som indianerne. Bli dyttet inn i skyggene med noen brennevinsflasker for å sikre at vi aldri tar til motmæle.
    Halpogrupper viser at afrikanerne aldri har vært utenfor eget kontinent før engelskmennene kom ned dit og ble tilbudt slaver fra ghanesiske slavehandlere.
    Innbyggerne på det afrikanske kontinentet har ingen felles halpogrupper med noen andre i hele verden. Selv språkstammen deres er isolert.
    Forskerne fant Lucy og i henne fant de et mitokondrie som alle andre mennesker også har, og de trakk da slutningen at akkurat hun, kvinnen i Afrika er stammor til alle mennesker på hele jorda. Hvilket ikke stemmer. Det har vært funnet skjelett i Australia som både er eldre og som inneholder mitokondriet. Hvem vet, kanskje det mitokondriet er nettopp det som gjør oss til mennesker?

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget