Norsk studie knyter covid-19-«vaksinar» til uventa bløding hjå damer

Ein nyleg studie avslører at covid-19-«vaksinar» kan vere knytt til bløding hjå damer som ikkje menstruerer, slik som dei i overgangsalderen og dei som går på prevensjon. Nemnde gruppe viste seg å ha fleire gonger større risiko for å oppleve uventa vaginal bløding etter covid-19-«vaksine» enn før dei vart injiserte.

Studien vart publisert i tidsskriftet Science Advances. Det er ingen ringare enn Det norske folkehelseinstituttet (FHI) som står bak studien. Ein av forfattarane er ei dame ved namn Kristine Blix. Studien er òg nemnd i Nature, men ligg bak betalingsmur. Natural News rapporterer (mi omsetjing):

«Medan Blix og teamet hennar ikkje undersøkte sjølve grunnane for den uventa blødinga, antydar funna deira at den kan vere knytt til SARS-CoV-2-piggproteinet som er brukt i vaksinane. Big Pharma hevdar at covid-19-vaksinane er ‘trygge og effektive’, men studiar slik som den til Blix og teamet hennar seier noko anna.»

Blix og medforskarar brukte mellom anna ei pågåande spørjeundersøking knytt til folkehelse, og spørjeskjema som vart sendt til deltakarane i studiane kvar andre veke for å overvake effektane, ei undersøking som har pågått sidan byrjinga på «pandemien».

«I det fyrste spørjeskjemaet som dekte covid-19-vaksinasjonar sendt i 2021, skreiv fleire kvinnelege deltakarar i fritekstfelta at dei hadde opplevd alvorlege menstruasjonsblødingar. Dette fekk forskarane til å sjå etter ‘blødingsmønster på ein strukturert måte’.»

Meir enn 21 000 svar kom frå damer i eller i ferd med å gå inn i overgangsalderen og ikkje-menstruerande damer som enno ikkje hadde kome i overgangsalderen. Blix vart overraska over resultata: «Data viste at 252 damer i overgangsalderen, 1008 damer i ferd med å gå inn i overgangsalderen og 924 damer som enno ikkje hadde kome i overgangsalderen opplevde uventa vaginal bløding.»

«Minst 50% i kvar gruppe rapporterte at blødinga fann stad fire veker etter deira fyrste eller andre covid-19-vaksinedose eller begge.»

Hjå damer som enno ikkje var kome i overgangsalderen og dei som var i ferd med det, avslørte spørjeskjemaa at dei hadde tre til fire gonger større risiko for bløding enn før injeksjonane. For dei som var i overgangsalderen var risikoen to- til tredobla.

Her i Noreg var det hovudsakleg Pfizer-BioNTech og Moderna sine mRNA-vaksinar som vart delte ut, i tillegg til AstraZeneca. Sjølv om masseinjiseringa byrja i slutten av desember 2020, var det fyrst i oktober 2022 at Det europeiske medisinske byrået la til alvorleg menstruasjonsbløding som ein av biverknadene til mRNA-«vaksinane».

Uventa bløding etter at ordinær menstruasjon har slutta (menopause) er under normale omstende teikn på alvorleg sjukdom, slik som til dømes kreft. Det skal her seiast at det er framleis uvisst om bløding etter injeksjon er ein biverknad – legar tek dette likevel til grunn når dei vurderer helsetilstanden til ein pasient som har late seg injisere, spesielt er dei interesserte i å vete vaksinasjonsstatusen til ein pasient som tek kontakt på grunn av vaginal bløding.

Sokalla «pandemisk stress» er òg kjent for å påverke menstruasjon, og «pandemien» snudde liva til folk opp-ned nærast over natta og kasta dei inn i eit totalitært mareritt der gjeldande nasjonale lover og reglar vart lagt til side, og vart erstatta av tiltak som styresmaktene med glede handheva, men ikkje ville stå ansvarlege for. Dette, kombinert med desinformasjon og fryktporno frå hovudstraumsmedia, førde til eit vell av personlege tragediar og øydela familiar, ekteskap, vennskap, arbeidsforhold og heile lokalsamfunn (sistnemnde på grunn av nedstengingar som fekk små- og mellomstore bedrifter til å gå konkurs). At dramatiske omveltingar i samfunnet, der alt det trygge og kjende forsvinn, kan negativt påverke menstruasjon hjå damer, noko dr. Taraneh Shirazian ved NYU Langone Health i New York by kan bekrefte. Under stress skil kroppen ut hormonet kortisol, og det er same mekanismen som finn stad under virusinfeksjon. Føremålet med kortisol er å førebu kroppen på ein kjemp-eller-flykt-situasjon, men mange oppdaga at den totalitære mobbinga til styresmakter i heile den vestlege verda rett og slett ikkje lét seg rømme frå – og dei som valde å kjempe, kjempa sitt livs kamp.

Kommenter innlegget