Mengda av barneporno på nettet har nesten dobla seg sidan før «pandemien»

Ein av hovudskribentane på nettstaden Zero Hedge, «Tyler Durden» (oppkalla etter ein rollefigur i filmen Fight Club frå 1999), rapporterer ein urovekkjande trend: Mellom 2019 og 2022 har mengda barneporno på nettet nesten dobla seg. I 2019 vart 132 676 URL-ar (adresser som er unike for kvar nettside) bekrefta å innehalde bilete eller videoar av seksuelt misbruk av barn. I 2022 steig dette talet til 255 588. Dette er ifølgje tal frå den siste årsrapporten frå britiske Internet Watch Foundation, ein ikkje-statleg organisasjon (NGO) og ei vaktbikkje.

Anna Fleck i Statista melder at denne auken blir delvis knytt til «pandemien», der nedstengingar og «hald dykk heime-ordrar» fekk som konsekvens at folk – inkludert barn – heldt seg heime og levde livet på nettet i større grad enn tidlegare. Denne auka eksponeringa for nettet – og for ikkje å snakke om isolasjonen og uvissa som rådde med tanke på endelause nedstengingar og fryktporno frå media og styresmakter – kan ha gjort barna meir sårbare overfor kriminelle som var ute etter å manipulere ungane til å spele inn sitt eige seksuelle misbruk på kamera.

Barn skal ha blitt overtala av dei pedofile til å ta bilete av seg sjølv eller filme seg medan dei utførde seksuelle handlingar, dette utan at overgriparen var til stade i rommet. So skal desse bileta og videoane ha blitt lagt ut på nettet.

Auken i barneporno kan derimot ikkje berre tilskrivast «pandemien». Talet steig betydeleg lenge før. Som denne oversikta frå Statista (som baserer seg frå tal frå Internet Watch Foundation) viser, låg talet bekrefta URL-ar med barneporno i 2016 på 57 335. 2019-talet, 132 676, er om lag 2,3 gonger høgare. Den største auken fann stad mellom 2020 (153 369) og 2021 (252 194), då det både var nedstengingar og masseinjisering. Utifrå tala kan ein dermed konkludere at «pandemien» forsterka ein tendens som allereie låg der og ulma.

Det at barn blir manipulerte til å utføre seksuelle handlingar på seg sjølv, blir av Internet Watch Foundation hjarteskjerande nok definert som «sjølvgenerert seksuell mishandling». I 2022 utgjorde dette vel 78% av barnepornoinnhaldet. Dette tydar ikkje at dei ser på barna som aktive deltakarar som har delvis skuld. Dei er og blir offer for vondsinna utnytting av pedofile overgriparar. Gruppa har rett og slett ikkje funne eit betre ord for dette avskyelege konseptet, som for øvrig er godt anerkjent og godt forstått innan lov og rett.

Kommenter innlegget