Ungarsk tryggleiksekspert: «Åtak på Israel vil flytte amerikansk fokus vekk frå Ukraina»

ReMix News melder at den ungarske tryggleikseksperten György Nógrádi trur at Hamas sitt åtak i Israel kan få Washington til å flytte fokus vekk frå Kyiv (Kiev) og over på sin viktigaste allierte, Israel.

(Sjå òg «Amerikansk senator: ‘Alle midlar øyremerkt Ukraina skal straks overførast til Israel’», publisert 10.oktober 2023.)

Tryggleikseksperten, som er professor, sa dette i eit intervju med avisa Magyar Hírlap. Der påstod han òg at den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky sin administrasjon allereie har innsett faren for at Kiev kan misse meir støtte frå sine vestlege allierte no når situasjonen i Midtausten har eskalert.

Nógrádi sa (mi omsetjing):

«Israel er den viktigaste strategiske partneren til USA i regionen. Dette tydar at Ukraina vil bli devaluert endå meir, og Kyiv-leiarskapen har òg merka dette […].»

Mykhailo Podylak, rådgjevaren til Zelensky, har allereie gjeve russarane skulda for at konflikten på Gaza-stripa har blussa opp. Dette meiner Nógrádi er bullshit, og kor ofte bruker ein professor og tryggleiksekspert slikt eit uskolert ord?

«Kva som enn skjer, legg han alltid skulda på russarane for alt,» sa han. Han sa vidare:

«Ein dag før det palestinske åtaket kravde ukrainarane igjen Taurus-missila frå tyskarane, som dei ikkje fekk denne gong heller. Naturlegvis, no har merksemda til heile verda vendt seg mot Midtausten i løpet av éin dag, og dette tydar at det diplomatiske og militære manøvreringsrommet for russarane vil auke.»

Der går for tida rykte om at våpena som er meint for Ukraina, i staden kan ha gått til Hamas-terroristar. Til dette svarte Nógrádi at «alt er mogleg»:

«I våpenindustrien er alt og det motsette mogleg. Mykje våpen har forsvunne frå Ukraina sidan byrjinga på krigen. Dei har dukka opp i Midtausten, Belgia og Afrika sør for Sahara, so det er mogleg, og dette tydar at somme av våpena som er sendt til Ukraina blir stolne på same måte som midlar har blitt […].»

Åtaket til Hamas har ført til omfattande gjengjelding frå dei israelske forsvarsstyrkane (IDF). Nógrádi har åtvara om at muslimar som har innvandra til Vesten no driv og feirar åtaka, og det at det er so mange av dei i Vest-Europa vil bli problematisk og føre til sivil uro og splitting av kontinentet. Han seier vidare:

«Palestinarar og arabarar som bur i Vest-Europa har allereie trekt ut i gatene, sjå London og Berlin. Berre ein brøkdel av migrantane som kjem til Europa er i stand til å integrere seg. Dette er ikkje berre sant for arabarar, det er sant for svarte afrikanarar, asiatar, so godt som alle. Desse folka tek med seg ein mentalitet heimanfrå, som kjem frå desse områda og har djuptliggjande anti-israelisme, og vil følgje den same politikken i Europa […].»

Professor Nógrádi la til slutt til at EU burde ha halde innvandring frå desse områda under kontroll, men at dei etter slik ei tilstrøyming i seinare år diverre ikkje lenger er i stand til det.

Kommenter innlegget