Cloward-Piven-strategien: USA og den vestlege verda er i ferd med å bli øydelagt med vilje

Kevin Downey Jr. skriv på nettstaden pjmedia.com det som mange har mistanke om: Øydelegginga av USA (og den vestlege verda) er gjort med vilje, og følgjer ein strategi frå ytre venstre som har blitt åtvara mot iallfall sidan 1980-talet.

Innleiingsvis skriv Downey Jr. (mi omsetjing):

«I litt over to og eit halvt år har Joe Biden og/eller hans dokkemeistrar (sjå Barack Obama, Susan Rice, Klaus Schwab, etc.) vellykka ført USA mot øydelegging. Planen tok ein fireårig omveg då president Trump sat med makta. No, takka vere det som mange trur er eit stole val, er planen for å slavebinde våre joggebukseræver i gang igjen.»

Den sovjetiske avhopparen Juri Bezmenov åtvara allereie i 1984 om at USA (og dermed Vesten) er i ferd med å bli teken over av ein hemmeleg kabal, og at målet er øydelegging. Bezmenov meinte at mellom andre lærarar ved amerikanske colleges og borgarrettsleiarar demoraliserte – eller indoktrinerte – fleire generasjonar av amerikanarar, som vart overbeviste om å hate sin eigen nasjon og ofte òg seg sjølve. Og vidare:

«Sovjetarane infiltrerte med suksess det svarte samfunnet, overtyda dei om at dei var mindreverdige, og lét sinnet drype over i følgjande generasjonar. Det er grunnen til at vi ser høgt utdanna og vellykka svarte menneske slik som Obama-familien, MSNBCs Joy Reid og dei forskrudde Cori Bush som driv og skrik om rasisme, sjølv om dei høyrer til dei 1% [eliten]. Dersom systemisk rasisme var reelt, korleis kom desse stakkars leiglendingane seg so langt?»

Videoen til Bezmenov kan sjåast her. Planen til sovjetarane utgjorde fire punkt, og er følgjande:

  1. Demoraliser folket til dei ikkje kan skilje fakta frå fiksjon.
  2. Destabiliser nasjonaløkonomien til målet, forsvarssystema og utanlandske relasjonar. (Bidenomics er ein vits, militæret er woke og lid av mangel på friviljuge, og våre [USA sine] utanlandske relasjonar er i ferd med å starte Tredje verdskrig.)
  3. Krise: legg opp til ei større hending som får systemet til å implodere (til dømes at sju millionar innvandrarar får velferdssystemet og økonomien til å bryte saman, eller ein plutseleg mangel på gass/energi, som vi har sett i Sri Lanka og Nigeria).
  4. Normalisering: Staten innfører sosialisme for å gjere alt «betre».

Dette har store likskapstrekk med den sokalla Cloward-Piven-strategien. Cloward og Piven var professorar ved Columbia University, og dei fann opp ein plan for å innføre sosialisme i USA, noko som ville føre til større rettferdskjensle hjå dei med lite midlar. Deira firepunktsplan var:

  1. Overveld velferdssystemet (til dømes med hordar av ulovlege innvandrarar)
  2. Skap panikk og kaos
  3. Sjå systemet bli øydelagt
  4. Erstatt det med sosialisme

Denne «sosialismen» er naturlegvis Den nye verdsorden, New World Order, og den hemmelege kabalen som står bak ser ut til å følgje nemnde firepunktsplan til punkt og prikke. Resultatet er openbert. Som NewsTarget skriv i sin omtale av Downey Jr.-artikkelen:

«Heilt sidan Joe Biden vart installert i Det kvite hus ved hjelp av bedrag, har den styrte nedtakinga av USA akselerert. Vi sit no og ser på at forsyningskjedane held fram med å forvitre, saman med skyhøg inflasjon, manglar og veksande sivil uro.»

Dette gjeld i resten av Vesten òg. Vi opplever krise etter krise; er det ikkje det eine, so er det det andre. Plandemien forsvann nærast over natta då Russland gjekk inn i Ukraina i februar 2022, og no når Ukraina-krigen snart ser ut til å vere over, so skrur bankane opp renta som dei strammar inn tommeskruar, og helsetoppar går ut og åtvarar om «nye covid-19-variantar». Kaos og ustabilitet set dei fleste ut, og «løysinga» vil i slike desperate situasjonar framstå som det einaste rette. Nokre finn seg derimot ikkje i å bli pressa opp i eit hjørne på den måten, og opprør og kamp ser diverre meir og meir sannsynleg ut.

Kommenter innlegget