Denne veka kjem det til å skje to særs illevarslande hendingar

Michael Snyder skreiv 1.oktober 2023 om to særs illevarslande hendingar som kjem til å finne stad no i veke 40 (2. til 8.oktober). Grunnen til at han refererer til dette tidsrommet som «denne veka» endå artikkelen vart publisert sundag, er at amerikanarar har for vane å rekne sundag som fyrste dag i veka. Dei to hendingane som Snyder refererer til, er to «testar» gjort av høvesvis Putin og dei amerikanske styresmaktene.

Tysdag 3.oktober skal det i Russland finne stad ei «landsomfattande atomåtak-øving», noko som er den fyrste i historia til landet. Dette skaper naturleg nok overskrifter, uro og uvisse over heile verda. Øvinga finn stad over 11 russiske tidssoner og er meint som ei førebuing på ein eventuell atomkrig. I øvinga skal Vesten presenterast som den parten som går til åtak.

Som Snyder kommenterer (mi omsetjing):

«Dersom Vladimir Putin var fullstendig overtyda om at der er null sjanse for at ein atomkrig vil finne stad, ville han ikkje ha gjeve ordre om desse øvingane.

Openbert trur han at det i det minste er ein ørliten risiko for at konflikten i Ukraina kan forårsake ein atomkrig.»

Under øvinga er der innført krigslover/unntakstilstand i Russland, og ein fryktar at eit atomåtak av vestlege makter kan øydeleggje opptil 70% av russiske bustader. Øvinga varer éin dag. Tidlegare har liknande øvingar berre blitt haldne på regionalt nivå, aldri på nasjonalt.

Russland har meir enn 16 000 tilfluktsrom som er meint å bruke under atomåtak. USA har eitt. Ja, de las riktig. Eitt einaste atomkrig-tilfluktsrom i eit land med over 300 millionar innbyggjarar. Dette ligg i Seattle-området, kan huse 200 menneske (!) og vart bygt i november 1962 i samband med Kuba-krisa. Planen var å byggje fleire, men av ukjende årsaker vart rommet det fyrste og einaste i sitt slag i landet.

USA har so langt ingen planar om å utføre liknande nasjonale atomåtaksøvingar, sidan den amerikanske toppleiinga i sine hovudristande vrangførestillingar trur at russarane aldri ville våge å atombombe landet. I deira verd er Ukraina i ferd med å vinne krigen, og russarane på god veg til å tape. Det kan diskuterast om USA og NATO demonstrerer hybris (guddomleg overmot) eller rein og skjer dumskap.

Den andre illevarslande hendinga som Snyder refererer til, er den sokalla Nationwide Emergency Alert Test («landsomspennande naudalarmtest»), som vil finne stad onsdag 4.oktober, ein dag etter russarane si atomkrigsøving. Onsdag ettermiddag skal alle amerikanske TV-ar, radioar og mobiltelefonar presis klokka 14:20 sende ut ein høg naudalarm. Dette vil òg skje om mobiltelefonen står i sokalla «stillemodus». Testen vil vare i eitt minutt, og under testen vil det bli tydeleg signalisert at dette berre er ei øving. Det vil stå å lese:

«DETTE ER EIN TEST av det nasjonale trådlause naudalarmsystemet. Inga handling er naudsynt.»

Ei parallell melding til spansktalande vil òg bli sendt ut.

I Noreg tilsvarer dette sokalla naudvarsel, og det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer når eit slikt varsel skal sendast ut. Naudvarsel vart blant anna sendt ut 7.august i år på grunn av ekstremvêret Hans. I tillegg fann det stad ein test av varslingssystemet 14.juni 2023 presis klokka tolv om dagen. Dette var ein av to testar som blir utført i året – det fann stad ein liknande test 14.februar i år.

Testing av naudvarsel er verken illevarslande eller kontroversielt i norsk forstand. Dette er ein del av beredskapen i landet, og det er ingen grunn til å tru at der er fare på ferde, verken fordi Putin simulerer atomkrig eller fordi amerikanske styresmakter testar eit landsomfattande varslingssystem. Somme med meir konspiratoriske tankemønster vil derimot sjå på desse to hendingane, spesielt det som skjer i Russland, som særs illevarslande teikn på ein komande krig.

Kommenter innlegget