The Gateway Pundit rapporterer via Warner Todd Huston i The Western Journal at Biden i ein tale sist onsdag (27.september 2023) skjelte ut amerikanarar for å vegre seg for å ta nye covid-«vaksinar». Desse blir for tida lansert under påskotet av å bekjempe nye «variantar» av det påståtte viruset.
Det var under ein kort tale ved Fairmont San Francisco Hotel i San Francisco (kor elles, liksom?) at Biden kom med denne utblåsinga. Talen skulle eigentleg handle om kunstig intelligens til bruk i forsking og medisin, men han spora litt av. Som Huston skriv (mi omsetjing):
«Biden opna talen sin ved å påstå at det har ‘forstyrra’ han at den føderale regjeringa ikkje har følgt med på ‘investeringar i vitskap og teknologi’ dei siste 30 åra, ifølgje Det kvite huset sin transkripsjon av hendinga.
‘Vi brukte å leie verda innan forsking og utvikling i vitskap og teknologi’, sa han. Amerikansk pengebruk på slike ting har falle frå to prosent av BNP til berre 0,7%, sa Biden.»
Det var medan han snakka om denne naudsynte investeringa innan forsking at han gjekk over til å skjelle ut vaksinenektarar:
«‘Og på eit av dei områda – de såg kva som skjedde når det gjaldt krisa – helsekrisa som vi hadde som kosta oss,’ utbraut Biden. ‘Vi miste godt over ein million menneske. Og då tida byrja å gå vidare, hadde vi fleire og fleire stemmer som sa ‘nei, nei, nei. De treng ikkje ta den sprøyta. Dei treng ikkje å bli – få – du treng det ikkje.’
‘Og vi har ein ny variant av COVID no, og vi har svara på det. Men eg vil berre oppmode dei i det offentlege liv og begge politiske partia eller ingen politiske parti til å vere merksame om ac- [?] – dei stundom inflammatoriske tinga du seier om dette, fordi folks liv er i fare,’ surra han vidare om.»
Verdas helseorganisasjon (WHO) påstår at 1 127 152 amerikanarar døydde av covid. Talet kan vere overdrive sidan der har vore so mykje juks og fanteri når det gjeld statistikk. Det avgjerande spørsmålet er om personen døydde av eller med covid. Vi veit òg at amerikanske helseføretak fekk sjenerøse utbetalingar frå staten for covid-diagnose, covid-«behandling» (oppkopling til respirator og administrasjon av det dødelege legemiddelet remdesivir) og covid-«dødsfall». Om dette mot formodning er det reelle talet på covid-«døde», har til samanlikning ein million amerikanarar døydd av narkotikaoverdose sidan 1999 – i 2021 døydde 106 700 amerikanarar av opiatar åleine.
Artikkelforfatteren meiner det er påfallande at Biden ikkje nemner fentanyl-krisa med eit ord.
Og ein annan ting dersom talet covid-«dødsfall» er riktig: Viser ikkje det at verken covid-tiltak eller «vaksinar» var totalt mislykka? New York Times rapporterte at USA i 2022 hadde høgare covid-dødsfall enn nokon andre «rike land», til trass for at 81,82% av befolkninga har teke minst éi covid-«vaksine». Denne høge prosenten kom av det faktum at amerikanske delstatar i stor grad tvinga menneske til å late seg injisere, mellom anna ved trugslar om tap av jobb og inntekt, og å bli utestengt frå samfunnet gjennom forbod mot å handle i butikkar eller gå på skulen. Ein betydeleg konsekvens av denne vaksinetvangen var at tusenvis av soldatar vart tekne ut av aktiv teneste i hæren.
Artikkelforfattaren skriv avslutningsvis:
«Bidens bøner om å få folk til å snakke om hans elska vaksine ser meir ut som eit forsøk på å utøve makt enn å hindre sjukdom. Og tydelegvis er Biden framleis i dag forbanna for at han aldri hadde makta til å utføre tvang som andre nasjonar hadde overfor sine borgarar under det verste pandemihysteriet.»
