Kva har Balfour-erklæringa med Israel-Palestina-konflikten å gjere?

Nettstaden 100percentfedup.com publiserte 11.oktober 2023 ein artikkel om eit tema som er høgaktuelt i våre dagar: Balfour-erklæringa (engelsk Balfour Declaration). No når konflikten mellom Israel og Palestina på nytt har blussa opp, er det på sin plass med ein aldri so liten historietime. Balfour-erklæringa var nemleg ei offentleg melding frå den britiske regjeringa i 1917 der dei erklærte støtta si til etableringa av ein eigen nasjonalstat for det jødiske folket i den dåverande ottomanske regionen Palestina. På den tida var jødane i eit absolutt mindretal i området.

Erklæringa stod i eit brev datert 2.november 1917 frå dåverande utanriksminister i Storbritannia Arthur Balfour. Brevet var adressert til ein viss Lord Rothschild, leiar i det britisk-jødiske samfunnet og involvert i Den sionistiske føderasjonen til Storbritannia og Irland. Erklæringa vart publisert i pressa ei veke seinare, 9.november 1917.

Erklæringa blir av mange israelittar sett på som eit viktig steg i opprettinga av staten Israel, men andre meiner i sin tur at erklæringa la grunnlaget for framtidige konfliktar i regionen. Dette har mildt sagt vist seg å stemme. I 2016 vart det kjent at den sokalla Palestinian Authority vurderte å saksøkje den britiske regjeringa på grunn av Balfour-erklæringa. Den palestinske utanriksministeren, Riyad al-Maliki, hevda at erklæringa «gav folk som ikkje høyrde heime der noko som ikkje var deira». Støttespelarar til Israel og Balfour-erklæringa fordømte dette søksmålet på det sterkaste.

Balfour-erklæringa kan lesast her. Her følgjer Saksyndig si omsetjing:

«Utanrikskontoret, 2.november 1917.

Kjære Lord Rothschild,

eg har mykje glede over å betru til deg, på vegner av Hans Majestets Regjering, følgjande sympatierklæring med jødisk-sionistiske framtidshåp som har blitt førelagt, og godkjent av, Kabinettet.

Hans Majestets Regjering ser i favør på etableringa i Palestina av ein nasjonal heim før det jødiske folk, og vil bruke sine beste krefter på å forenkle oppnåinga av dette målet, og det er klart forstått at ingenting skal bli gjort som kan vere til skade for dei sivile og religiøse rettane til eksisterande ikkje-jødiske samfunn i Palestina, eller rettane og den politiske statusen som jødar i andre land innehar.

Eg ville vere særs takksam om du sendte denne erklæringa vidare til Den sionistiske føderasjon.

Mvh,

Arthur James Balfour.»

Ut av dette dokumentet kan ein altso slå fast at Rotschild-familien var direkte involvert i opprettinga av staten Israel, og at dei konstante åtaka på palestinarar er i strid med Balfour-erklæringa («ingenting skal bli gjort som kan vere til skade for dei sivile og religiøse rettane til eksisterande ikkje-jødiske samfunn i Palestina»).

MAVERICK X skriv på X/Twitter (igjen Saksyndig si omsetjing):

«Israel vs Palestina er tilbake i hovudstraumsmedia igjen. Sanninga er at dei ønskjer at de skal velje side. Men dei vil ikkje at de skal vete at den same globale kulten orkestrerer begge sider av konflikten. Staten Israel er ein Rothschild-kreasjon, dei eig den og kontrollerer den og dei vil ha tilbake det dei ser på som sitt eige land frå palestinarane. Dette er ei bibelsk, politisk og oligarkisk kontrollert øydelegging av Palestina for å ta tilbake det som den sataniske kulten ser på som sitt eige land.»

Palestinarane, som har budd i området sidan oldtida, blir altso rekna som «framandelement» av ei gruppe som på alle måtar har invadert området, erklært det som sitt eige og teke seg skamlaust til rette.

Den tyskætta Rothschild-familien høyrer til ei uhyre mektig gruppe som mellom anna blir kalla khazar-jødar. Desse har opphav i Khazaria i dagens Ukraina og er dermed ikkje etniske jødar – og iallfall ikkje semittar. Som Preston James og Mike Harris skriv i Nyhetsspeilet-artikkelen «Den skjulte historien om Rotschild, Khazarmafia og jøder som ikke er jøder» (omsett av Sven-Inge Johansen):

«Til slutt infiltrerte den khazariske kongen og hans lille hoff Tyskland med en liten gruppe som valgte navnet ‘the Bauers’ [Bauer tydar «byggjar» på tysk]. De skulle representere dem og fortsette deres Ba’al-drevne system av ondskap. The Bauers of the Red Shield, som representerte deres hemmelige blodbaserte barneofre, endret navn til Rothschild […].»

Kommenter innlegget