Den «grøne» klimaagendaen har som mål å øydeleggje matforsyninga og få oss til å ete insekt medan vi lever under TYRANNI

Vår produktive skribent i Natural News, Ethan Huff, fekk 29.september 2023 publisert ein artikkel der han skriv om den «grøne» klimaagendaen, og korleis den er ein trojansk hest som eliten bruker for å øydeleggje matforsyninga og få oss alle til å sitje og gumle på insekt medan vi «lever» i eit undertrykkjande, tyrannisk regime. Saksyndig kjem her med ei gjengjeving og utvalde sitat.

Huff skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Alt som den rådande makta fortel alle akkurat no om korleis verda berre kan reddast frå ein fullstendig miljø- og klimarelatert kollaps ved å gå over til ein ‘grøn’ økonomi er ei løgn.

Det viser seg at den grøne klimaagendaen er eit knep, eller ein trojansk hest, for å sleppe fienden inn porten slik at alle familiebønder går konkurs; øydeleggje tradisjonen bak husdyrhald; og fremje den verdsomspennande etinga av insekt i staden for kjøt – for ikkje-eliten, naturlegvis, sidan dei på toppen av pyramiden framleis kan sitje og stappe i seg kjøt og dei lekraste vinar når det kjem til alt som er fancy og gourmet.

Det er du og eg som globalistane vil ha fanga i lenkjer medan vi et kakerlakkar og grashopper til middag kvar dag medan vi feirar ‘lykka’ av å eige absolutt ingenting og likevel vere glade – korleis skal det fungere?»

Han pakkar det ikkje inn. Desse «grøningane» vil ha oss døde slik at dei kan ta over planeten og leve eit liv i sus og dus utan at vi er i vegen for dei. EpochTV-programverten Roman Balmakov diskuterer i sin dokumentarfilm No Farmers No Food korleis ein heil armé av klimaaktivistar blir manipulert av korrupte regjeringar til å stengje ned alle matproduserande gardar fordi desse gardane visstnok «øydelegg» planet. Eliten vil at gardane i staden skal erstattast av insektfabrikkar slik som milliardæreugenikaren Bill Gates har byrja å byggje på dei millionane av mål med jordbruksland som han har kjøpt opp i seinare tid.

Balmakov seier følgjande:

«Folka som styrer nokon av dei mektigaste organisasjonane på planeten har bestemt at landbruk, spesifikt dyrelandbruk, har skulda for global oppvarming, og global oppvarming har skulda for dei høge matprisane og matmangelen.»

Bønder i land som Nederland, Storbritannia og Bulgaria har nyleg protestert mot at «grøne» politikarar prøver å forby tradisjonelt jordbruk på grunn av at «karbonet» dei produserer. Eg vil her leggje til at «grøn politikar» her har ei kløktig dobbeltyding – «grøn» kan her både referere til klimaagendaen, og det faktum at mange moderne politikarar har bortimot null arbeidserfaring og knapt er tørre bak øyra.

I California har «grøne byråkratar» (igjen denne dobbeltydinga) rett og slett teke det steget å frårøve bønder vatnet dei treng til å dyrke mat for nasjonen. Ved å skape denne kunstige vassmangelen via «tørke», kan dei spinne på det narrativet at kloden er i ferd med å gå tom for vatn. Denne «grøne innblandinga» står bak stadig aukande matvareprisar over heile den vestlege verda. Konsekvensane på lang sikt kan vere hungersnaud. Det einaste desse «grøne politikarane» har rett i, er at dette er menneskeskapt – av dei sjølve. Om dei då er menneske i det heile.

Når det gjeld varierande temperaturar, er desse ein del av den naturlege syklusen til planeten. «Grøningane» vil derimot ha oss til å tru at det er vår feil, og at vi no må lide på grunn av all «forureininga» som livsnaudsynt industri har stått bak sidan 1800-talet. Med mindre vi har lyst på ei framtid der vi sit i mikroleilegheiter i 15-minuttsbyar og gnafsar på kakerlakk-curry, myggmarinade og flugefajitas, må vi gjennomskode løgnene deira og ta dei på det. Alle må få vete at dei lyg so det renn av dei, og at målet deira er å myrde oss.

Kommenter innlegget