Sjå òg «6000 innvandrarar på 24 timar: Den italienske øya Lampedusa erklærer unntakstilstand», publisert 15.september 2023.
Etter at 6000 innvandrarar nærast invaderte den vesle italienske øya Lampedusa nær det afrikanske fastlandet i september, har andre europeiske land med rette byrja å bekymre seg over denne innvandrarbølgja. ReMix News rapporterer at innbyggjarar i Paris har uttrykt sterk bekymring på grunn av dette, og dei fryktar til og med for sin eigen tryggleik.
Fleire innbyggjarar i det 18. arrondissement (bydel/distrikt i Paris og omeign), har i intervju med den franske kringkastaren CNews uttrykt bekymring for kva som vil skje dersom dei fleire titals tusen innvandrarane som kom seg over til Italia bestemmer seg for å reise vidare nordover til Frankrike og Paris. Innbyggjarane i arrondissementet seier at dei ikkje kjenner seg trygge, og at nyankomne innvandrarar allereie har skapt sivil uro og organisert kriminalitet mellom anna gjennom narkotikahandel.
Dei slåst og lagar problem, seier ein annan innbyggjar som føler seg skremt og intimidert av skarar av vaksne mannfolk som står og heng i nabolaget der ho bur.
Ikkje berre innbyggjarane uttrykkjer bekymring – det gjer òg lokalpolitikarar, som har gjeve klar beskjed om at dei ikkje likar degraderinga som ein ser i Paris-gatene for tida. Dei nyankomne ser ut til å etablere gettoar der dei lever som uteliggjarar. Dette skal kome av at sosialtenestene har blitt overvelda av alle innvandrarane.
Regionrådgjevar for Paris-bydelen Île-de-France i hjartet av byen, ein mann ved namn Pierre Liscia, seier (mi omsetjing):
«Du har jamlege slåstkampar, tilfelle av alkoholisme og narkotikaavhengigheit på dei offentlege vegane i desse nabolaga, og uheldigvis, nettverk av crack-seljarar som utnyttar tilstadeveringa til desse menneska.»
Andre folkevalde krev at strenge tiltak skal setjast i verk for å omplassere dei nyankomne frå gatene til tryggare fasilitetar, dette i eit forsøk på å rydde opp dei plaga nabolaga.
Paris-rådgjevar Pierre-Yves Bournazel har følgjande å seie:
«Eg krev ein større unntaksplan for nordaustlege Paris, for vi skuldar migrantane den verdigheita det er å få dei ut av gatene, og med det løyse problemet til lokale innbyggjarar som står i frontlinja for plagene og ulempene.»
For tida pågår det ein diskusjon i EU om asylreformer i eit forsøk på å hindre innvandrarar å kome seg inn i EU-blokka og reise kor dei ønskjer, ofte til meir velståande nasjonar. EU-migrasjonspakta vil sjå til at land er plikta til å ta imot sin del av nyankomne – og stå overfor bøter om dei ikkje lyder.
Ungarn og Polen har teke kraftig til motmæle mot desse planane – dei hevdar planane går utover deira nasjonale suverenitet. Dei fyrste forslaga vart nyleg vedtekne i Brüssel gjennom sokalla kvalifisert fleirtalsrøysting, trass motstand frå Budapest og Warszawa.
Den siste tida har Lampedusa blitt overfløymt av hordar av ulovlege innvandrarar, som har farta over frå det afrikanske fastlandet i småbåtar – og mange held fram å migrere nordover gjennom Italia og inn i Frankrike og Tyskland.
Den polske statsministeren Mateusz Morawiecki sa i høve eit uformelt toppmøte med EU-leiarar i spanske Granada i byrjinga av oktober, at polakkane ikkje ønskjer eit nytt Lampedusa i Polen. Han sa òg at regjeringa hans aldri kjem til å godta EU sitt asylforslag. Morawiecki meiner at ein no står overfor eit vendepunkt i korleis polsk suverenitet og grenser vil bli behandla. Han meiner opposisjonen (mellom anna EU-kommisjonen) ser på grenser som avleggs.
Og målet til eliten er jo nettopp ei verd utan grenser. Kva skal ein med grenser om der berre er eitt land og éi regjering i verda?
